Blåmerker, hjarteåtak og rein ekstase
Tunghørt! Hadde eg ikkje flytta til denne vakre byen før årets festival så hadde eg garantert pakka snippeska og flytta på dagen. Det er andre gongen eg har vore med på denne festivalen, og det har kjapt blitt eit av årets største høgdepunkt. Det er litt som julafta, påsken, Halloween og alle dei beste årstidene knust saman til to råfeite dagar. Stavanger hadde ikkje vore det same utan Tunghørt, og Tunghørt hadde ikkje eksistert utan Siloen Booking. Nettopp derfor synst eg du skal gi dei ein solid applaus, anten du les dette offentleg på bussen eller i di eiga stove. Reis deg opp og klapp! Gi dei ein saftig like på Facebook også, då får du følgje med på kva anna kjekt dei har planlagt utover.
Det skjer noko spesielt når denne 2-dagars festivalen brakar laus – for det første møter du nye, likesinna folk som blir dine venner, for det andre står du i fare for å få hjartefeil når ein av dine gode kompisar frå Bergen overraskar deg med å berre plutseleg dukke opp på venuen (takk Remi). I tillegg så er det utruleg kjekt å sjå at innsatsen Siloen Booking legg bak denne festivalen blir satt pris på! Publikum koste seg, banda hadde det bra, maten var knall og stemninga var til å ta og kjenna på. Blåmerka er på plass, knea og halsen er øydelagt - og eg kunne ikkje vore i betre form akkurat no.
Eg treng vel eigentleg ikkje påpeika kor viktig ein slik festival er for undergrunnen? Jo eg gjer eigentleg det. Norsk musikk har hatt ein sjuk oppgang i både kvalitet og kvantitet dei siste åra – ikkje minst i undergrunnsscena. Band jobbar hardare enn nokon gong for å få musikken sin ut til folket – og det er ikkje tull når eg seier det er vanskeleg for nisje-band som held til i undergrunnsverda å bli oppdaga eller å få nok spelejobbar, platekontrakt eller i det heile tatt å kunne driva på med lidenskapen sin. Det er ikkje listepop me snakkar om her.
Difor er det viktigare enn nokon gong at festivalar som Tunghørt brettar opp armane og steller i stand ein festival som viser desse banda, slik at dei kan utvide fanbasen sin, bli oppdaga eller berre knyta kontaktar til eit evig veksande nettverk. Etter min meining burde det absolutt vere ein slik festival i kvar einaste by – dessverre så er det ikkje realitet heilt endå, men det finst håp. Vær så snill Siloen, aldri gi dykk! Det de gjer for oss betyr alt.
I år har eg ikkje tenkt å melda kvart einaste band. Eg vil heller gi dykk ein slags stemningsrapport, i form av 9 ting eg lærte under årets Tunghørtkalas, akkompagnert av dei fantastiske bileta til Linda Eisala Winther (Winther Foto på Facebook, smell inn ein like der også er du snill). Du finn også eit bildegalleri nederst i saka!
1. Det å ha band på overnatting er utruleg kjekt
Sidan eg sjølv har flytta hit og fått meg ei ganske fin leiligheit, var det berre på sin plass å opne både hjarterom og husrom til artistane som kom langvegsfrå for å knuse trommehinnene mine. Dette året var det ATTAN som kom på besøk, og det var skikkeleg gøy! Etter første kvelden var ferdig kasta me utstyret inn i stova og gjekk straka vegen på Checkpoint Charlie, der dei fleste heldt til etter at Folken hadde stengt for kvelden. Det å sjå sjølvaste ATTAN-bassist og Evig Lyttar skribent Fritz-Ragnvald Rimala Pettersen utfolda seg på dansegolvet kjem eg aldri til å gløyme. Heller ikkje den deilig sterke kebabpizzaen går i gløymeboka med det første. Tida med nach-historiar om fjellstove-gig midt på vinteren og bæsjing i buksa låg laust i rommet mens roomien min gjorde sitt beste for å laga ein solid White Russian med alt for mykje fløyte er noko eg ser tilbake på med rein fryd. Takk gutar, det var kjempekjekt! Det kan også nemnast at bandet spelte ein sinnsjukt bra konsert som framleis ligg og ringer i øyrene mine. Miksen av Remi Semshaug Langseth sin intense vokal og Oksebrølinga til Fritz-Ragnvald er noko du ikkje vil gå glipp av. Rått!
