Redaksjonens 10 viktigaste plater: Patrick
Dette har vist seg å være litt av ei utfordring! Det å berre velge ut 10 plater frå så mange år med musikknerding er like vanskeleg for meg som å få A+ på matteeksamen, som å banke Lebron James i basketball. Men eg skal gi det eit solid forsøk, for dette er spennande greier. Kort og godt kan eg seie at det starta tidleg og hardt med svartmetall og utvikla seg i ein noko "mildare" retning. Hovudlista er full av plater som har vore med på å forma musikksmaken min, både tidleg og nyleg. I tillegg til hovudlista ser eg meg nødt til å laga ei lita ekstraliste med norske plater, men den blir uten tekst. Spelelista til heile kalaset finn du nederst i saka.
Here goes nothing!
Windir - 1184 (2001)
Som vaskekte sogning og vikingnerd var det vanskeleg å unngå denne plata, spesielt sidan den tok føre seg eit episk slag som skjedde rett utanfor heimbygda mi. Eg oppdaga 1184 i ei musikksjappe i Førde omlag når den kom ut. Hugsar at eg hadde med meg discman og heile pakka. Enda opp med å høyre på dette beistet av ei plate på repeat heile vegen tilbake til Sogndal - 1184 åpna så utruleg mange dører for meg. Windir viste seg kjapt å bli eit av dei desidert viktigaste banda for meg i mange år framover. 1184 er nok faktisk den plata eg likar minst i bandets diskografi, men når eg atter ein gong høyrer på låtar som "Spiritlord", "Journey To The End", og "Heidra" blir eg grusomt nostalgisk og ser tilbake på barndomen min med eit smil som strekk seg frå øyre til øyre. Berre høyr på dei riffa! Høyr på den vokalen - som faktisk er ein av dei beste skrikevokalane i norsk musikk sin historie, thank you very much. Toppen på kransekaka, plomma i egget, og prikken over i-en går til synthbruken på denne plata. Steike ta for eit stykke musikk dette er.
Mayhem - Deathcrush (1987)
Her kunne eg nok ha teke De Mysteriis Dom Sathanas, men Deathcrush har nok betydd meir for meg med tanke på utviklinga eg gjekk gjennom. Riktignok kom denne plata ut to år før eg blei født, men den betyr ikkje mindre av den grunn. Ein kompis av meg som delte same musikksmak hadde ein versjon av denne feite saken til overs og ga den til meg. Etter å ha vore Windir-fan ei stund tørsta eg etter hardare saker, og jaggu fekk eg servert det med Deathcrush. Fy flate for ein piggtråmusikk. Det er som om nokon gnissar på eit kateter og kastar dritt nedi ei kjøtkvern på same tid. Det er så utruleg vondt å høyre på til tider, men fy flate så rått det er også! "Deathcrush", "Necrolust" og "Chainsaw Gutsfuck" er nokre av dei ondaste, mest sjeleknusande og håplause låtane eg nokon sinne har høyrt! Eg trur eigentleg ikkje at det går an å bli så mykje ondare, eller styggare enn dette. Men eg ville ikkje vore foruten.
Dissection - The Somberlain (1993)
Jadå, eg veit at Dissection er satanisk og skummelt. Vokalist og frontmann Jon Nödtvedt var ikkje akkurat heilt riktig nagla - fyren lagde etter det eg har skjønt sin eigen sataniske bibel og tok sitt eige liv i ein ring av levande lys. I tillegg sat han inne for drap ei stund. Men, no er det musikken me snakkar om, ikkje menneska bak. For eg blei oppriktig trist når eg fant ut at denne spesielle personen hadde teke sitt eige liv. Musikken han laga betydde ganske mykje for meg ei stund - eg bestilte faktisk ein gensar med det største opp-ned korset nokon sinne - til min kristne mors store misnøye. Men ja. The Somberlain. For det første er tittelsporet noko av det sjukaste eg har høyrt. For det andre er denne plata så vel gjennomført solid at eg ikkje klarar å finna orda eg treng for å skildra kva eg føler. Heile plata er så episk, og den miksen mellom beinhard, melodisk svartmetall og akustiske instrumentalar gir meg alle dei rette kjenslene. Det er som å bli sendt tilbake til Kaupanger i ei tid då eg hadde alt for mykje svarte klede, armyboots, frakk, torshammar og litt for heftig afro. Eg hugsar fleire turar i skogen med dette monsteret av ei plate.
