Death By Unga Bunga / Tyven 24.01.19
Tyven har på kort tid markert seg som ein attraktiv utestad i Trondheim, denne kvelden var ikkje noko unntak. Det var allereie trongt i lokalet ei stund før konsertstart og byens mange dongerikledde og øltørste rockarar samla seg for å beskue eitt elektrisk show. Etter å ha brauta seg igjennom publikum sett bandet i gong, «Into The Night» dreg meg raskt inn i headbang-humøret.
Sjølv om folkemengda på Tyven er noko stilleståande i starten skyt aktiviteten opp med rakettfart. Death By Unga Bunga verkar innstilte på å gjere kvelden til ingenting anna enn ein heilaften og fyrar på alle pluggar rett som det er med «Tell Me Why». Det tek ikkje mange minutta før vokalist Sebastian Ulstad Olsen trer ut på golvet iført Maiden t-skjorte for å riste liv i lokalet. Det må nemnast at han er ein av dei vokalistane som kan vise fingeren til fansen og likevel få smilande ekstatiske blikk i retur. Ølet går ned på høgkant til lyden av kompromisslaus rock n’ roll. Blant nyare låtar fell både «Soldier» og «Turn My Brain Off» i smak hos fansen, men «Cynical» er utvilsamt høgdepunktet, ei forrykande framføring som sett i gong ein skikkeleg moshpit.
Death By Unga Bunga har runda 10 år som band og det viser. Sceneshowet og uttrykket er gjennomført, det osar pondus av bandet. Eg veit ikkje kor bandet får all energien frå, men eg kan ikkje tenkje anna enn at å spele i rockeband er det beste dei veit. Dette vert klinkande klart på «I Wanted Everything».
Det tek fullstendig av midtvegs i «I Wish I Didn’t Know» då bandet trekk ut låta med trippel gitarsolo - med gitarane bak hovudet, naturlegvis. Riffa er botnsolide, bandet skal ha all ros for å halde nivået oppe låt etter låt. «Denne låta handlar om å drikke øl» kjem det frå PA-anlegget, «Boys» vert ein eksplosiv slutt på det som har vore ein rockekavalkade eg ikkje ville vore foruten.
8/10 TRYNER!
Jarand Aga Baas