JON OLAV vil laga folkebevegelse
Kva får du når du puttar ein digg Mikhael Paskalev-aktig vokal, ein politisk lada tekst og eit skikkeleg oppløftande lydbilete i ein bolle og rører alt saman? Jau, du får JON OLAV. Dette er ein rykande fersk artist som blant anna har fått høyre lovord frå den tidlegare manageren til Depeche Mode, Daryl Bamonte.
I måro debuterer JON OLAV med låta "Hei Erna", men du kan få høyra den her hjå oss først! Spenstig tekst, som eg tykkjer du bør få med deg.
-Patrick Fardal