Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
a0247829936_10.jpg

Dunbarrow - II

October 05, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

I mi første platemelding for Evig Lyttar skreiv eg om eit band som blåste nytt liv i syttitalsrocken, som leverte ei botnsolid debutplate. Sidan sist har dette bandet blant anna signert med amerikanske Riding Easy Records, og gjeve oss tre singlar som ein smakebit i forkant av den nye plata. Det er dags for Dunbarrow II.

Første låt gjev meg alle dei rette teikna, eitt nokså fryktinngytande riff dreg låta framover og det frydar meg å høyre at bandet held eit stramt grep om uttrykket deira. Det liknar mykje på det dei har levert tidlegare, men med eit vesentleg feitare lydbilete. «On Your Trail» har i tillegg ein effektiv B del som raskt får opp tempoet og sikrar ein pangstart.  

«Weary Lady» er ein skikkeleg tungvektar som boblar over av dryge riff og passasjer men det er slutten som er min absolutte favorittdel. Det funky riffet smeltar saman med trommegrooven på eit vanvitig tilfredsstillande vis. Teksten er kanskje ikkje veldig djupe men har ein trollbindande sjarm. Halvvegs i plata kjem det eit forfriskande pusterom i form av ein rein akustisk ballade. Dette løftar heile opplevinga og skapar ein sterk kontrast til det som kjem etterpå, sjølve høgdepunktet «The Wolf». Vokalmelodien er sterk, samspelet mellom trommer og bass støttar oppom eit fandenivolsk gitarriff. ROCK.

Som på førre plate lèt det autentisk, denne gongen med ein breiare estetikk enn før. Samstundes som at lyden kan likne vel mykje på andre heavy psych og doom band, skin særpreget gjennom. Både låtskrivinga men kanskje spesielt vokalen er i mine øyrer sterkare på denne plata. Stemma er ærleg, verken for skitten eller for polert. Sjølv om Dunbarrow spelar rock med røffe kantar, ligg det kule detaljar blant alle laga. Eit godt eksempel er siste halvdel av «Witches Of  The Wood Pt.II», gitarsoloen er fantastisk, trommebrekka er saftige og den psykotiske latteren forsterkar det heile.

Samanlikna med førre plate har Dunbarrow II meir kjøt på beinet, bandet spelar med stor pondus, utan at det har skjedd ei grensesprengande utvikling. Det er heller ikkje nødvendig meiner eg. «Den vanskelege andreplata» viste seg å ikkje være svært vanskeleg i dette tilfelle.  

7/10 TRYNER

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

October 05, 2018 /Jarand Aga Baas
Dunbarrow, II, Evig Lyttar, Platemelding, Norsk Musikk, Norsk Undergrunn
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!