Redaksjonens favorittar frå mai
Fritz-Ragnvald
Svalbard – It’s Hard to Have Hope
Bristol-bandet Svalbard er et av disse bandene som ligger og ulmer i undergrunnen lenge. Alt de gjør er rimelig fantastisk, likevel så blir de liggende å gløde uten at det tar helt fyr. Ofte pågår dette helt til den dagen kommer hvor temperaturen blir for høy og alt eksploderer. Om det blir å skje på It’s Hard To Have Hope, eller i det hele tatt, det vet jeg ikke. Men så er kommersiell suksess og listeplasseringer også helt feile målestokker her. Svalbard er et ekte band i ordets rette forstand; de har noe å fortelle både musikals og tekstuelt, og det er der selve drivkraften ligger. Det er også det som gjør at ulmebrannen stadig vokser og setter fyr på nye diehard fans. For selv om uttrykket er satt sammen av kjente grep fra hardcore, crust, shoegaze, post rock og metal, så er det noe med kombinasjonen av disse elementene som gir følelsen av noe helt nytt. Den aggressive framtoningen til vokalist Serena Cherry gir deg virkelig en trøkk i kombinasjon med vanvittige riff og trommer som veksler mellom d- og blast beats i ene øyeblikket og taflette oppbygninger i det neste. Samtidig har bandet en imponerende evne til alltid å ha en flytende melodi liggende over låten som på et nærmest drømmende vis underbygger følelsene i det ærlige og direkte tekstmateriale. Holy Roar er i mine øyne et av Europas desidert sterkeste labels om dagen, og denne utgivelsen gjør ikke det inntrykket noe svakere. Svalbard har med denne skiva, albumtittel til tross, gjort håpet litt sterkere.
Sondre
Wayfarer – World’s Blood
Denver-bandet Wayfarer spiller atmospheric black metal med elementer av alt fra Agalloch og Cult of Luna (anno 2004-2008) til Panopticon og Falls of Rauros. Siden Wayfarer slapp sitt debutalbum, Children of the Iron Age, i 2014, har både lydbildet og komposisjonene forandret seg ganske drastisk. Bandet har på World’s Blood trappet ned black metal-elementene og lagt mer vekt på det atmosfæriske. Folk-elementene tar mer plass (se referansen til Panopticon) og lydbildet ligger ofte i grenselandet til post-metal. Albumet har en flytende struktur, og fremkaller en helt unik stemning som åpenbart er farget av bandets røtter i den amerikanske midtvesten.
Andre sterke utgivelser fra mai: Svalbard – It’s Hard to Have Hope, Wilt – Ruin, Pusha T – Daytona, Royce Da 5’9” – Book of Ryan, Stephen Malkmus & The Jicks – Sparkle Hard, Alkaloid – Liquid Anatomy, Beach House – 7, Melan Selas – Reon, Shakey Graves – Can’t Wake Up, Ihsahn – Ámr, Nequient – Wolves at the Door, La Luz – Floating Features, Mayflower Madame – Premonition, Black Book Lodge – Steeple and Spire, At the Gates – To Drink From the Night Itself, Arctic Monkeys – Tranquility Base Hotel & Casino, Illuminati Hotties – Kiss Yr Frenemies, Light This City – Terminal Bloom, Clavel – Monuments of Grief og Voidthrone - Kur.
Jarand
Parquet Courts – Wide Awake!
Parquet Courts slår til med ei variert, spenstig og politisk plate denne gongen. Dei held fast ved eit trufast uttrykk som fenga meg då eg høyrte førsteplata. Wide Awake! Har myke å by på, både tekstmessig og reint musikalsk. Den lette og leikne utstrålinga passar fint over artige men viktige tekstar.
Parquet Courts har fortsatt den punkete gnisten over seg, men lurar også inn både pop-element og balladar. Denne sære blandinga er uhyre fengande, spesielt på låtar som «Almost Had to Start a Fight», «Normalization» og «Tenderness». Skarp vreng og ein nesten nonchalant vokal leikar seg rundt rytmane, bandet har mykje sjølvtillit. Høyr på full guffe, fleire av desse låtane passar utmerket dersom du må få ut litt aggresjon
Marius
Ring Van Möbius - Past The Evening Sun
Visste du at det finst ein norsk tidsmaskin frå Kopervik på Karmøy som kan ta deg frå 2018 til 1971 med berre eitt trykk på play-knappen? Dette utrulege verktøyet heiter Ring Van Möbius og spelar organisk, analog prog med fokus på hammondorgel, bass og eigentleg alt som høyrer syttitalet til. Eg er på ingen måte nokon prog-guru, den tittelen er vel om lag like oppnåeleg som Dalai Lama, men det er nær sagt umogleg å ikkje sjå kvalitetane i debutalbumet Past The Evening Sun.
