Sovereign // Cult Member // Duvel // Norsk Råkk @ Vaterland 26.10.19
Dette har vore ein draum så lenge eg kan hugsa. Å få lov til å presentere eit knippe band på ein så bra venue som det Vaterland er. Ikkje minst betyr det alt at eg fekk moglegheita til å miksa og triksa med sjangrar - ein Evig Lyttar presenterer: kveld hadde ikkje vore riktig om me ikkje blanda litt - me dekker jo alt mogleg. Det eg ikkje kunne førebudd meg på var kvaliteten på kveldens lineup. Misforstå meg rett - eg visste at det kom til å smelle altså. Men eg visste ikkje kort hardt. Gud bedre så hardt det smalt.
SOVEREIGN
I staden for å starta mjukt og avslutta hardt så køyrte me rett på med kveldens hardaste innslag - Sovereign. Dette dødstrashbandet har ikkje eksistert uhorveleg lenge, men dei har allereie befesta seg i scena og varma opp for blant anna Obliteration for ei tid tilbake. Eg kjenner jo 3 av medlemmane frå før. Det morsomme er jo at bandet vokalist/bassist Simen, gitarist Vidar og trommis Kristian var med i før, var det bandet som starta Evig Lyttar opp for alvor - Stormbeist. Då er det ekstra kjekt å ha gjengen med på den aller første Evig Lyttar-showcasen. Nesten litt poetisk. Vakkert, rett og slett.
For det første må eg sei at eg er så sjukt lukkeleg over å sjå Simen Grong som frontmann. Han har ein vokal som legg seg rett der den skal vere. Resten av bandet gjer alt rett også - solide, kraftige slag frå Kristian Horn og riffing rett frå helvete servert på den beste måten frå Vidar Fineidet og Tommy Jacobsen. Det var ein fryd å endeleg få sjå dei på laurdag. Hardt, brutalt, kjekt og minnerikt! Tusen takk, gutar!
CULT MEMBER
Dei som var på denne konserten kan vel einast om at dette var ein kraftprestasjon av dei sjeldne. Bandet kom heilt frå kaldaste Tromsø for å gjere sin første gig utanfor Nordens Paris og Bastard Bar. Dei har jo ikkje gitt ut noko, så den einaste måten å vita litt kva det gjekk i var instagramkontoen deira og intervjuet eg gjorde førre veke, men det var ikkje så mykje å gå på. Eg var sjølvsagt sjukt spent, men eg tvila jo aldri på at det kom til å bli bra. Med trommemaskin og undergrunnsgud Truls Norbye (Die A Legend), Rolf Ole Rydeng Jenssen (JABBA, Reptile Master) med i gjengen måtte det jo bli bra. Det som overraska meg mest denne kvelden var vokalist Julian frå USA/Island. Fy flate for eit beist av ein mann. Han levde seg heilt inn i musikken og hadde ein utstråling som kunne ha skremt kven som helst. Med blant anna sylskarp rifforama frå Casper Nilsen og 5 låtar på 5 minutt i midten av settet (trur eg? det gjekk så kjapt og var så hardt at eg gløymte litt kva som skjedde) gjorde Cult Member eit av dei feitaste setta eg har sett. Fandenivoldsk og steinhardt. Tusen takk for at de ville gjere det hjå oss!! Eg fryder meg over å følgje dykk vidare.
DUVEL
Her var me på førehand lova eit sett stappa med nytt materiale - og bandet skuffa ikkje. Litt trøbbel med synthen her og der men den konserten trollbandt meg så det sang. Det er eigentleg vanskeleg å skriva om det. Det bandet har blitt så massivt sidan sist eg såg dei. Jack Holldorff har utvikla seg heilt ekstremt som frontmann. Med god hjelp frå resten av bandet greip han tak i Vaterlands metaforiske ballar og slapp ikkje før det var over. På eit tidspunkt kasta han seg rett i bakken. Han var litt over alt, kan du sei. Ein av dei tinga eg sit att med etter denne opplevinga er vel ein ekstrem trang til å høyre låtane dei spelte igjen og igjen, og igjen. Det fenga meg så hardt! Eg sa det nok fleire gonger til bandet også, og eg seier det igjen: Få det innspelt!
Dette bandet må du rett og slett berre få sett så fort du kan. Ekte rockestjerner med ekte lidenskap og driv er noko me berre må nyta. Seriøst. Tusen takk Duvel, de er heilt fantastiske.
NORSK RÅKK
Kveldens siste innslag kom som ei overrasking dagen før. Ska-punk heltane i Norsk Råkk sa ja til å avslutta dagen med eit heidundrande sett, og dei leverte så det smalt. Med lydsjekk der og då, rett før gigen, hadde dei blåsarar, gitarar og fleire vokalistar som berre eigde heile golvet. Det var som å bli sendt tilbake til tida då eg var ung og skikkeleg oppteken av punk. Nostalgien stod sterkt, blant anna når dei fleska til med The Aller Værste-cover. Fy flate for ein gjeng. For ein avslutning. Gi meg styrke! Folk dansa og golvet rista. Tusen takk til dette nydelege orkesteret for at de stilte opp! Elektrisk stemning som sendte støt gjennom crowden.
Råfine DAUFØDT tok seg av underhaldninga nede i baren resten av kvelden og spelte bangersbonanza og hit etter hit på anlegget. Steintøft at dei kunne koma og henga ut - skikkeleg nydeleg dj-set som eg naut mens eg meska meg med ein av Vaterland sine steingode pizzaer. Trur det var Favven. Eg åt sånn 3 Satan-pizzaer i løpet av denne helga også, så det gjer vondt i rompa no. Men sjukt verdt det.
I oppløpet til denne kvelden har eg opplevd stress, katastrofe-tankar og glede om kvarandre. Det eg sit igjen med no er blod på tann og ein massiv lyst til å gjere dette fleire gonger. Eg vil ha MEIR!! For ein kvalitet og prestasjon frå banda, og for ein venue Vaterland er. Eg kunne ikkje bedt om ein betre kveld og ein finare 30-årsfeiring. Eg fekk møtt så mange feiande flotte menneske den kvelden at eg blir heilt svimmel.
Tusen takk, gleder meg til neste gong!
Patrick Fardal