Eit sikkert vårteikn
Death By Unga Bunga er tilbake med si femte plate og sparar heller ikkje på kruttet denne gongen. Dei feirar ti år som band og gjev fansen meir av det gode på So Far, So Good, So Cool.
Som eit sikkert vårteikn sprett DBUB fram med ei fargerik plate, som gjev alle dei rette kjenslene. Med stakkato-riff og frisk rockevokal i sentrum forsvarar bandet sin plass i norsk rock på ny. For dei av dykk som ikkje har høyrt desse endå, dreiar det seg i korte trekk om upbeat gladrock med finurlege tekstar. Bandet har gått ein lang veg sidan den første plata deira, men på So Far, So Good, So Cool skvisar bandet fram essensen i uttrykket deira.
Reint musikalsk liknar denne plata mykje på Fight!-EPen frå 2016. Ein handfull singlar har vore gitt ut i forkant av plata, blant anna den überfengande «Soldier». Denne låta samt «Haunt Me» sparkar plata igong akkurat slik du kan vente deg, pumpande energi og stødig riffing. Produksjonen er kompakt med fokus på fuzzgitar og punchy trommer, det er upåklageleg tight. Utan å endre nemneverdig på oppskrifta si pushar dei ut fengande melodiar og riff i retro drakt. Det heile er toppa av den spenstige og halvskitne vokalen som verkeleg dreg meg inn i låtane.
Ein av låtane eg vil trekke fram er «Turn My Brain Off», platas høgdepunkt i mine øyrer. Aggressivt, raskt og utruleg fargerikt gitararbeid. Det er forfriskande å høyre bandet utforske landskapet utanfor dei sikre stødige rytmane ein kanskje kjenner dei for. I andre enden finn me «I’m No Provider», ei overraskande avslappa låt. Bandet leiker seg innanfor garagerock og nærmar seg tidvis scandirock ala Turbonegro, men sprenger ingen grenser. Eg får kjensla av at eg har høyrt noko av det før, utan at det set nemneverdige hinder for opplevinga av plata.
So Far, So Good, So Cool utstrålar sommarkjensler og god stemning. Når eg høyrer «Boys» og «Turn My Brain Off» vil eg berre drikke billig øl og gjere faenskap. Blandinga av tilgjengeleg kvalitetsrock og råskap som Death By Unga Bunga serverer er ein sikker vinnar om du er ute etter ein festleg oppleving.
7/10 TRYNER
Jarand Aga Baas