I - Between Two Worlds (2006)
Eg kunne lett ha teke med Immortal - At The Heart Of Winter her, men eg prøver å mikse det opp litt, så eg tek heller den einaste plata som kom ut av sideprosjektet sjølvaste Abbath starta opp i 2006 - I. Fyttigrisen så det smalt i trommehinnene mine når denne kom ut. Eg hugser at eg låg på guterommet heime i Kaupanger med headset og høyrte på plata heile natta - i mange netter. Riffa på Between Two Worlds er så mange, så kraftige, så orgasmiske at berre det å gjenoppleve dette meisterverket set meg totalt ut. I tillegg fengjer det så hardt, og eg meiner at Abbath gjorde sin aller gjevaste vokalprestasjon her - nokon sinne. I motsetnad til Immortal, der han som oftast høyrtes ut som ein totalt øydelagt motor som ikkje har vore varm på hundre år, hadde han på Between Two Worlds ein så mykje meir allsidig vokal, med ein miks mellom skriking og reinvokal. Heile pakka blei så tøff at eg kjøpte meg ein gensar med logoen på - i medium. Dei som kjenner meg veit at eg ALDRI har passa medium, så berre det at eg brukte penger på merch eg ikkje fekk brukt seier sitt. MINNER!
Children Of Bodom - Hate Crew Deathroll (2008)
Hehehe. Eg hadde ein periode då eg var heftig, heftig, HEFTIG fan av denne gruppa. Når eg høyrer det no forstår eg jo kvifor - det er jo tøft som faen! Eg hugsar ein av dei første julefeiringane eg hadde med familien på hytta i Lillehammer (sikkert rundt 2008, faktisk). Eg hadde hanekam og ein halvdårleg mp3-spelar med blant anna denne på. Trur eg høyrte ihjel "Sixpounder" sikkert 1000 gonger iløpet av ferien - den soloen i slutten er jo heftig feit! Eg hugsar også at eg hadde den live-dvden Chaos Ridden Years med meg over alt. Fantastiske greier! Eg kunne sikkert ha teke med plata Are You Dead Yet istaden - "Living Dead Beat" er jo hinsides bra, men no blei det sånn.
Blink 182 - Take Off Your Pants And Jacket (2001)
Lang, baggy shorts, høge kvite sokkar og capsen bak fram. Som du kanskje skjønar så gjekk eg gjennom ein liten sjangerswitch på eit tidspunkt. Eg fant ut at svartmetallen gjorde meg sur og lettare irritabel, så eg måtte åpna øyrene for noko mildare. Blink 182 blei svaret, og eg oppdaga bandet gjennom min tidlegare favorittfilmserie American Pie. Poppunk altså. Highschool, jenteproblem, øldrikking og alt som følg med. Eg hadde ingen kjæreste på den tida der (eg var litt for rar, tru det eller ei), men musikken gjorde at eg kunne drøyme meg vekk til ein anna verkelegheit. I tillegg var det jo ganske kult også. Eg hugsar faktisk at meg og bandet mitt Vargtass prøvde å covra låta "Dammit" frå Dude Ranch, men eg trur me feila ganske hardt! Haha.
NOFX - Wolves In Wolves' Clothing (2006)
Dette er IKKJE favorittplata mi av NOFX - tvert imot. Det var berre denne plata som introduserte meg for bandet. Eg kunne heller skreve om Punk In Drublic, men dette handlar om kva som betydde mest i det store og det heile, ikkje sant? Då kan eg jo takka Wolves In Wolves' Clothing for ganske mykje, eigentleg. Du har jo nokre feite låtar på denne plata, altså. "The Man I Killed" og "100 Times Fuckeder", til dømes. Dette bandet oppdaga eg for alvor på vidaregåande, trur det var første året. Då var det to medelevar eg hadde ein liten, men langvarande krangel med, kan du sei. Dei likte ikkje at eg høyrte på punk, fordi det liksom var "deira sjanger" og greier. Vi var unge og teite, og eg er venner med begge to i dag altså. Men det at dei "nekta" meg å høyre punk på den tida der førte jo berre til at eg ville høyre endå meir på det. Hehe. Takk, gutar!
Joy Division - Unknown Pleasures (1979)
Tusen takk til Markus for å ha introdusert meg for dette bandet på folkehøgskulen i 2009. Eg veit seriøst ikkje kva eg skulle gjort utan. 2010/2011 var nokre forferdelege og utfordrande år for meg. Joy Division gjorde det hakket lettare, tru det eller ei. Dei fleste tenkjer på post-punk som noko deprimerande og mørkt - og ja, dei har nok rett - men det betyr ikkje at ein blir påverka på ein dårleg måte. Tvert i mot. Joy Division har ein historie som er så fengslande at ein skulle tru det ikkje var sant. Ein av dei siste skikkelege rockehistoriane, seier nokon. Men plata Unknown Pleasures er faktisk ganske så lystig! Ein må kanskje legga litt godvilje til, men herregud. Eg elskar denne plata!! Den var så nyskapande i si tid, og den er tidlaus som berre juling. Produsent Martin Hannet køyrte denne gruppa hardt i studio men endte opp med eit meisterverk utan sidestykke. Basslyden, trommelyden og den skrikande, svevande gitarriffinga blanda med den såre og ærlege vokalen.. For meg blir det rett og slett ikkje bedre enn dette.
