Golden Core - Fimbultýr

Foto: Silje Storm Drabitius

Foto: Silje Storm Drabitius

Fysisk Format

Altså. Når eg høyrte ‘Villist Vættir’, den første smakebiten frå Fimbultýr , opplevde eg rein lykke og eit sterkt sinne på same tid. Rein lykke fordi låta var så uhorveleg feit, sinne fordi den var ALTFOR KORT! Korleis i alle dagar kunne dei gjere dette mot meg? Erte meg på denne måten?

Når eg fekk roa meg ned begynte jo sjølvsagt maskina å surre i hovudet mitt. Kjem resten av plata til å slå like hardt? For ‘Villist Vættir’ var noko av det mest svartmetalske eg hadde høyrt på ei stund. Blir det meir fokus på svartmetall denne gongen, eller har dei framleis like mykje doom og stoner i seg? Karane har jo blitt eldre sidan sist, og dei har fått så utruleg mykje meir erfaring. Live har dei jo teke heilt av, det kan dei fleste vere einige i, vel? Dette er jo ein av dei sterkaste duoane / banda generelt me har i Noreg om dagen. Den som vil krangla på det tabbar seg loddrett ut.

Den andre og siste singelen før release 1.november kom ikkje lenge etterpå, i form av den rifftastiske låta ‘Hrafnaspá’. Dette er eit kraftstykke av ei låt. Doomen og sludgen er der framleis i beste velgåande, folkens.

‘Blod’ er ei anna låt eg berre må få trekka fram. Tøffare trommer og riff skal du leita langt om lenge og lengre enn langt etter. Det minner meg om bandet Barbarian Fist og låta ‘No Brakes on the Rape Train’ (Conan-referanse, ikkje les meir enn naudsynleg inn i den låt-tittelen er du snill).

Det som også må nemnast er stemma til trommis/vokalist Johannes Thor Sandal. Dæven døtte eg elskar å høyre på den vokalen. Den er framleis litt ungdommeleg, men det pressast så mykje guts og ekte kjensler ut av dei stemmebånda at det nokre gonger er som om eg får eit slag rett i fleisen.

‘Buslubaen’ er vel eigentleg den beste låta på heile plata. Det er eit epos. Eit mesterverk. Nesten 11 minuttar med rein slagkraft. Fy flate satan. Her beviser duoen atter ein gong kvifor dei befinn seg i toppen. Denne låta er like fengjande som den er deilig. Like hard som den er magisk. Det er noko uhorveleg vikingsk over det heile. Det er lenge sidan eg har kjent på trongen til å finna øksa og springa ut i skogen for å herja. No klarar eg nesten ikkje styra meg. Her klaffar alt. Absolutt alt. Stemma til Johannes Thor kjem inn med eit skrik som godt kunne kome rett frå Odin når han heng på Yggdrasil. Trommene leikar seg, men held det hardt på same tid. Gitaren til Simen Jakobsen Harstad riv seg gjennom lydbilete som ein hær med blod på tann. Herrefred eg blir glad av denne låta. Rocken, gitaren og lidenskapen lev vidare i desse to fantastiske karane her. Tenk at det berre er to (!!!) som serverer deg dette fyldige lydlandskapet! Klyp meg i armen.

‘Lite Vet Mennesket’ avsluttar det heile. Dette er ein roleg og idyllisk instrumental dei fleste kan få gåsehud av.

Tusen takk, Golden Core. Eg legg meg langflat i støvet, tek av meg hatten og sit klar med øks og skjold når de treng meg.

Kjøp plata!

9/10 TRYNER!

Patrick Fardal