KVEL ´EM ALL - Kvelertak Spesial - Del 3
No har me omsider kome til del tre i det eg faktisk vil kalla eit beist av ein artikkelserie. Ikkje like mykje beist som Kvelertak sjølv då, det skal seiast - men me skal i alle fall gjere vårt beste. Det fins vel ikkje eit fnugg av tvil om at dette bandet har betydd ein god del for samtlege i redaksjonen, så eg vil berre seie at det har vore ein fryd å jobba med dette!
I del tre har me lova deg at du skulle få høyre frå bandet sjølv, og det skal du få, så til dei grader. Erlend, Bjarte og Vidar frå bandet har svart på ein handfull saftige spørsmål og sendt oss nokre unike bilete frå bandets historie, fleire av dei har du nok ikkje sett frå før. Heilt nederst i saka vil du finna ei liste over topp 5 Kvelertak-minner, samla saman av gitarist Vidar Landa. Dette blei faktisk meir ein slags minibiografi enn ein artikkel!
Før me går over til sjølve reportasjen stilte eg bandet spørsmål som omhandla deira betydning for undergrunnen. Vidar Landa og Bjarte Lund Rolland tok på seg rolla som talerøyr:
Evig Lyttar tykkjer at de, uavhengig av suksessen og køyret de har hatt i alle desse åra, framleis er både jordnære og viktige for norsk undergrunn. Kva tenkjer de sjølv om den norske undergrunnen, og er dette noko de har ein bevisst haldning til? Om så, kvifor er det viktig for dykk å dra den med dykk?
"Det er ofte i undergrunnen de spennende nye tingene skjer. Jeg har ikke noe bevisst forhold til det, men alle som spiller rock og beslektede sjangre er jo en del av den, eller har vært en del av den. Da vi startet var det Myspace vi brukte for å komme i kontakt med andre band for utveksle demoer og fikse gigger. Der kom vi i kontakt med Haust blant annet som vi var fans av, og Ruben Willem derfra hjalp oss å spille inn noen av de første demoene (etter Westcoast Holocaust). Sånn var det også med Ryan fra Trap Them som synger et vers på "Offernatt" og det samme med Kurt Ballou. Jeg mener det er en egen og veldig sunn mentalitet i punkrock/hardcore/metal miljøene hvor det er vanlig å holde øyne og ører åpne for nye band og hjelpe hverandre ut uavhengig av størrelse på bandet. Jeg vet ikke helt hvor skillene går for hva som er undergrunn eller ikke, men det kommer hele tiden frem nye bra band i Norge og vi har alltid syntes det har vært kult å dra andre band med oss ut og rundt omkring. Det var sånn vi selv kom oss ut, og fortsatt kommer oss ut. Dessuten er det som regel enormt hyggelige folk. Nå i sommer hadde vi med oss SIBIIR som er et ganske uskrevet blad i Europa. Men det gikk rett hjem hos vårt publikum. Og jeg tror publikum setter pris på det at band de liker tar med seg andre band de/vi mener du burde like. Sånt sett er det ikke så viktig at det er «undergrunn», det må bare være bra. Ser jo nå på lista over band vi har hatt med oss og band som er på radaren at mye kommer fra Fysisk Format. Kristian Kallevik var faktisk den første som viste interesse for Kvelertak også. Lenge før alle andre." - Vidar Landa
"Det skulle berre mangle. Det er jo ganske kult at me i det heile tatt har muligheit til å ha med band på turné, etter å ha meir eller mindre bygd ei karriere på å turnere og varme opp for alt mulig me har fått tilbod om, så kan me endelig gjengjelde tenesta til andre band. I dei aller fleste tilfelle skjer turnear fordi folk er kule og vil ha med kjekke band som spelar bra musikk, akkurat som banda me er så heldige å få ha med oss etterkvart. Me er sjukt glade for at me får velje oppvarmingsband, og då skulle det berre mangle at me tar med norske band når me kan. Mest av alt handlar det om å prøve å ha med bra folk som spelar bra musikk, uansett kvar dei kjem frå." -Bjarte Lund Rolland
Kvelertak tek form
Kvelertak slik som me kjenner dei i dag blei først starta i 2006, då vokalist Erlend Hjelvik og gitarist/låtskrivar Bjarte Lund Rolland budde i kollektiv saman i Stavanger. Hjelvik hadde i følgje Rolland eit sterkt behov for å ropa og skrika om frustrerande ting og norrøn mytologi, mens han sjølv hadde lyst til å spele hardt på trommer. Marvin Nygaard og Bjarte hadde gått på Jæren Folkehøgskule saman, så når alle tre hadde flytta til Stavanger starta dei umiddelbart å spele ilag, med Nygaard på bass, Thomas Rantaniitty og etterkvart Ståle Andreassen på gitar. Rolland sjølv spelte litt gitar av og til for å visa riffa sine, mens Nygaard viste seg å meistre å spele like hardt på trommer. Instrument blei bytta og Vidar Landa, som hadde spelt i eit hardcoreband med Nygaard frå før blei med på bass.