Kvelertak - Kvelertak (2010)
Så kjem me til ein av dei desidert viktigaste platene for meg, nokon sinne. Eg hugsar at denne plata kom som lyn frå klar himmel når den smalt på anlegget mitt for første gong."Kva i helvete er dette??" og "svarte satan høyr på det riffet då!" var berre nokre av tinga eg spytta ut mens "Ulvetid" og "Utrydd Dei Svake" gjalla ut av dei sugne høgtalarane mine. Det er seriøst ikkje ei einaste kjip låt på denne plata. Eg blei uhorveleg stolt over å være frå same land som denne gjengen - noko eg framleis er. Kvelertak har gjort noko for den norske musikkscena som få har klart før eller sidan. Dei har pressa den norske undergrunnen opp og fram ved å ta med seg band på turné, og dei har vist ein fantastisk arbeidsvilje og evne til å få ting gjort. Fy flate for eit beist dette bandet har blitt. Ein årslang turné med Metallica?? Koman. Berre les den trilogien me laga for ei tid tilbake, då skjønar du kor mykje dette bandet eigentleg betyr for meg:
http://eviglyttar.no/blogg/2017/7/22/skikkeleg-kvelertak-del-1
http://eviglyttar.no/blogg/2017/8/4/kvel-em-all-kvelertak-spesial-del-2
http://eviglyttar.no/blogg/2017/8/29/kvel-em-all-kvelertak-spesial-del-3
Turnstile - Time & Space (2018)
Ok folkens. Siste plate. Her kunne eg valt å skriva om Spidergawd, Bob Dylan, The Band eller Dinosaur Jr, for alle desse banda har betydd sjukt mykje for meg. Men Turnstile sin nyaste fullengdar åpna ei dør inn til ein sjanger eg ikkje hadde fått heilt taket på før no, og dei andre platene har eg skreve om frå før. Det er rart å sei det, men eg veit at Time & Space kjem til å bli med meg vidare i mange år framover. Eg har det med å kjenne sånne ting på kroppen, spesielt når eg høyrer noko som berre riv meg rett i golvet og kastar meg rundt i eit univers eg aldri vil forlate. Frå første låt blei det klart at det er denne formen for Hardcore eg elskar. "Real Thing" altså. Steike deg for ei basslinje. For ein dansestemning! Eg får ein intens trang til å mosha og berre gi slepp på alle hemningar. Og når me snakkar om basslinjer: "I Don't Wanna Be Blind"!! Heita deg. Steike ta. "Can't Get Away" er også ei låt som berre sender meg sidelengs inn i veggen. Eg diggar vokalen, eg diggar riffa, eg diggar dei sjukt kule pausane med heismusikk og rolege soulinnspel mellom dei harde sakene. Fy faen. Har du ikkje høyrt denne må du gjere det snarast.
Allright. Her kjem ei litt mindre detaljert liste med norske plater! Må jo ha med dei også.
- Death By Unga Bunga - So Far So Good So Cool - Mest fengjande sommarsoundtracken NOKON SINNE
- Nord mot nord - S/T - Steinbra HC frå det kalde nord. Ekte greier med ein fantastisk historie bak seg.
- Tirades - Lifetime of Wars - REACH VICTORY. Treng eg sei meir?
- Purified In Blood - Under Black Skies - Fy flate. Under den svarte himmel gir meg frysningar kvar gong eg høyrer den
- NAG - S/T - Som om nokon river sjela di ut av kroppen din og kastar den ned i ei søppelkvern (på den beste måten)
- Execration - Morbid Dimensions - AAAH! Iskaldt
- Spidergawd - IV - Dette er kjærleik på sitt aller, aller beste
- John Olav Nilsen & Gjengen - For Sant Til Å Være Godt - Plata som verkeleg fekk meg inn i norsk rock.
- Hjerteslag - Vannmann86 - Plata som har holdt interessa mi for norsk rock.
- My Midnight Creeps - Histamin - Den mest undervurderte plata i norsk musikkhistorie. Rock på sitt mest kjenslemessige. Love is gone!
Patrick Fardal