2. Gamle kompisar som plutseleg dukkar opp utan forvarsel er dødsgøy
Eg hadde ikkje forventa å møta på ein av mine beste venner frå Bergen under årets festival, men jaggu trur du ikkje han plutseleg stod foran meg? Tusen takk til Tirades-Remi for å ha haldt det hemmeleg at han tok turen på Tunghørt - eg opplevde ein sjeldan form for fryd som gjorde at eg nesten måtte angripe han når han plutseleg stod der. Snakk om å bli teke på senga! Takk for gode stunder og eit solid nach siste kvelden, Remi, du er ein rå fyr!
3. Ølsøl på golv og glatte Vans er ikkje ein feit kombinasjon
Altså. Det skulle berre mangla at me prøver å lage litt moshpit når det tross alt er fokus på steinhard musikk, ikkje sant? Spesielt kjekt er det for banda å sjå at publikum ikkje berre står som statuer og nikkar lett med hovudet utan å virke litt entusiastisk ein gong. Eg har blitt eldre med åra, og moshpit-ånden min er ikkje den same som den var før i tida, men eg gjorde eit solid forsøk under nokre av gigane i år også. Eg kan ikkje heilt hugse kva band som spelte, om det var SIBIIR eller ATTAN, eller nokon andre, men eg endte iallefall opp framme foran scena saman med eit knippe andre entusiastar. La meg prøva å beskriva det: Glatte vans og eit klissvått golv, kombinert med litt alkohol, generell dårleg koordinasjon og ein litt tyngre kropp er ikkje ein bra blanding. Når folk då dyttar deg frå alle kantar endar du, enten du vil eller ikkje, i bakken med eit brak. Med meg skjedde det to tre gonger på rappen, og eg kjenner det godt i både knea, nakken og brystkassa her eg sit og skriv til deg. Men herregud, det var kjempegøy! Neste gong vil eg gjerne at fleire blir med, då er det mindre sjanse for å klaske i golvet veit de.
4. Fortou veit å laga eit festmåltid utan like
Fortou er ein rå plass som ligg på østsida av Stavanger, rett ved Øst og Tou Scene. Der har eg ete før, og eg veit kor god den maten er. I år hadde heldigvis Siloen lagt inn eit kjøtt-alternativ også! Eg har ingenting i mot vegetar, men det er godt med moglegheita til å meska seg med kjøt - spesielt når det smeltar i munnen så heftig som den eg kjøpte på fredagen gjorde. Eg hugsar ikkje navnet på den, eg ba berre om det dei hadde av kjøt, og fekk ein solid baguette delt i to med kjøtt, salat, dressing og noko anna som var så godt at alt fokus gjekk frå musikken og rett på maten. Eg såg sikkert heilt rar ut der eg gjekk stønnande og jafsande på denne kraftige matretten mens dressinga rant nedover skjegget mitt. Sånn skal det være folkens, me skal ikkje være redd for å nyta maten, spesielt når den er så god! Ta turen på Fortou om du vil kjøpa noko steingodt til ein rimeleg pris! Fortou har også ei Facebookside, så fyr deg inn der og sjekk ut.
5. DIE A LEGEND lever i beste velgåande
Dette folkens, er eit band eg har venta på å få sjå lenge. Dei har ikkje vore veldig aktive dei siste åra, men no, no skjer det noko. Med to konsertar på kort tid etter å ha vore i dvale virker det som at dei har fått skikkeleg blod på tann - dei leverte så det rista frå grunnmuren til taket på Folken. Fantastisk tight band som klaska til med eit av høgdepunkta under årets kalas. Det var ein fryd å sjå på. Spesielt kjekt var det å bli smitta av energien til trommis Truls Norbye - han gir absolutt alt når han setter seg ned bak trommesettet, det er så bra! Gi meg meir. Og for all del, trykk opp fleire t-skjorter! Eg vil ha. Kult var det også å sjå Mads Ystmark rive seg laus frå merchboden for å skrika under favorittlåta mi "Pitchshifter". Balletak!
