Skitten blues og slagkraftig rock med Quarter Wolf
Det osar umiddelbart av sterke bluesrøter når «F.A.C» kjem hoppande ut av høgtalarane. Denne eitt minutt lange salutten av eitt åpningspor er den einaste advarselen du får om kva som er i ferd med å slå deg i trynet. Back To Sykkylven er Quarter Wolfs nyaste EP, og som du sikkert har skjønt er dette musikk med skikkeleg slagkraft.
Det er i alle fall ingen tvil om at desse folka har årene fulle av allslags skitten blues og rock. Eg dreg straks kjensel på det karakteristiske slidegitar kvinet som startar heile plata, det luktar White Stripes. Og Clutch. Lista er lang, men det er ikkje poenget. Sjølv om det er nokså tydeleg kva inspirasjonskjelder dei har, får Quarter Wolf gjort det til sitt eige på denne EPen.
Bandet er riktignok berre ein duo, men har på ingen måte trøbbel med å fylle lydbilete sitt åleine. Kanskje er det den varierte spelestilen deira som maskerer fråveret av bass og andre instrument i låtane deira, det har eigentleg ikkje så mykje å seie. Det fungerar. Det fungerar faktisk så inderlig bra. Duo-konseptet gir dei mykje tid til å leike seg og eksperimentere, i tillegg til at det skapar større pusterom i låtane.
Tittelsporet er ei riktig oppfinnsom låt med eit vers som heng stille i lufta før det trykkjer til for full kraft. Mitt absolutt favoritt augneblink på plata er det frekke riffet som dukkar opp rundt halvvegs i låta «Kochaine». Samstundes kjem trommene inn med ein heilt febrilsk fengjande groove. Ikkje lett å sitte stille under denne låta. Det energiske samspelet dei eig seg imellom er sjølve ryggraden i musikken deira, noko som gjer kvaliteten på både låtskrivinga og lyden heilt topp. Fleksible trommer og deilige riff vekslast om kvarandre, og alt smeltast saman til ein rå blanding av både laussluppen rockabilly, punk, og rein blues. Rockefest utan like, med andre ord.
Quarter Wolf har bevist at dei kan lage blues med skikkeleg ballar. Back To Sykkylven er kanskje litt kort, men eg tykkjer det er ein mindre bagatell når låtane har ein så høg intensitet. Dette er definitivt noko eg vil høyre meir av! Dersom du også er gira får du sjansen no i sommar, då dei speler på BUKTA 21. Juli. Køyr festival!
7/10 TRYNER
-Jarand Aga Baas