Plata inneheld tre låtar, og tittellåta tikker inn på ikkje mindre enn 22 minutt. Når eg høyrer Past The Evening Sun så går tankane av ei eller anna grunn til Yes’ monumentale låt «The Gates Of Delirium» (der eit stativ med bilskrot deisar i golvet midt i låta, mellom anna), sjølv om proglærde sikkert vil arrestere meg og seie at dette minner meir om Van der Graaf Generator eller King Crimson. Samma kan det eigentleg vere, for Past The Evening Sun står heilt fint sjølv. Progtradisjon tro er låta er delt opp i seks sekvensar og her finn ein alt som kjenneteikner god prog! Catchy riff, god balanse mellom bass og orgel, trommespel som svinger i takt med variasjonane i låta, nokolunde standard riffing møter rolege, nesten episke mellompartiar, før det heile klaskast i hop i et slags typisk prog-kaos. Ein formidabel låt! Dei to andre låtane held også høg kvalitet, og «End Of Greatness» fungerer strålande som eit slags nostalgisk lydspor til fortapinga. Om ein skulle vere litt kritisk, er truleg vokalen det svakaste punktet på plata (som med all anna prog…?). Samstundes blir vokalen ein ærleg og autentisk del av lydbiletet, og coverarten er naturlegvis eit vaskekte måleri. Heilskapen er intakt og fungerer mykje bra.
I gjennomsnitt lever eit norsk menneske i 43 151 760 minutt (tal frå 2015). Ein har altså ganske mange minutt å ta av, og difor vil det vere ein skam om ikkje du dedikerer 22 minutt av dine til å sjå den fantastiske one-take videoen til «Past The Evening Sun» (https://www.youtube.com/watch?v=zvgEOxhFiIg). Me kan nemne brennande orgel, mislukka kidnappingsforsøk, syttitalssalong utandørs, handsfree-saksofon og, høgst urealistisk, ein Volvo som streikar. Sjekk ut!
Ring Van Möbius er utan tvil eit spennande tilskot til den nye, norske progbølgen som haustar lovord både her og der. Om til dømes Tusmørke, Jordsjø, Det Skandaløse Orkester eller liknande vekker nysgjerrigheita di, eller du berre vil framstå som hipp og oppdatert på norsk prog, er kjennskap til Ring Van Möbius naudsynt.
Patrick
Anti-Lam Front - Tidlig Anti-Lam Front
Det er noko heilt spesielt når ein slår saman klassiske punkeriff med ein usminka vokal som skrik ut linjer på trondheimsk. Eg må innrømma at eg sleit litt med å lika dette med det første, men det fengjer meir og meir. Det må seiast at poppunken og skatepunken har hatt ein solid oppsving her til lands i det siste, og Anti-Lam Front er ein del av dette, i ganske så stor grad. Dette er ein miks av alle dei banda eg høyrte på når eg var yngre, men to band som stikk seg ut er No Use For A Name og NOFX.
På plata får du servert ein skikkeleg fyldig bass, feite riff som er spydd rett frå den aller beste punkemusikken 90-talet hadde å by på og refreng med skikkeleg allsangfaktor. Eg tykkjer det er så kult når folk syng på sin eigen dialekt. Hadde dette vore på engelsk ville det nok vore veldig mykje mindre "nyskapande". Misforstå meg rett, denne gjengen har ikkje funne opp kruttet på nytt, men dei brukar ein oppskrift som funker særs godt. Det dei får til spesielt godt er gitarane. Fy steike så digg det er å høyre sånn lys, No Use For A name-riffmagi igjen. Takk!
Favorittlåtar: "Kulturprolaps", "Movember Regn" og "Sirkelmoralisme"
Rikke
Tusmørke - Fjernsyn I Farver
Tusmørke ga ut Fjernsyn i farver 4 mai på Karisma Records. For et album!
Uten tvil min utvalgte for mai måned. En reise i en helt egen sjangerklasse: Folkelig diskoprog! Fullstappet av særegenheter, gammelmodig progvokal og dryss av underlige referanser i norske tekster. En underlig verden av en gammel Osloskole, Tusmørke vet å leve seg inn i til det fulleste, med en passende avstand til det. Eller kanskje bare et fjernsyn i farger med det reflekterende lyset fra sola i skjermen? Anbefales sterkt!
-Redaksjonen-