Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
35196922_387886018377790_167151962427490304_n.jpg

Dunndunn - Fra Spøk Til Revolver

August 30, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Å dele sine svakaste augneblink på ei plate tek guts, men denne EPen er eit bevis på at det kan kome noko svært godt ut av det. Fra Spøk til Revolver legg ikkje skjul på noko, Dunndunn har ein evne til å gjere trauste fortellingar om til finurlege låtar.

Plata samlar ulike brotstykke frå ei mildt sagt turbulent historie. Slik er også plata svært dynamisk, han presenterer eit bra sprang i både uttrykk, form og naturlegvis humør. Innpakninga rundt tekstane varierer frå akustiske viser til tilbakelent rock, som på opningslåta «Backcatalogue». Reint musikalsk er det laust og fritt, varmt gitarspel og fengande melodiar. Produksjonen skal også rosast, eg likar spesielt godt soundet på «En annen», slagkraftige trommer som let ekte.

Tittelsporet er ei sår forteljing, instrumenteringa er rolegare og ligg som ein solid buffer slik at energien likevel er der. Det kravde mykje tid før eg kunne legge denne EPen frå meg. Forteljingane går nok spesielt inn på lyttaren i og med at han synger på norsk (noko som sjølvsagt er eit pluss). Sjølv om mykje av det som vert formidla er sårbart og vanskeleg, vert det framført med ærleg, ektefølt stemme og naturleg sjarm.

«Tønsbergs nattasang» pregast av ein meir positivt tone, ei enkel gitarvise utan unødvendig pynting men med mykje sjarm. I det heile finst det svært lite som er overfladisk på denne EPen. Instrumenteringa er på nokre områder ganske tilbakehalden men dette skapar mykje rom for ømme tekstar. «Mor» er siste låt men også den låta kor Dunndunn trykkar til litt ekstra. Kassegitaren leiar ann men låta byggar opp til ein spaningstopp med koring og standhaftig tromming. Det er fantastisk hjarteskjerande men likevel ikkje ukontrollert eller banalt.

Fra Spøk Til Revolver er samansatt, upynta og ikkje minst ærleg. Det behøver ikkje være noko ekstra då tittelen og låtskrivinga snakkar for seg sjølv.

8/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

August 30, 2018 /Jarand Aga Baas
Dunndunn, Fra Spøk Til Revolver, Norsk Undergrunn, Platemelding
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!