Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
76902538_2527649277311344_2662336573365813248_n.jpg

Det beste frå 2019 - Patrick

December 25, 2019 by Patrick Fardal in Framside, Anbefalingar, Årets Beste

Eg er så sjukt glad i 2019, i alle fall om ein ser på musikken som har kome ut. Det er alltid eit reint helvete å skulle raska saman det ein har høyrt på gjennom året, så eg er ikkje 100% sikker på at eg har fått med meg alt. Men, her har du lista mi! Mykje mørkt og hardt, men også ein god del lyst og fint.

45 norske

1.  Agenda – Apocalyptic Wasteland Blues

Dette er vel den norske plata som har satt djupast spor hjå meg i 2019. For eit helvetes beist det er. Det er så fengjande, så bra, og så viktig! Pluss at ingen av låtane er kjedelege eller dårlegare enn andre på plata. Det tar liksom aldri slutt. Det er rått at noko så hardt kan vere så fint å høyre på. For Apocalyptic Wasteland Blues er definitivt vakkert. Trommene, bassen. Vokalen til Hans Olaf, Håkon og Trond. Særeigne stemmer på alle som ein. Tusen takk, Agenda! KRØST

2.  Golden Core – Fimbultýr

ROCKEN LEV, FOLKENS! Denne duoen her er ikkje berre fantastiske folk på personleg plan, men også som musikarar. Denne plata er så feit at eg blir litt tullete i toppen. BUSLUBÆN! Eg har allereie skreve ei 9/10 melding om denne plata, så eg treng ikkje sei så mykje meir. Men du bør jaggu følgje med på denne duoen framover. Dei kjem til å ta over heile skiten til slutt. Tilbodet står framleis karar, eg er med på raid når de treng meg. Stiller med eiga øks.

gc.jpg

3.  Wet Dreams – Wet Dreams

Hår på brystet og våte draumar, folkens. Skurrete og stappfull av ærlege tekstar. Ei debutplate utan sidestykke. Death By Unga Bunga-Sebastian har ei stemme (og ein stil) som passar denne musikken som hånd i hanske, som fot i hose. Som sukker og kanel i grauten. Heile plata sitter som støpt. 70-talet, budweiser, farga solbriller og ærlege tekstar som treff dei fleste.

WD.jpg

4.  Nord Mot Nord – Nordlengselstyranniet

UGH! Dette har eg venta på sidan 2016! Jaggu på tide, og dei leverer så til dei grader. Blir litt lei meg for at eg ikkje er nordlending, for å være heilt ærleg. Denne plata er soundtracken til nord. Patriotiske greier som eg skulle ynskja eg var ein del av. Eg har budd eit år i Tromsø då, men det er absolutt ikkje det same. Uansett, tusen takk, NMN, takk for at eg har fått vere med på denne reisa sidan me hadde premiere på Pivotal-dokumentaren. Takk for eit show eg aldri kjem til å gløyma, og takk for mange fleir i framtida! Eg lengtar!

NMN.jpg

5.  Chain Wallet – No Ritual

Dette er så vakkert, så vakkert. Dette er noko av det beste som har skjedd Noreg. Denne musikken gir meg så mange kjensler! Om eg skulle hatt ein soundtrack til filmen om mitt liv måtte det blitt denne skiva, for den har på ein måte alt. Chain Wallet har vore med på å gjere meg litt meir “vaksen” i musikksmaken min, noko eg set utruleg stor pris på. No Ritual er ei plate som berre gir og gir utan å forventa noko tilbake. Det er alltid deilig å kunne sette nåla ned på denne plata, for du veit at det ikkje blir kjedeleg. Kjøp den, len deg tilbake og nyt.

