Total og herleg øydeleggelse på Checkpoint Charlie (17.02.18)
Eg starta kvelden på den beste måten mogleg - vorspiel med gode folk. Når eg kom på Checkpoint Charlie rundt 2200 var det allereie ein god del folk, og stemninga var knall. Rundt 2215 starta fantastiske Dangerface kvelden med eit heidundrande show. Du dyre grøne så flink frontmann Michael Myklebust er til å laga liv på scena, godt hjulpe av ein av dei stødigaste trommisane i manns minne, 2 knakande flinke gitaristar og ein skikkeleg god bassist. Alle i bandet såg ut til å kosa seg og utfylte kvarandre godt på scena frå start til slutt. Dette er eit utruleg stødig band folkens! Berre sjekk ut livegigen me gjorde med dei på Youtubekanalen vår. Råe folk! Dette var absolutt ein av dei betre konsertane dei har gjort i mine auge, eg likte spesielt godt avslutninga deira som kom som eit uventa krydder på ein ellers smakfull forrett.
8/10
Deretter kom det som faktisk skulle visa seg å bli kveldens høgdepunkt for min del. Golden Core. Merk dykk namnet, for desse kjem til å bli svære. To ungdomar på 13 og 15 år som eigde heile Checkpoint Charlie frå start til slutt - det er lenge sidan eg har sett nokon ta ein slik kontroll over publikum som desse knallflinke gutane gjorde. Langhåra og badass trådde dei til med utruleg feit riffing, skamgode trommer og ein vokal som liksågodt kunne vore med i Mayhem. Det å spele så kraftige trommer og skrike på same tid er ikkje akkurat ein dans på roser, men trommis/vokalist Johannes Thor fekk det til å sjå såre enkelt ut. Eg har allereie åpna for moglegheita til å få gjort ein livesession med dette bandet, og eg håpar verkeleg det skjer. Tusen takk gutar!
10/10
Det er ikkje til å stikka under ein stol at The Good The Bad & The Zugly veit å laga liv så det ristar frå golv til tak. Dette skjedde også i går, noko som førte underteikna rett inn i piten for å bli med på morroa. Denne gjengen er så samkøyrte, og vokalisten så god til få med seg publikum at det er ein rein fryd å sjå på og ta del i. Høgdepunktet under denne gigen må bli når dei klaska til med den fantastiske låta "Sickness Unto Death". Eg trur eg var ganske så nærme rein, primitiv fryd når denne blei spelt, og eg kjem ikkje til å gløyme dette med det første. Vokalist Ivar Nikolaisen har ein måte å ta over heile rommet når han er på sitt beste, og han tok verkeleg med seg publikum på denne intense opplevinga!! Gi meg meir!
9/10
Tusen takk til Dangerface, Golden Core, GBZ og Checkpoint Charlie for ein av dei desidert råaste kveldane eg har opplevd her i Stavanger!
Patrick Fardal