Redaksjonens viktigaste plater: Jarand
Denne lista gjev deg eit innblikk i mine musikalske preferanser, og kva plater som gjer at eg forelsker meg i musikk på ny når eg høyrer dei.
Her kjem nokre av platene eg verdsett mest i ubestemt rekkefølge, ein handfull av dei har styrt musikksmaken min inn på nye vegar, nokre har høg nostalgisk verdi. Dette er i alle fall ti plater eg aldri vil gjeve slepp på.
Metallica – Ride The Lightning (1984)
Metallica har alltid vore bandet mitt. Lenge var dei det einaste i verda, i alle fall i mitt hovud. Bror min var musikalsk kompass frå tidleg av, og eg dilta ivrig etter då han fekk låne Load på CD. Totalt oppslukt. Eg arbeidde meg raskt bakover i katalogen og falt pladask, gripen av råskapen og aggresjonen. Luftgitarøving på guterommet vart fort dagleg ritual som ein del av heltedyrkinga. Her kunne eg eigentleg ha plassert samtlege plater men i ettertid har Ride The Lightning peikt seg ut som mest innverknadsrik. Mykje fordi den har eit meir sårbart utrykk enn debuten, men også takka være Cliff Burtons progressive låtskriving. Metallica engasjerte meg på ei måte andre band ikkje kunne nærme seg, og gjorde at eg lærte mine første powerchords.
Queens Of The Stone Age - …Like Clockwork (2013)
…Like Clockwork er ei noko annleis og innadvent plate, og landa i fanget mitt på perfekt tidspunkt. Dette var låtar som sa mykje eg sjølv hadde på hjartet, berre betre. Den skil seg ut frå dei andre platene deira sjølv om QOTSA har produsert særare greier som «Era Vulgaris» og «Lullabies To Paralyze». Josh Homme og banden opna augene mine opp for rock som er vakker, vond og steintøff på ei og same tid. Eg opplev i alle fall dette som eit samansurium av kjensler, rock for folk med tolmod. Ein av dei betre tekstane eg veit om dukkar opp på «I Appear Missing», hjarteknusing av beste sort.
Major Parkinson – S/T (2008)
Major Parkinson har vore med meg lenge. For ein lettpåverkeleg åtteåring vart Major Parkinson fort lokale heltar etter ein kort konsertoppleving (Reisæter, Streif 2005). Etter dette slukte eg debutplata heil då den kom tre år seinare. Dette er ein kavalkade av sirkusrock kor det boblar over av galskap og schizofreni. I tillegg til at dette er genial låtskriving i mine auger, finn du smidig gitarakrobati og dundrande trommer rundt kvart eit hjørne. Den deilige hardtslåande produksjonen til Sylvia Massy er også ein av grunnane til at eg kjem tilbake til denne plata igjen og igjen. Vokalen fortener eit eige kapittel. Jon Ivar Kollbotn sin psykotiske og eklektiske figur er kruna på verket.
Mikhael Paskalev – Heavy (2017)
Eg har allereie sagt nokre ord om denne på ei anna liste, men tida har ikkje endra meiningane mine om dette popmonsteret. Låtskrivinga osar kvalitet, lydbiletet er fargerikt, og Mikhael Paskalev har verkeleg teke åttitalets vidunderlege sjarm til eitt nytt nivå. Å høyre «Witness» eller «Needles in Our Hearts» utan å kjenne dansefoten rykke er nærmast umogleg, det seier litt då eg lirar av meg minimalt med dansemoves til vanleg. Heavy er gjennomført med glans. Eg vert beint fram misunneleg.
Baroness – Purple (2015)
Purple er den femte plata i rekka, og den beste i mi meining. Baroness har vore meir aggressive og valdsame på førre utgjevingar, men denne blandinga av sårbare og slagkraftige låtar er heilt rå. Produksjonen er nesten sprengferdig men inneheld også eit forfriskande elektronisk element. I tillegg til å være ein dyktig albumcover-kunstnar, skriv John Dyer Baizley svært treffande tekstar. Purple er gjennomarbeida, ein verkeleg tungvektar, og ikkje minst eit skikkeleg riffparadis.
Kvelertak – S/T (2010)
Det er vanskeleg å ikkje stokke orda når eg snakkar om dette bandet med andre, det er ei utfording å forklare kvifor noko treff deg så hardt som det gjer. Debuten har fått plass på fleire lister så eg skal prøve å kvele(hehe) lysten til å bable hemningslaust her. Dette får fram ei vill kjensle i meg, så forbaska energisk og ustyrleg. Andre og tredjeplata er intet unntak. Ein jævleg dag vert alltid litt betre om eg får høyre det primitive urskriket i byrjinga av «Evig Vandrar».
Pink Floyd – Dark Side Of The Moon (1973)
Utfordrande å styre unna klassikarar men denne betyr mykje meir enn som så for meg. Takka være pappa si platesamling fekk eg grundig innføring i progrock, Electric Light Orchestra, The Alan Parsons Project og sjølvaste Pink Floyd. Sistnemnte har eg lagt min elsk på, DSOTM er alltid med meg. Utvilsamt fordi den minnar meg om heime. Denne har eg gjenoppdaga mange gonger opp igjennom åra, og treff alltid like bra.
Mastodon – The Hunter (2011)
The Hunter er sanneleg ikkje den mest kritikarroste plata til Mastodon, ingen skivebom av den grunn. The Hunter la nemleg mykje av grunnlaget for interessa mi i tyngre sjangrar. Eg saumfara fort band i same krets og oppdaga blant anna Red Fang, Baroness, Kylesa, Gojira og High On Fire. Sjølv om Mastodon ofte kategoriserast som sludge hentar denne plata mykje frå både kommersiell hardrock og doom. Den startar også med eit av mine favorittriff, mektige «Black Tongue». Favorittspor nummer to er utan tvil låta med den kulaste tittelen, «Bedazzled Fingernails». Brent Hinds er ein gitarteknisk trollmann utan like.
Death From Above 1979 – The Physical World (2014)
Sjølv om punk allereie var godt representert på mine lister før denne kom ut, fekk eg eit skikkeleg kick av denne plata, tilbake til røtene. Eg vil ikkje nødvendigvis kalle The Physical World direkte punk men haldningane og energien er sanneleg på plass. Denne kanadiske duoen bråkar ufatteleg bra, og betre bassvreng skal du leite lenger etter. Bandet har minimalistiske låtar, riff som fengar, samt eit vanvittig øyre for hooks. «Right On Frankenstein!» og «White Is Red» er nokre av høgdepunkta du burde sjekke ut. Det ligg også ein artig dokumentar ute om bandet, verdt å sjå!
Motorpsycho – Timothy’s Monster (1994)
Coveret var det eg beit meg merke i først, den urovekkande figuren gjorde meg nysgjerrig. Timothy’s Monster er røff og ikkje stadig like snill, men det er alltid ein fryd å høyre gjennom heile. Eg kjem ikkje unna kor sterk den er, frå sarte «Feel» til spirande «Wearing Your Smell». Eg elskar det ekte, uretusjerte lydbiletet og korleis det smeltar saman med tekstane. Sjølv om låtane kan være kaotiske er det ein viss ro over plata. Nittitals Motorpsycho er noko underlege greier, men også forbaska tøft og oppslukande. Høyr denne, du vil ikkje angre.
Jarand Aga Baas