Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
FRIENDSHIP-Aint-No-Shame-black-LP-25-5-18.jpg

Friendship - Ain't No Shame

July 15, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Eg er nok ikkje åleine om å digge obskure rockeband og utbroderte psykedeliske plater, enten du vel å kalle det for bluesrock, psykedelika eller kunstrock. Den nye plata til Friendship beveger seg definitivt inn i denne kategorien men støytar på nokre utfordringar undervegs.

Ain’t No Shame badar i stødige grooves og psykadeliske vibber. Her er det lite tvil om at bandet har gjort leksa si. Band som Cream og Gov’t Mule dukkar opp når eg tenkjer på Friendships uttrykk. Det er ein sterk start for bandet, både «Are You Ready» og «Gypsy» fyrar på alle pluggar ikledd eit retro syttitals sound. Reint produksjonsmessig høyrest det skittent og frekt ut. Heftig effektbruk på både vokal og gitar skapar eit bra syttitals kjensle.

Energien visnar litt halvvegs då Friendship ikkje klarar å riste av seg dei tydelegare rockeklisjeane. Det er stort sett glade friske låtar, men «Got Me Feeling So Good» og «Moments» når ikkje heilt opp i mi bok. Førstnemnte vert for gjentakande med optimistiske linja «oh my god, got me feelin so good». Det bognar av riff og tidsriktige effektar men utan skikkelege solide låtar i botn forsvinn ein del av magien.

Bandet har eit klart uttrykk og eg likar godt ein del av det eg høyrer. Nokre låtar glir berre forbi meg og klarar ikkje heilt å huke tak i meg. Ain’t No Shame er ei noko turbulent oppleving men plata har absolutt nokon godbitar du burde få med deg.

6/10 TRYNER

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

July 15, 2018 /Jarand Aga Baas
Friendship, Platemelding, Norsk
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!