Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
immortal-northern-chaos-gods.jpg

Immortal - Northern Chaos Gods: Eit iskaldt comeback

July 07, 2018 by Patrick Fardal in Platemeldingar, Framside

Dette har me venta lenge på, folkens. På eit tidspunkt trudde eg at plata aldri ville koma, men no har iskalde Blashyrkh endeleg åpna portene sine igjen, og godt er det.

Alle har vel eigentleg stilt seg spørsmålet "Korleis i alle dagar vil Immortal vere utan Abbath, då?" Eg må innrømma at eg har hatt mine tvil. Korleis vil saknet etter den unike, bromlete vokalen som harkar seg gjennom låtane slik berre ein utgått motor kan gjere, bli? Eg må ærleg innrømma at eg ikkje var noko fan av bandets tidlegare plate All Shall Fall, men slik som eg ser det no kunne det ikkje gått betre for nokon av partane. Immortal lev vidare og Abbath sitt soloprosjekt står stødig på eigne bein. Men nok om det.

Demonaz ga jo ut ei soloplate for ei tid tilbake, March of the Norse. Den plata hugsar eg at eg digga ganske så hardt, og eg får litt den same kjensla med Northern Chaos Gods - berre med Immortal sitt univers som toppen på den bekmørke kransekaka - og det er mykje, mykje betre. Vokalen til Demonaz er utruleg bra på denne plata. Litt kviskrete nokre gonger, men det veks på meg. Og fy steike deg for nokre trommer! Det første sporet eg må dra fram er "Gates to Blashyrkh". Der får du servert eit av dei der karakteristiske, klassiske Immortal-riffa. Det er nesten som å bli sendt tilbake til fjellet eg såg føre meg første gongen eg høyrte "At The Heart Of Winter". Eg kjenner vinden i skjegget mens kulda penetrerer langt inn i sjela mi  - og det er ei særs, særs god kjensle. 

Det må jo seiast at Immortal nyttar velkjente grep på mange av låtane sine - mykje av det minnar ein god del om tidlegare materiale. "Where Mountains Rise" er til dømes ein erketypisk Immortal-låt.  "Mighty Ravendark"  befinn seg også i det området, men du dyre, iskalde svartmetall så godt det er å få oppleva nye låtar frå gamle legendar - uavhengig om ein kan kjenna det att eller ikkje. "Mighty Ravendark" må jo nesten seiast å bli min nye favoritt.

Dei fleste kan vel einast om at Immortal sitt comeback er ganske så solide greier, og denne plata kan lett pryda seg i diskografien saman med dei andre.

7/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Patrick Fardal

July 07, 2018 /Patrick Fardal
Evig Lyttar, Black Metal, Norsk Musikk, Svartmetall, Northern Chaos Gods, Immortal
Platemeldingar, Framside
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!