Pur Puré gir deg søte draumar med sin nyaste musikkvideo
Pur Puré er ein relativ fersk duo frå Stavanger. Med ein utgivelse bak seg, EPen Sweet Dreams, har dei allereie funne ut kor dei ligg i dette gigantiske, fantastiske musikalske universet me er så heldige å leva i. For å forklara sjangeren og lydbilete deira på ein noko lunde grei måte kan eg seie dette: Tenk deg at Dinosaur Jr. Og Sonic Youth gjekk saman og fekk ein liten kid. Denne EPen er produktet av ein slik affære. I tillegg kan me seie at Tom Delonge og Angels & Airwaves kom inn i bildet og laga full ståhei og trekantdrama. Rettsak og mykje styr skjedde, men alt endte godt.
I dag skal du få sjå ein rykande fersk musikkvideo frå desse karane, men me lar dei fortelle litt om den sjølv først:
“Sweet Dreams er tittelsporet på EP’en vår som vi slapp i mai. Låten handler om at man føler noe for noen, men ikke gjør noe med det og det holder seg til drømmene. Musikkvideoen ble til ved at vi skulle ut og lage noen testklipp til videoen og endte opp med noen veldig kule klipp. Stian og en klipper klippet sammen det vi hadde laget, og det endte opp med en video som vi syntes passet godt til sangen. Den fikk også frem energien som vi legger fokus på i låtene og liveshowene våre.”
Kos deg! Videoen finn du sjølvsagt nedanfor.
-Patrick Fardal