Rolland seier vidare at Kvelertak aldri var eit hovudfokus for nokon av dei. Alle hadde andre prosjekt, og han hadde eit streitare, pop-orientert band som stod i fokus. Derfor blei Kvelertak eit band dei ikkje tok kjempealvorleg, noko som kunne koma til uttrykk i livesamanheng:
Det var først når karane byrja å jobba skikkeleg med demoar at det gjekk opp for dei at dette kunne ha noko føre seg musikalsk også. Rolland fortel at den inderlege trongen til å laga fengjande pop-musikk meir eller mindre ubevisst blanda seg med behovet for å laga hard rockemusikk. Dette resulterte i musikk med tidvis krasse motsetnadar sjangermessig, som av ein eller anna grunn fungerte når dei sat seg ned for jobba med det som demo.
Utskiftingar blei gjort, Landa gjekk over på sitt eigentlege instrument som var gitar, medan Nygaard gjekk over på bass. Kjetil Gjermundrød kom inn på trommer i 2008, og satte umiddelbart ein ny standard for bandet. Rolland kan fortelje at Gjermundrød er den einaste virtuosen i bandet, og at det kjentes ut som "perler for svin" i byrjinga. Dette førte til at resten av bandet måtte skjerpa seg skikkeleg, noko som gjorde at dei blei eit heilt ugjenkjenneleg band etter det. Vidare poengterer Rolland at Kvelertak mest sannsynleg ikkje hadde eksistert som band viss det ikkje var for Kjetil, det var blant anna han som meldte dei på by:Larm i 2009. Maciek Ofstad blei den siste ingrediensen for å gjere bandet komplett - han kunne alle låtane frå første øving og løfta i følgje Rolland gitar-rekka betrakteleg med teknikk og "tightness". I tillegg var han, som dei fleste andre i bandet, klin kokos og passa godt inn.
