Agenda / Dråp /Hexis - Tunghørt Kickoff
No har eg prøvd å skriva denne artikkelen i nokre timar. Eg har reve meg i det metaforiske håret, eg har gått til og frå butikken, og eg har stirra rett i taket. Nokre gonger blir det så innforjævlig vanskeleg å skulle setta ord på det ein har opplevd på konsert, ikkje sant? Du kan prøva så mykje du berre vil å få lesaren til å forstå det du har vore gjennom. Du kan stappa metafor etter metafor rett i trynet på folk, utan å nå heilt fram. Men eg har aldri gitt meg før, så eg berre prøver.
I går såg eg Agenda, Dråp og Hexis I Grottene på Folken, i høve Siloen Booking sitt Tunghørt-kickoff. Seriøst, du får meg aldri til å gå glipp av noko som har med Tunghørt å gjere. “There’s nothing that a hundred men or more could ever do”, for å sei det sånn. For no har eg blitt overbevist om at Tunghørt alltid, ALLTID bringer noko feitt til bordet. Tusen takk Hansi!
Agenda har eg skreve om ein god del gonger før. I tillegg har eg nok blitt ganske inhabil sidan eg no bur med trommisen, men eg kan sei nokre ting likevel. Bandet har ein tendens til å bli tightare og tightare for kvar gong dei speler konsert. Vokalen blir alltid hakket bedre, riffa sparkar meir og trommene gir deg det beste magesuget. I går spelte dei nokre nye låtar som berre gir meg vatn i kjeften, altså. I tillegg hadde dei stålkontroll på det lille publikummet som var der. Det er liksom ikkje så lett å stå der og kødde når du har ein to meter høg ihjeltatovert frontmann med eit intenst blikk og stemma til Beelzebub sjølv midt oppi trynet ditt. Agenda har det også med å trykke så mange sjangrar dei berre klarar inn i låtane sine - noko som er knall for ein som meg. I går hadde dei ei låt som inneheldt hardcore, punk, poppunk, svartmetall, crust og littegranne grindcore liksom - kor feitt er ikkje det? Knallkjekk konsert! Dei kjem nok snart med ny plate også, følg med.
8/10
Dråp var kveldens desidert lågaste punkt. Eg har ingenting imot sjangeren dei speler (ein miks av deathmetal og crust, kanskje?) men eg tykte lyden var så suppete og kjip nokre gonger at det heile blei litt kaos. Det var også litt i overkant mykje “chugging” på riffa og generisk headbanging. Men dei hadde ein feit instrumentallåt som eg gjerne kunne høyrt igjen! I tillegg ga dei meg sjukt magesug nokre gonger. Absolutt talentfulle folk som taklar scena bra, men låtane var litt vel lange og det drog seg litt langt ut på slutten der.
5/10
Hexis
Fy flate, folkens. Her kjem me til det bandet som (heldigvis) skulle avslutta kvelden. Og her kjem eg til det punktet i teksten der eg ikkje klarar å beskriva kjenslene mine skikkeleg. Sjå føre deg eit band som berre går rundt og chiller i lokalet mens dei ventar på å gå på. Dei gjer absolutt INGENTING for å trekke merksemda mot seg sjølv. Det som viser seg å vere frontmannen i bandet ser ut som om han berre hjelper til med merchen. Når tida kjem for å starta konserten ber han roleg lysfolka om å skru av alle lys - for bandet vil kun bruka sine eigne. Dette viser seg å være to lilla strobelys som kjem til å setta stemningen for kvelden, saman med musikken sjølvsagt. Første låta startar og du ser at vokalisten jobbar seg opp til eitt eller anna. Som eit majestetisk og steik forbanna beist frå ein plass du helst ikkje vil besøka går han med tunge, dominerande og truande steg fram og tilbake på golvet. Han går rett opp i trynet ditt mens han skriker og kastar seg rundt i lokalet. Dette er energi, men det er utført på ein sånn måte at du ikkje føler deg trua. Strobelysa sender deg inn i ein transe, og det einaste du ser er lilla lysglimt av hår, gitarar og intense blikk frå bandet. Musikken kan beskrivast som bekmørk, satanisk blackmetal miksa med seig hardcore og doom - for dei som lurer. Når siste tone er spelt går vokalisten rett ut og selg merch igjen, som om ingenting har skjedd. Fy faen for ein performance, folkens!
Eg bøyger meg i støvet og går som ein sjenert liten fjortis bort til han, tek han i handa og takkar for knall gig. Går heimover med ein flunkande ny gensar og eit nytt band i favorittrekka. Eg ELSKAR sånne opplevingar, det er den beste måten å finna ny musikk på.
10/10
Tusen takk, Hexis!
Og takk til Siloen for å ha gitt meg denne fantastiske opplevinga!
Kom på Tunghørt i oktober, folkens. De vil ikkje angra.
Patrick Fardal