6. Ska-boom!!
Eg skal innrømma at eg var litt skeptisk til dette bandet. Ska-musikk på ein tunghørtfestival? Skatepunk er greit liksom, men ska? Eg måtte eta orda mine og bøyger meg i støvet for dette bandet altså. Steike for eit liv! Spesielt kjekt var det når dei drog i gong cover av The Specials - "Ghost Town". Det var så bra, så bra, så bra! Det var som å bli sendt tilbake til West Coast Riot i 2010 når Specials spelte. Tusen takk, Ska-boom! Kom gjerne attende.
7. Sjangerblandinga i år var heilt perfekt
Frå steinhard crustpunk i form av svenske MYTERI til "happy go lucky" ska-fest med Ska-boom var det noko for alle dette året. AGENDA leverte ein av sine beste konsertar første kvelden, med Siloen og DIY guru Hans Olaf Myrvang i front med skrik frå helvetes mørkaste krokar. Forgetaboutit serverte eit solid sett med skatepunk, SIBIIR klinka til med eit steinhardt show fulle av dei beste låtane frå katalogen deira og DANGERFACE fyrte publikum opp til ekstase med sine kjappe, deilig fengjande låtar. Helvetespunkarane i Brekkjern serverte sin aller første gig som trio og det satt som eit skudd. Spesielt siste låta, det var så proft og kraftig at eg nesten måtte sette meg ned etterpå! Shoutout til trommis Robin Hansen for knallbra tromming og ein sjukt rå vokal (bandet har delt opp vokalen litt meir no, og det funkar som berre juling). Så fekk eg endeleg sjå RISE ABOVE live! Det var så absolutt ikkje skuffande. Steike for ein energi, for ein vokalist! Gi meg meir sånt! Lidenskapen dryppa jo frå alle i bandet. Stao pao! Alt i alt var det akkurat passe variert sjangermessig. Ikkje alt trenger å knuse øyra dine liksom, det er fint med litt lettare fordøyeleg musikk innimellom også, slik at oss i den eldre garden klarar å halde ut begge dagane. Ein takk må også rettast til lokale Thrashers som avslutta festivalen på best mogleg måte! Eg spår ei lysande framtid for det bandet altså, håper platesleppet smell så det syng i fjella! Det var også usannsynleg kult at dei nemnte Evig Lyttar frå scena i slutten der, det set eg stor pris på! Takk for det.
8. Bånnsoggel
"Bånnsoggel" er namnet på årets backstage-øl. Du veit når du har drukke nesten heile øla di, og det er berre sånn tam, kjip botnslam igjen? Jau, sånn er det. Men smaken på årets festival-øl var definitivt ikkje botnslam! Eg spurte samtlege om kva dei tykte, og dei elska den. Det gjorde eg også - faktisk likte eg den så godt at eg stjal med meg ein heim. Sorry, men eg måtte berre. Dødsgodt! Steini Brekke veit å bryggja smakfull øl altså! Bra mann. Ikkje minst er det utruleg fint at banda som kjem på besøk får eit skap med unik Tunghørt-øl! Kul etikett var det også.
9. Årets publikum
Eg er verkeleg takksam heilt inn til hjartepumpa for årets publikum. Ikkje berre møtte dei opp begge dagane, men salen var omlag alltid bra full, og det var ein solid dose menneske til stades under alle konsertane. Folk fekk nyta musikken, møta nye venner og rett og slett berre ha det kjekt. I tillegg så trur eg at banda fekk solgt ein god del merch? Gjerne klask meg på rompa om det er feil, men eg trur det gjekk bra føre seg i salgsbodene. Kjempeviktig å støtte band med å kjøpe plater og merch folkens, det er ein viktig inntektskjelde og ein av grunnane til at dei kan driva på med det dei elsker!
Der har du det! 9 ting eg opplevde. Gode minner, alle som ein! Tusen takk Tunghørt! Eg gleder meg allereie som ein unge til neste år. Under her kan du nyta eit utval av bileta Linda Winther tok. For ein fotograf!
-Patrick Fardal / Linda Eisala Winther