Post-Punk, hardbarka metall og doomorgasme
Dette innlegget kjem noko seint, men når underteikna er i feriemodus går alt litt treigare. Betre seint enn aldri, ikkje sant? Helga 16-17 juni var eg i Oslo. blant anna for å møta Evig Lyttar -kollegaer, men også for å få med meg første dagen av Fysisk Fest på Blitz og konserten til ATTAN og Dwaal på Last Train.
Fredag 16. juni skulle eg overvære min aller første gig på Blitz nokon sinne - denne kvelden skulle Fysisk Format ha ein av sine to kveldar med FF-band i lineupen. Først ut var det heilt rykande ferske post-punk bandet Duvel. Eg var så heldig å få høyre singelen deira "Strange" før på kvelden (den kom ut i dag), så forventningane var høge - dette høyrtes ut som ein blanding av Joy Division, The Cure og The Smiths, altså ein miks som ikkje akkurat var å forakta. Stikkord frå gigen er som følgjer: 80-talsstemning, djup bass, svevande riff, eit heimsøkande, gjallande lydbilete og ein mørk, uredd vokal i front. Med dette i arsenalet tok dei tak i scena med makt. For meg var det som å bli dradd tilbake til Manchesters postpunk eksplosjon på 70/80-talet - spesielt når vokalisten gjekk bananas og rulla rundt på golvet. Duvel hadde ei setliste full av solide låter, som eg verkeleg gledar meg til å høyre på plate. Dette bandet bør du definitivt følgje med på!
Det neste bandet eg må trekkje fram frå denne kvelden lyt bli Timeworn. Etter at eg skreiv melding av deira nyaste plate Venomous High har eg verkeleg higa etter å sjå denne gjengen live - og dei skuffa så absolutt ikkje. For eit tight band, og for nokre låtar! Salen var dessverre ikkje fullsatt, men bandet gjorde sitt beste, sjølv om dei kanskje kunne ha bevega seg litt meir. Vokalen var på topp og gitarane var akkurat slik dei skulle vere. Favoritten min var sjølvsagt "Measure Of Gold", med sitt fantastiske parti på slutten av låta som ga meg gåsehud heilt ut i skjeggtuppane. Det kjipe med denne konserten var eigentleg reinvokalen - som til tider hadde alt for mykje skurr i seg.
Så kjem me til det som skulle visa seg å bli høgdepunktet for meg denne helga - eit utsolgt show med ATTAN og Dwaal på Last Train. Heilt sidan eg høyrte Dwaal for første gong har eg klødd etter å sjå dei live - etter mi meining er EPen deira noko av det beste frå 2017 - kanskje heilt oppe i topp 5. Doom er ein vanskeleg sjanger å halda interessant - spesielt med så lange låtar, så det var definitivt spennande å stå klar når dei tok scena. Frå første note blei det heilt klinkande klart at dette bandet ikkje berre rockar i studio, dei sparkar rompe live også. Fytti grisen så reint, brutalt og deilig! Eg stod eigentleg ganske mållaus gjennom heile konserten, det var som å bli sendt inn i eit mørkt, seigt univers fullt av demonar, hekser og andre skumle saker. Tusen takk Dwaal!
Hovudattraksjonen denne kvelden var ATTAN, men eg må innrømma at eg var usikker på om dei klarte å toppa doomorgasmen Dwaal serverte meg på gullfat før på kvelden. Dei som har sett ATTAN før veit at dei pleier å gi alt gjennom heile showet, og det var ikkje noko forskjell denne kvelden. Vokalist Remi Semshaug Langseth var oppi taket, nedpå golvet og over alt i publikum - på ei lita scene som Last Train var det ein rein glede å sjå han kasta seg rundt som ei filledukke til bandets kjappe, aggressive notar mens han framleis klarte å halda vokalen på topp. I tillegg må eg seia at det var ein rein fryd å sjå min eminente Evig Lyttar-kollega Fritz-Ragnvald Rimala Pettersen klikka som eit villdyr på scena - slåande i veggen og skrikande som ein skada bjørn. For ein naturkraft!
Eg gløymte heilt å ta bilete av Dwaal, men dei som følg Evig Lyttar på instagram fekk vel nokre videoklipp servert i mystoryen. Det var kult å oppleva ein miks av seig, djup doom og kjappe, aggressive, intense greier - absolutt noko eg gjerne kan oppleva fleire gonger.
Bra helg altså!
-Patrick Fardal