Flaggskip i eigen sjanger
Tross det dystre og drepande mørke uttrykket på «Vol II», sit eg igjen med ei herleg fryktinngyvande kjensle etter denne plata. Heave Blood & Die har funne ei knallsterk oppskrift som verkeleg fengjar.
«Plague» byksar avgårde med eit tjukt og svingande riff. Det første eg bit meg merke i er at låta har fått seg eit betrakteleg løft når det gjeld produksjon, samanlikna med singelutgåva. Det let sylskarpt og klart, dog like blytungt som før. Den desperate vokalen lokkar i bakgrunnen mens det dundrande riffet står i fokus.
Eit knurrande orgel samt lystigare melodiar kjem til syne på «Harakiri». Heave Blood & Die visar seg frå ei meir oppstemt side med ei låt som kan minne om ei fandenivolsk sjømannsvise. På Vol II grip bandet også sjansen til å sprite opp stemninga litt med raskare tempo og trommebreaks, som på andre halvdel av «Warzaw». Det er artig å høyre eit band eg vanlegvis assosierer med dryg doom i ei meir aggressiv og ivrig drakt. Samspelet er upåklageleg tight og kreativt.
«LXXX» kjem uventa på meg, mykje grunna norsk vokal som framførast i ei dikt-aktig form. Dette set derimot ikkje nokon stoppar for bandets mørke særpreg. Stemninga er til å ta og føle på og den djupe norske stemma gjer det heile meir autentisk på ei låt som dette. Råtøft.
Andre halvdel av plata startar sterkt og tek oss tilbake til den fengande grooven i liknande stil som førstelåta. I tillegg til halsbrekkande vokal og knusande trommearbeid får me servert ein aldri så liten gitarsolo. Ein anna ting eg må påpeike er kor utruleg stilig synthen er, den ligg som ein raud tråd igjennom plata. Den spelar ei viktig rolle i lydbiletet og krydrar låtane med saftige harmoniar og melodiar.
Den einaste låta eg har noko å utsetje på er nok «Wealth Is Nothing». Driven forsvinner litt då det ikkje skjer noko særleg utvikling før det siste minuttet.
Det tek seg raskt opp igjen mot slutten av plata med ei solid rockevise, nemleg «Brigade». Ei meir kjensleladd låt på nokre område, akkompagnert av solid bass og drivande trommer i botn. Kulare refreng skal du leite lenge etter. Til slutt finn me ein episk ballade med både dempa akustisk gitar og hylande sologitar. Den byggjer seg stegvis opp mot eit klimaks og bryt ut i ei melankolsk eksplosjon. Ei verdig avslutning på ei blytung plate.
På «Vol II» er Heave Blood & Die tilbake med betre produksjon, kreative låtar og skarpare uttrykk. Med denne plata marsjerer dei vidare som flaggskip i eigen sjanger, med låtar som når langt utanfor norsk undergrunn.
9/10 TRYNER!
Jarand Aga Baas