Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
29595066_576749979367208_547580396077618720_n.jpg

Draumande EP frå Belle Sonder

April 13, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Anbefalingar

Av og til kan det være forfriskande å påspandere øyrene noko utanom det vanlege, denne gongen er det Belle Sonder som har vekka interessa mi. Bandet beskriv seg sjølv som ein eksperimentell post-rock duo, som hentar inspirasjon frå både natur og landskap samt artistar som Sigur Ros og Mogwai. Dei er no ute med ein draumande EP med mange kjensleladde augneblink.

Sjangermessig kan det være vanskeleg å plassere duoen, men eg vil seie at dei ligg på ein plass mellom roleg Deafheaven og The War On Drugs, med fokus på det rolege. I tillegg er uttrykket ein sjarmerande samansveising av akustiske instrumenter og elektroniske impulsar. «Earlydrop» er første låt ut, den har ei drivande puls som heile tida dyttar gitarane fram. Trommene er også kraftige, nærmast skingrande i toppen.

«Purple» er ei meir nedtona låt som gjev meg alle dei rette kjenslene. Sett på denne låta og draum deg vekk til late sommardagar i ein blikstille fjord. Eg diggar at dei også legg inn nokre pustepausar slik at lyden smeller skikkeleg til i etterkant.

«Debase» er som ei levande organisme av støy og ulmande tonar, trollbindande på ein god måte. Plata sluttar med «Deck» ei ektefølt akustisk ballade. Det er ei fin avrunding på ein variert og sterk EP. Det uforutsigbare uttrykket gjev plata eit spanande preg, det vil verte spanande å sjå kva retning ein eventuell LP vil ta.  

Sjekk ut Belle Sonder for flyktig og kjensleladd post-rock!

Jarand Aga Baas

April 13, 2018 /Jarand Aga Baas
Belle Sonder, EP, Anbefaling, Anbefalingar
Framside, Anbefalingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!