Kanaan - Windborne

Den oslobaserte trioen Kanaan slapp deira første plate på El Paraiso Records i desember, og eg har nytta jula til å søkke inn i bandets blanding av jazzrock og eksperimentelle impulsar. Her kjem ei melding, låt for låt, av ei meget interessant debutplate.

Kanaans samansette verd breiar seg raskt ut frå start. Opningssporet «A.Hausenbecker» fangar lyttaren med ei travande basslinje som driv låta fram. Bandet held deg verkeleg på «pinebenken» med eitt engsteleg og jagande lydlandskap i fleire omgangar, men når det mektige riffet først trer i kraft er det så til dei grader tilfredsstillande. Det heng liksom i lause lufta men tek meg på senga kvar gong.

«Roll Beyond» bikkar heile ti minutt og bandet nyttar tida til å legge ned eitt laust lydteppe for så å byggje det gradvis oppover. Det oppstår eitt eksotisk landskap som transformerast til eit saftig progressivt parti. I stor grad er trommene og bassgitaren det drivande elementet, mens gitarstemma dansar lett og ledig på topp. Låta trekk deg i mange retningar men det ligg ein slags gal psykedelisk sinnstemning over det heile.

«Harmonia» nyttar same prinsippet, der trioen dannar eit minimalistisk fundament og byggjer lydbiletet ut, denne gongen med synth og melodisk gitarspel. Likevel skil låta seg ut ved å forlata det kaotiske elementet. Det er ikkje noko grensesprengande her men eg set pris på dei fargerike nyansane og stemninga som oppstår. Der «Harmonia» har beina planta på jorda, tek «Act Upon The Mundane World» ein krapp u-sving mot det tunge, suggerande og eksplosive. Trommene og bassen jagar kvarandre fram mot eitt stonerrock-aktig riff ala Hedvig Mollestad Trio. Riffet utnyttast til det fulle og badar til slutt i dryge gitareffekter med nokre knusande trommebrekk i ryggen.

Kanaans affeksjon for tunge riffbaserte lydmassar kjem til syne også på «The Groke». Dette er ein kampestein av ei låt, berre den blytunge bassen er til å få frysningar av. Med unntak av dei jazza trommene kunne denne introen like gjerne vore frå katalogen til Monolord eller Weedeater. Her smadrar bandet saman alle krefter og ut kjem noko uhyggeleg saftig.

Tittelsporet syr saman improvisatoriske parti og rundar av reisa med eitt mylder av lyd og impulsar, det oppstår både uro og spaning før låta oppløysast bit for bit. Som eitt strukturert jamparti oppsummerer dette plata godt og legg 45 minutt med sylskarp speling og kaotisk rabalder bak seg.

Kjemien desse tre imellom er verkeleg potent, dei beherskar både eksperimentell jazzrock og det som tyngre er. Eit band med sans for dynamisk og ambisiøs sjangerleik. Favorittaugneblink: «A.Hausenbecker» og «Act Upon The Mundane World».

8/10 TRYNER!

Jarand Aga Baas