Utanomjordisk jam med Black Moon Circle
Eg tykkjer alltid det er særs utfordrande å skulle skriva om psykedelisk space rock. Låtane er lange og ofte jam-baserte, og det er få av dei. Men eg har lenge vore interessert i norske Black Moon Circle, så eg gjer eit solid forsøk.
Med ein gong du let augene dine rulle over coveret til denne plata veit du litt kva det går i. Dette er eit lydlandskap som er plassert langt oppi verdsrommet, der stjernene rår og ingen kan høyra deg skrika. Det er mørkt, kaldt og forferdeleg skummelt til tider, men Black Moon Circle sine tonar gjer det heile litt tryggare, litt varmare.
"Barnard´s Loop" er ei av to låtar på denne plata, men frykt ikkje - den varar i 23 minutt, så øyrene dine får nok å ta tak i. Riffa kan nok dra seg ut i det uendelege og opplevast likt, men det er jo ein del av sjangeren. Det som er kult med denne låta er riffa og trommene som konstant klaskar deg i trynet blanda med nokre intense synthlydar her og der - det opplevast litt som ei lydbasert reise. I tillegg krydrar råfeite gitareffektar og soloar det heile nokre solide hakk opp, så du kjem ikkje til å kjeda deg meir enn naudsynt.
"Waves" er heile 3 minutt lengre enn første låta og opplevast som eit totalt, deilig kaos. Her har du mange ting som skjer på ein gong! Bass soloar, gitarskills, trommer som klikkar og synth som herjar øyregangane dine i eit virvar av lydar og kjensler. Sjølv om eg blir litt stressa av det heile så gir det meg noko eg set pris på. Det som er så kult med denne låta er at etter kaoset og virvaret blir det heile kutta ned til noko meir intimt - der du kan slappa av og berre lukka augene. Bassen er i sentrum her, og det veit du at eg set pris på.
Til tross for at dette er noko gjentakande, noko langdrege, og noko lite interessant til tider er dette så absolutt spennande. Eg vonar at Flowing into the 3rd Dimension hadde passa dødsbra på platespelaren min, og det hadde nok også gjort seg å høyre dei live. Eg vil råda deg til å sjekka ut denne om du treng å flykta frå verkelegheita!
6/10 TRYNER
-Patrick Fardal