Instrumental nakkesleng med Grant The Sun
Instrumental metal-ish musikk ja. Dette er definitivt metall, og det er definitivt instrumentalt. Harde riff, kraftige trommer og mørke soloparti gjer dette til noko spennande det eigentleg ikkje finst så mykje av frå før, iallefall ikkje som eg har høyrt.
Det er nok dei to første låtane, "haben sie angst" og "fru blodøks" som fengjar meg aller mest på denne plata, i tillegg til den nest siste, "sound of music". Du får servert nokre solide, feite riff på denne plata, og instrumenta sit som fot i hose produksjonsmessig. Av ein eller anna grunn får eg føre meg at denne plata kunne ha funka perfekt til trening! Blod, svette, tårer og Grant The Sun. Det går jo kjapt i svingane her, og det er akkurat nok brutalt til at du løfter vekter aggressivt, men ikkje så brutalt at du blir frista til å kasta dei i fjeset på sidemann. Eventuelt så kjem du til å sykla ganske kjapt om du fyrer dette på øyra dine - då står du ikkje i fare for å skada nokon.
Det er eigentleg ikkje så mykje meir å seie om denne EPen. Låtane smeltar godt inn i kvarandre, sidan det ikkje er noko vokal, men eg tykkjer eigentleg ikkje det er så nøye. Vanlegvis likar eg å ha vokal på plass, men her har låtane blitt så godt satt saman at det ikkje blir kjedeleg. Det er ikkje ei plate eg kjem til å høyre ihjel då, det skal seiast - men det er berre smak og behag.
6/10 TRYNER!
-Patrick Fardal