Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
17883872_1406973102694246_4447545963302216644_n.jpg

Ei omstendeleg og noko tam affære

September 27, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Trønderske Undertakers har vore aktive i fleire år og i sommar kom dei ut med den sjølvtitulerte debutplata si. Sjølv beskriv dei musikken sin som ein miks av rock og punk, noko som i seg sjølv lovar godt. Undertakers leverer riff på riff på debuten sin, men dessverre vert det heile ei omstendeleg og noko tam affære.

Desse ni låtane er absolutt istand til å skape liv og røre i kvar ei rockebule. Men på plate opplevast det ikkje fullt så feitt, mykje på grunn av både lydkvalitet og låtskriving. brorparten av materialet består av tradisjonelle riff svøpt i skarp vreng, tjukk bassgitar, og ein noko fantasilaus tromming i bakgrunnen. Eg likar ordentlege rockelåtar, men i lengda vert denne formelen fort utdatert nettopp fordi eg har høyrt det før.

Frå starten av opplevast det heile litt tynt og forhasta. Tekstane klarar å underhalde til ei viss grad men dei forsvarar ikkje den einsformige instrumenteringa. Det dukkar opp referansar til tidleg punk og trash på heile plata, med det er få nemneverdige augneblink å bite seg merke i.   «Whiskey River» & «Your God Won’t Keep You Alive» er blant dei sterkare låtane takka være dynamikken og variasjonen, og desse står igjen som lyspunkt på ei elles litt tørr plate.

Nest siste spor «When All Else Fails» vert eit desperat forsøk på å skape ein brytning i lydbilete i form av ein akustisk intro, men det er kun snakk om minutt før Undertakers er tilbake til sitt gamle uttrykk igjen.

Utan noko særleg spenningskurve eller variasjon opplevast denne debuten beklageleg vis som eit litt lunka måltid. Som nemnt over har eg trua på at det funkar live, i mykje større grad enn på plate.

3/10 TRYNER

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Bass

September 27, 2017 /Jarand Aga Baas
Undertakers, S/T, Punk, Rock, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!