Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Foto: Leiv Martin Green

Foto: Leiv Martin Green

Knallhard og forbanna punk frå Stavanger

August 05, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Låtpremiere

Ein av dei tinga eg hugsar best frå den siste tida mi i Bergen var når Apollon hadde konserter i bakgården ein nydeleg vårdag. Dei som skilte seg ut den dagen var bergenske Tirades og Brekkjern frå Stavanger. Sistnemnte tok meg med storm. Ikkje nødvendigvis fordi det var det beste eg hadde sett, men fordi 3 store karar og ein litt mindre trommis i 7 Fjell tskjorter stabla seg opp på scena og ga meg eit kick så det sang i mellomgolvet. Sintare greier skal du leite lenge etter! Eg kan framleis hugsa blikket frå vokalisten som etsa gjennom sjela mi...

No er bandet inne i sitt sjuande år, og dei har trimma medlemmane frå 4 til 3, som du kan sjå på bilete over. Dei har i tillegg forandra lydbiletet denne gongen, då vokalist Kato Austrått har teke bassen og vokalpliktar har blitt delt mellom alle tre. Meir primitivt får du det altså ikkje.

I dag blir dei annonsert til fantastiske Tunghørt 2017, og slepp i det høvet ei rykande fersk låt gjennom Evig Lyttar, "Angst". (Eg treng vel ikkje å seie kor viktig det er at du tek turen på denne festivalen? Noregs beste undegrunnsfestival? Sjekk ut facebooksida deira)

Sjølv seier bandet dette om låta:

“Angst er et direkte resultatet av denne omstillingen innad i bandet den siste tiden. Alle medlemmer er med i skriveprosessen, og dette resulterer i et bedre og råere produkt enn før.”
— Brekkjern

Enough said! Klar for litt hardbarka punk? Sjekk ut låta nedanfor:

-Patrick Fardal

August 05, 2017 /Patrick Fardal
Brekkjern, Angst, Låtpremiere, Norsk Undergrunn, Norsk Musikk, Hardcore, Punk, Stavanger
Framside, Låtpremiere
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!