Skriking i skjul av rautande kyr, blodige fingrar og ein kollektivkonsert
Nokre vokalistar har ein betre historie på korleis dei lærte seg å synga eller skrika enn andre, og Erlend Hjelvik er ingen unntak. Han seier at han høyrte på mykje nu-metal i 14-15 års alderen og lærte seg å skrika når han jobba som avløysar:
Der Hjelvik i si tid stod og gaula i skjul av rautande kyr for å forma vokalen sin måtte også Rolland gjere seg vant med å meir eller mindre motvillig spele gitar i bandet. Han endte opp med å spela utan plekter rett og slett fordi det var mykje enklare for han, sidan han var vant med nylonstrengaren til mor si. Når han brukte plekter dei første øvingane var det ikkje det det same, han kunne ikkje hamra laus på den slik som han var vant med. Rolland fortel vidare at Kurt Ballou, produsent på dei to første platene, prøvde å plassera eit plekter i handa hans under innspelinga av debuten:
Rolland blei meir og meir komfortabel med denne spelestilen. For han var det ei energi-utblåsning, som nesten kunne måla seg med å spele trommer (instrumentet han starta med i bandet). Han likte kor øydelagde fingrane hans vart etterpå, akkurat som vannblemmar frå trommestikkene etter ein konsert. Men det skulle kjapt visa seg at det Rolland sjølv kallar "denne håplause, pretensiøse romantiseringa over val av plekterbruk" skulle bli eit problem når dei skulle legge ut på lengre turnear, gjerne med 30-40 konsertar og ein gig kvar dag:
Før dei blodige fingrane, heilt tilbake i 2007, var det klart for Kvelertaks aller første konsert (som du kan sjå bilete av heilt øverst i saka), dette med litt andre medlemmar enn bandet består av i dag. Den blei spelt i kollektivet til Hjelvik og Rolland, i høve ein sjukepleiarfest ein finsk kompis av dei skulle ha. Kvelertak skulle vere husbandet (dette kan du også lesa meir om i topp 5 minner nederst);
Når du samanliknar "takraset" i 2007 med det som er Kvelertak i dag, kan det bli kjekt å få vita når det gjekk opp for bandet at dette kunne bli ein suksesshistorie. For Rolland var det på By:larm i 2009 det gjekk opp for samlege at merksemda rundt bandet steig kjapt:
Ugler, Shuba-Shuba vokal og norske tekstar til eit internasjonalt publikum
Kvelertak har i lengre tid nytta ugla som maskot og sceneantrekk i form av ulike masker for frontmann Hjelvik. Den kom først i bruk då bandet trengte eit cover til demosamlinga deira "Westcoast Holocaust". I følgje Hjelvik var det Marvin Nygaard (først trommis, no bassist) som foreslo at dei skulle ha ei ugle på coveret. Ikkje lenge etterpå hadde Bjarte Rolland coveret med eit bilde som han fikla med i photoshop. Det kan også nemnast at uglemaska har utvikla seg ein god del sidan den første utgåva (som du kan sjå i biletet over her). I dag nyttar vokalisten ei ganske spesiell maske som lysar og heile pakka (biletet nedanfor).
Det som også er unikt med nettopp dette bandet er språket dei syng på, i alle fall om ein tek fansen med i bilete. Tekstane til Kvelertak er utelukkande på norsk, med nokre minimale unntak på førsteplata. I spørsmålet om korleis det er å gjere det slik svarar Hjelvik følgjande:
Saman med tekstane må det også naudsynlegvis vere musikk og låtskriving. Rolland kan fortelje at måten bandet har jobba med materiale på har endra seg gjennom åra:
Med tre solide plater ute og fleire "slagers" i lomma blir det også interessant å spørje om låtskrivar Rolland kan fortelje litt om skribentens tre favorittar, "Kvelertak", "1985" og "Ulvetid".
No er det altså snart dags for å ta desse låtane og mange fleir med seg på turneen med Metallica. Det er to gira personar som svarar meg når eg spør dei om kva dei tenkjer om det som snart skal skje. Rolland kan blant anna fortelje at han byrja å kjenne panikken koma snikande for kort tid sidan, når bandet var på øving og skulle laga setliste til turneen, nærmare bestemt når dei plotta "snakking, takke Metallica" inn i settet. Hjelvik på si side "gledar seg som bare juling" og trur det blir både kjekt og lærerikt. Han poengterer at det heile kjem til å bli litt schizofrent, med tanke på forskjellen mellom klubbshows og svære arenakonserter, men han seier også at dei har blitt vant til det etter mange festivalturnear i lomma. Han legg heller ikkje skjul på at det blir stas å sjå Metallica fleire gonger!
Dette er svære saker som kjem til å senda Kvelertak fleire hakk oppover på verdsscena, men det kjem og til å bety mykje for Noreg som musikknasjon.
Før me går over til topp 5 minner stilte eg Erlend nokre ekstraspørsmål som du kan lesa her:
Kan du beskriva ein god dag på jobben med Kvelertak?
Ja, ein god dag på jobben med Kvelertak er når me spele ein plass som har alt på stell. God mat, god backstage, god scene, etc. Då blir som regel gigen god og. Ellers synes eg det er veldig kjekt når me får oppleva nye land og byer.
