Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
a1960227245_10.jpg

Rongeur - An Asphyxiating Embrace

June 26, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Oslobaserte Rongeur spelar ei form for intens og blodhard doom krydra med innslag av andre tyngre element. Dette er eit band eg sjølv ikkje hadde høyrt, fram til An Asphyxiating Embrace reiv tak i trommehinnene mine. Det som ventar deg på denne plata er ein variert godtepose med enorm slagkraft.

Bandet trivst best i det mørke, noko som kjem tydeleg fram gjennom «Weltschmerz» og dei knallharde riffa. Lydbiletet er ganske nådelaust, massive trommer og gitarar dominerer utan at det vert masete. Desperasjonen i vokalen er grufull og ekte. Dei skyt fart vidare inn i ei kortare låt, «Special Needs». Den brummande vokalen gjer hooket så sjukt feitt. Kombinasjonen mellom den høgfrekvente stemma og den djupare knusande andrevokalen pregar mykje av plata og fungerar strålande.

Eg skjønar raskt at dette er eit band som likar å halde spaningsnivået oppe, då plata tek ei ny vending inn i «Wellpisser». Bandet byr på ei verkeleg eksplosiv låt. Ekstra ros til vokalist på den rolegare delen rundt 02:30, den demoniske stemma er ubegripeleg rå. I alt kan stilen til Rongeur minne om både High On Fire og Timeworn, spesielt på låtar som «The Deconstructionist». Denne låta høyrest ut som noko rett frå Matt Pike’s egen katalog. Høgdepunktet for min del er «The Weight Of Guilt», slik skal ei skikkeleg dryg, rumlande og ond låt høyrast ut. Sein oppbygging etterfulgt av eit drepande riff. Det heile når eit saftig klimaks kor alt berre smeltar saman før det bryt inn i ein siste runde med riffing.

Bandet tek eit siste magedrag før dei gjev deg «Chained To A Dead Horse», ein skikkeleg kraftplugg av ei låt. Her kjem både trommer og bass tydelegare fram. Med fandenivolske tekstar og varierte låtar skapar Rongeur ei solid plate, dette er noko alle med sans for tyngre musikk kan like. Eg kan ikkje seie at alle låtar grip meg like hardt men det er ingen valdsame skuffelsar blant desse åtte låtane. Plata er dynamisk, bandet jobbar med variert materiale. Hør på Rongeur!

7/10 TRYNER

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

June 26, 2018 /Jarand Aga Baas
Rongeur, Platemelding
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!