Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
0013545509_10.jpg

Krakow - Minus

September 10, 2018 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Om du speler i band, gjer som Krakow. Ta tida til hjelp. Finn fram til det beste i dei beste låtane, skrap vekk veikare delar og vrak alt anna. Då Evig Lyttar intervjua bandet for ti månader sidan var prosessen i gang, og ein kan ikkje unngå å setje pris på resultatet av maratoninnsatsen. Kort sagt er det heilt vedunderleg å lytte til seks låtar der alle element spelar på lag, der ikkje noko, tilsynelatande, kunne ha vore gjort annleis. Minus osar av urmenneskeleg, suggererande og rockdriven heilskap, som gjer at plata både skil seg ut frå bermen og krev fokus frå lyttaren. Innhaldet er bevisst repeterande og drygt, og lyttarar som kjedar seg når tempoet senkast risikerer truleg å avvise plata som eit stort gjesp. Synd for dei, for dette er gull for dei som evnar å navigera i Krakows småkaotiske musikklandskap.

Plata opnar med “Black Wandering Sun” og “Sirens”, to låtar som syner korleis Krakow, som lova, leverer eit meir rocka og mindre eksperimentelt uttrykk enn tidlegare. Låtane er tona ned og storslegne på ei og same tid, krydra med gitarsoloar og sterke, varierte vokallinjer. Midt i “Sirens” skulle ein nesten tru at sjølvaste Abbath gaular innom, og det læt i det heile teke steike feitt. Tredjelåta “The Stranger” er både meir kaotisk og meir avdempa enn dei to første, og den kjem inn som ei kombinert utblåsing og andedrag før den noko langsamare og formidable andre del av plata tek til. Det heile er balansert og mykje vel set saman.

“From Fire From Stone” har eit historisk sus over seg, og om ikkje åndemanartromminga og lengselsvokalen gir deg assosiasjonar til Wardruna så veit ikkje eg råd. Dette den tyngste låta på plata, og den tryller fram ein meditativ godstogkjensle som på mange måtar vert varemerket til heile plata. Meditasjonen held fram i “Minus”, eit framifrå dobbelt crescendo av ein instrumentallåt. Etter avslutninga, med dobbel basstromme og full spikar alle kanaler, ville mange band sagt seg nøgd med arbeidsinnsatsen, sendt plata til miks og tusla heim att. Det gjer Krakow sjølvsagt ikkje. Dei dreg i hop det som høyrest ut som eit solid mannskor og toppar sistelåta “Tidlaus” med det. Ageleg, mystisk og imponerande. Eg får lyst til å hogge meg ein furubåt og ro til Shetland, om ikkje anna enn fordi eg no har det perfekte lydsporet.

I fall du er godt kjend og vand med sjangrane doom, stoner og tungrock er dette nok ein godbit til platesamlinga. Samtidig, om du diggar til dømes Mastodon og anna råkkete musikk, er Minus ein super inngangsportal til meir utfordrande musikalske oppdagingar.

8,5/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Marius H. D. Salvesen

September 10, 2018 /Patrick Fardal
Krakow, Minus, Platemelding
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!