Kva er den beste og den verste gigen du har spelt med bandet?
Kan bare snakke for meg sjøl her, men den verste gigen eg har spelt var vel ein plass i Sveits for noken år siden. Eg var megafull og klarte såvidt å stå oppreist på scenen eller synga. Unnskyld til dei som var der.
Den beste gigen er litt vanskelig å velge, men eg tror Roskilde i 2016 kommer høgt opp på lista. Publikum var elektrisk og me hadde pyro og full pakke. Det var ein veldig bra gig som blei belønna med terningkast 6 i Roskilde-avisen. Det kjentes bra ut siden me blei slakta då me spelte der som demoband i 2009.
Har du ein historie om Kvelertak du ikkje har fortalt frå før som du kunne tenkje deg å fortelle litt om her?
Vanskelig spørsmål det der! Dei kulaste tingene like me jo å snakka om i intervju, så eg har vel ikkje så masse juicy historier ellers. Kan jo fortelle at bandet egentlig skulle hete "Kvelartak" og ikkje "Kvelertak". Me klarte å skrive det feil då me skulle lage Myspace side back in the day, så då blei det "Kvelertak" som blei navnet.
Frå Kvelartak til Kvelertak - her er 5 knallfine minner frå Vidar Landa sitt perspektiv:
1.
Første konserten Kvelertak spilte var i kollektivet til Bjarte, Erlend og Marvin i Stokkaveien 56 i Stavanger i 2007. En i kollektivet skulle ha fest for folkene han studerte med og ville ha Kvelertak som husband. På dette tidspunktet spilte jeg bass, Marvin trommer, og Bjarte og Jan Thomas Rantanlitty gitar. Erlend skrek. Jeg husket så vidt de 5-6 sangene vi spilte eller kunne skille mellom dem, i tillegg var vi ganske fulle. På toppen av studentene inviterte vi alle vi kjente til å komme å se oss hjemme i vår egen i stue. Musikalsk var det nok et takras av dimensjoner, men fy faen så gøy det var å spille med en gjeng som gikk totalt bananas fra første powerchord. Midtveis ante jeg ikke hva jeg holdt på med så jeg bare skrudde ned bassen og rocka ut. Erlend kledde seg naken, som han ofte gjorde på den tiden, og det er sånn ca det jeg husker fra den kvelden. Det var vel ingen som så for seg seg en lysende fremtid for Kvelertak etter den giggen, men vi hadde det sykt gøy og syntes selv vi var et rått liveband om ikke annet.
2.
Da vi skulle spille inn debutplata vår reiste vi til Kurt Ballou (Converge) sitt God City Studio i Salem like utenfor Boston. Vi leide et hus i Rockport, en liten kystby 45 min unna studioet, som viste seg å hovedsakelig være bebodd om sommeren. Vi var der i januar. Der var det ingenting som skjedde, og det vi sparte på å bo der brukte vi fort opp på bensinpenger ved å kjøre tur-retur Salem halvannen time totalt hver dag. Men det ga oss virkelig ro til å fokusere på plata, og selv om vi holdt på å gå på veggene og hverandre etter fem uker ser vi alle tilbake på det nå med gode minner. Og den plata ble jo ganske bra. Det studiooppholdet er i overkant godt dokumentert på Youtube fra oss så de som vil se/høre mer kan ta en titt på Youtube kanalen vår.
3.
