Turtlenecktie - A Prime Number Of Olives
Turtlenecktie debuterar med EPen A Prime Number Of Olives gjennom Hoppla Hesten (Oslo). Namnet og coveret åleine er nok til å pirre nysgjerrigheita mi, stjerne i margen for «innpakning». Innhaldet er det ikkje like enkelt med.
Lyden av Turtlenecktie har eit sterkt 90-tals preg, eit skittent men gladlyndt uttrykk. Det kan minne om band som Killer Kid Mozart. Med blant anna pop-punk og emo som inspirasjonskjelder er Turtlenecktie sine låtar i stor grad bygd på stramme powerchords og høglytt vokal, tradisjonen tru. Det ber preg av heimesnikra låtar og produksjon, og det syns eg er berre kult. Dette er låtar som ikkje behøver vere polert eller detaljfiksert.
Når det er sagt, kjenner eg meg til dels ferdig med dette soundet. Eg har definitivt høyrt det før, både i nyare band og sjølvsagt i dei faktiske 90-tals banda. Turtlenecktie baserer seg mykje på engsteleg, bittersøt skranglerock. Ja, det er skikkeleg tøft til tider, men dette vert einsformig. I grove trekk er det lite som skil låtane frå kvarandre. Det opplevast ofte som fleire gjengivingar av éin musikalsk ide, utan betydeleg variasjon. Likevel er det vokalen eg slit mest med. På rolege spor som «See You Again» er vokalen meir kontrollert, meir naturleg, og kan virke sjarmerande. På «Temporary» og spesielt «Getting Better» vert vokalen rett og slett masete.
I grunnen står omtrent halvparten av låtane igjen som solide nok. Blant dei betre er «The Joke Got Old» som har eit kraftigare uttrykk, riffet er på plass og tromminga er pumpande. Resten av A Prime Number Of Olives forsvinn dessverre i mylderet.
4/10 TRYNER!
Jarand Aga Baas