Harpefoss Hardcorefestival - 5 grunnar til å reise
Dette er andre året Harpefoss Hardcorefestival sparkast i gong (14-15 september), og eg kjem meg søren ikkje dit i år heller. Neste år så må eg berre få reist, ikkje sant? Det byrjer faktisk å bli smått irriterande å ikkje kunne reise på ein festival som eg trur raskt kunne blitt ein av mine favorittar - berre les litt om kvifor nedanfor:
“Vi har i år vi kokt sammen en festival som vi mener kommer til å overgå fjorårets festival på flere områder. Harpefoss Hardcorefestival 2018 blir større enn i fjor. Vi utvider til to dager, filmvisning, gratiskonsert rettet mot barn og unge, kunstutstilling, mat fra Annis Pølsemakeri i Ringebu og en stor utescene. Harpefoss Hardcorefestival har også i år fått fantastiske artister til å gjeste Gudbrandsdalen, men nytt av året er All Ages- konserten rettet mot barn og unge lørdag 15. september kl. 15.00. Dette gjøres bevisst fra festivalens side for å gi et litt annerledes tilskudd til et allerede yrende musikkmiljø i midt-dalen. Målet er at barn og ungdom kan gå fra konserten med tanker om å starte et eget band, uansett sjanger.”
Dette høyres jo kanonbra ut! Her er 5 grunnar til kvifor du bør ta turen sjølv:
1. Lidenskapen
Foto: Bødvar Hole
Altså - berre sjå på desse karane her. Berre smila deira burde fortelje deg at dei meiner alvor, og at det ikkje akkurat står på lidenskap. Jompi Myren og Johnny Vaet Nordskog har starta noko på eige initiativ som har vakse seg stort på to knappe år. Berre det å ta på seg noko så krevjande er beundringsverdig i seg sjølv, men når dei får kokt saman ein lineup som truar med å riva Gudbrandsdalen sønder og saman må du jo berre støtte opp! Dette er så inspirerande at det gjer litt vondt i hjartet mitt.
2. Gudbrandsdalen
Herrefred! Gudbrandsdalen burde vore orsak nok til å ta turen. Trolsk, majestetisk og heftig natur! Blandar du dette med hardcore så får du ein pakke som etter min meining blir beint fram uslåeleg. Fy flate for ein stemning det må bli! For ein mikstur! I tillegg så er jo september eit kanonbra tidspunkt - hauststemning, fin natur og beinhard musikk. Blir det betre? I think not.
3. Lineupen
Sjå på dette! Ta deg nokre minutt mens du stirrar på den lineupen der. Eg treng eigentleg ikkje sei meir trur eg. Men eg kan forsikra deg om at du kjem til å oppleva kvalitetsmusikk frå start til slutt. Eit band som eg må trekke fram er jo DIE A LEGEND. Berre det å sjå dei live er nok til å skrapa saman peng til ein skarve festivalbillett! Koman folkens, dette skjer ikkje ofte.
4. Undergrunnen
Er det ein ting Evig Lyttar står bak så er det undergrunnsarbeid. Folk som kjempar for å få undergrunnen opp og fram i lyset har ein spesiell plass i hjartet mitt, og denne festivalen er eit prakteksempel på slikt. Om ikkje anna så bør du støtta slike festivalar. Alle vinn på det!
5. Kosen
“Det er egentlig litt rart at en festival i denne sjangeren er koselig, men dette er en skikkelig koselig festival!”
HARDCORE OG KOS! Eg er sjalu inn til beinet på dei som har moglegheita til å reise.
Om du treng eit spark bak til å finna fram lommeboka og setta av datoen finn du ei speleliste nedanfor her. Takk for meg!
Patrick Fardal