Det aller meste av de 5-6 årene etter debutplata kom ut tilbrakte vi på veien, og til tider er det vanskelig å skille de forskjellige turneene i fra hverandre for det gikk sånn i ett. Den første Europa turneen vi dro på var sammen med Converge, Kylesa og Gaza. Vi var første band ut hver kveld og spilte som regel en halvtime etter dørene åpnet. Det var ganske overraskende å se hvor veloppdratt og interessert konsertgjengerne nedover kontinentet var. Vi hadde forberedt oss på å spille for tomme saler som første band av 4, men det var alltid mye folk på plass tidlig og vi solgte mye merch og plater hver kveld. Resten av turnéfølget reiste i buss, mens vi kjørte rundt i bookingagenten vår sin Vivaro stappet full av utstyr og merch, med to skibokser på taket. I 6 uker kjørte vi på kryss og tvers av Europa med gig hver dag. Reiseruta var lagt opp til å kjøre nightliner, noe som gjorde at vi som kjørte i en van uten soveplass stort sett måtte kjøre hele tiden (red.anm. Bandbuss lagt opp til å frakte band, utstyr og crew mellom byar og konsertar). Loade inn, spille, pakke ned, kjøre, stoppe et sted midt på natta, sove 4-5 timer hvis vi var heldige, kjøre videre, komme fram så vidt i tide, loade inn, spille, kjøre igjen. Det var utrolig gøy og enormt inspirerende å reise rundt med et band som Converge. Den turneen formet oss mye som band, både som liveband, men også bandmentaliteten; jobb hardt og vær kompromissløs.
4.
Husker veldig godt da vi spilte på Slims i San Fransisco på en av de første headliner turneene vi gjorde i USA. Det var her både kronprinsparet og James Hetfield dukket opp på samme konsert. Vi hadde med oss Cancer Bats som support på den turneen. På dette tidspunktet hadde trommis Kjetil måttet reise hjem med senebetennelse og Jay Weinberg (nå trommis i Slipknot) var vikar. Til tross for at Kjetil måtte gi seg halvveis var det en veldig vellykket turne. Det var ganske surrealistisk å se Hetfield og kronprinsparet på første rad på en norsk metal gig i SF. Samtidig sprang Rob Flynn fra Machine Head rundt og var hobbyfotograf i kulissene. Hetfield kom og hilste på etterpå. Senere inviterte Metallica oss med som support på noen konserter i 2015, og nå skal vi altså spille Europa rundt med dem i nesten ett år.
5.
Etter å ha reist verden rundt med "Meir" i 2,5 år var vi ganske slitne og det var deilig å få en liten pause. Planen var å bruke det neste året på å skrive "Nattesferd", men så dukket Slayer opp og ville ha oss med på turne og det kunne vi rett og slett ikke si nei til. Så mye for den pausen. Selv om det var en veldig kul turné var det deilig å komme hjem og endelig kunne begynne arbeidet med en ny plate. Vi bestemte oss ganske tidlig i prosessen for at vi ville spille inn live og produsere selv. Det er et ganske stort steg å gå fra Kurt Ballou sin stødige hånd til å ha seks individer som skal ta kreative og lydmessige avgjørelser sammen. Heldigvis dro vi alle i samme retning, med god hjelp av Nick Terry bak spakene. Det var utrolig gøy å få gjøre det vi liker aller best, spille live, i et studio. Vi brukte enormt mye tid sammen i øvingslokalet og det var første gang vi jammet ut låter. Til tider var det en ganske langdryg og slitsom prosess. Desto større var gleden de gangene ting løsnet og låter vi alle digget begynte å bli ferdige. Det var veldig «back to basic», et band som lager låter sammen i øvingslokalet og spiller inn live i et studio i nabolaget. Jeg synes vi tok noen ganske modige valg med 3. platen vår og det var veldig gøy å se mottakelsen den fikk. Vi synes at det er den beste platen vi har laget til nå og det var det heldigvis andre som mente også.
Då var me kome til vegs ende folkens! Men fortvil ikkje, me har ein feiande flott konkurranse i samarbeid med sjølvaste Volcom som me kjem til å annonsera om nokre dagar, så det er berre å følgje med på Evig Lyttar sin Facebook.
Tusen takk til karane i Kvelertak for bidraget til denne saka! Eg føler me har fått til noko heilt unikt, og eg er uhorveleg stolt. Eg ynskjer bandet lukke til med denne fantastiske turneen! Blodfan for alltid.
Sjekk også ut den unike bildeserien Vidar Landa sendte inn under her:
-Patrick Fardal
-Fritz-Ragnvald Rimala Pettersen (idémyldring, sponsor, research)