6.  Hajk – Drama

7.  Inculter – Fatal Visions

8.  Spielbergs – This is Not the End

9.  SIBIIR – Ropes

10. Borgarting – Far

11. Mayhem – Daemon

12. FOAMMM – FOAMMM

13. Djevel – Ormer til Armer, Maane til Hode

14. Deathcrush - Megazone

15. The Dogs – Before Brutality

16. The Mansters – Your Scene

17. Gaahls Wyrd – GastiR – Ghosts Invited

18. Mork – Det Svarte Juv

19. The Devil & The Almighty Blues – Tre

20. Timeworn – Leave the Soul for Now

21. Stay Young – Entry of Exit Park

22. Dangerface – Get Loud!

23. Solstorm - II

24. Spidergawd – V

25. Superlynx – New Moon

26. Astrosaur - Obscuroscope

27. Makkmat – Beina Brenner

28. The Needs – You Need The Needs

29. Highasakite – Uranium Heart

30. Darkthrone – Old Star

31. Motorpsycho – The Crucible

32. Freedumb – Post-Modern Dark Age

33. Blomst – Blomst IL

34. Bendik – Det går bra.

35. brenn. – Elsker

36. Hjelp - Hjelp

37. Sigrid – Sucker Punch

38. 1349 – The Infernal Pathway

39. Gold Celeste – The Gentle Maverick

40. Svadilfare – Fortapte Roetter

41. Nifrost - Blykrone

42. The Modern Times – Algorythmic Dance Music

43. Dauden - Dodsblikket

44. Bokassa – Crimson Riders

45. Wolves Like Us – Brittle Bones

35 Internasjonale

1.  DIIV – Deceiver

Denne plata er min desiderte favoritt frå 2019 OVER HEILE FJØLA. Elsker DIIV. Det er så mange kjensler inni desse låtane! I tillegg er det ekstremt fengande. Så fengande at eg kan høyra dei gong på gong utan å kjeda meg. Oppdagar alltid noko nytt. Eg klarar eigentleg ikkje å forklara kor forbanna bra denne plata er. Stemninga den gir er ganske så unik. “Like Before You Were Born” er definitivt favorittlåta, men alle er på same nivå. Lyrikkmessig fortjener denne gjengen ein pris. Eg gir herved årets fiktive lyrikkpris frå Evig Lyttar til Zachary Cole Smith. Grattis!

DIIV.jpg

2.  Vånna Inget – Utopi

Svenskane veit kva dei driv med! Heita deg for ei plate. Utopi må vere noko av det feitaste eg har høyrt frå Söta bror nokon sinne. Allt ska bli bra, folkens. Alt ER bra når ein høyrer på denne plata. Skittent, men vakkert. Brutalt ærleg, men betryggande. Eg klarte jaggu meg å bli med i musikkvideoen til den eine låta deira også, hehe. Vånna Inget har nådd nye høgder med denne fullengdaren. Nyt den!

3.  FEWS – Into Red

FEWS er eit band du rett og slett berre må sjekka ut om du ikkje allereie har gjort det. Plate nummer 2 i rekka havnar på 3.plass hjå meg i 2019, men det er kun fordi nivået er så høgt. Elsker stemninga Into Red skapar. Frekke basslinjer, steinfin riffing og god veksling mellom mørk postpunk og garasje/indie-greier.

4.  Nightwatchers – La Paix Ou Le Sable

Vive La France! Dette bandet datt i fanget mitt som lyn frå klar himmel for ei tid tilbake, og eg har elska dei sidan. Nightwatchers har ein unik måte å miksa punk ala Disco Ensemble og postpunk/indie på ein slik måte at eg siklar frå kjeften. Den nyaste plata er reint, skinnande gull. The french are coming!

5.  Vidro – Alt Brinner

UGH! HARDCORE! Svenskane leverer atter ein gong. Denne plata har fyrt meg opp sidan eg blei tipsa om den i september. Helvete heller. Den vokalen gjer meg så eitrande forbanna (på ein god måte) Kalla drömmar. Vidro kommer aldrig dø. Hvertfall ikkje så lenge eg har øyrer. Håpar eg får sjå dei live snart. Plis sei at eg får sjå dei live snart. Eg treng det.

V.jpg

6.  White Lies – Five

7.  Hibou – Halve

8.  True Moon – II

9.  Odd Man Out – New Voice

10. Martyrdöd - Hexhammaren

11. White Reaper – You Deserve Love

12. Hurula – Klass

13. M:40 - Arvsynd

14. Black Marble – Bigger Than Life

15. FOALS – Part 1, Part 2 Everything Not Saved Will Be Lost

16. Drab  Majesty – Modern Mirror

17. Halshug – Drøm

18. Ligæder – Den Tomme Menneskehed

19. Witch Vomit – Buried Deep In a Bottomless Grave

20. King Gizzard & The Lizard Wizard – Infest The Rats’ Nest

21. Sheer Mag – A Distant Call

22. Monolord – No Comfort

23. Angel Du$t – Pretty Buff

24. Late Night Venture - Subcosmos

25. Asagraum – Dawn of Infinite Fire

26. Morild – Så Kom Mørket Og Tok Mig på Ordet En Sort Sky Af Minder i Afgørende Stunder

27. FONTAINES D.C. – Dogrel

28. Sect – Blood of the Beasts

29. ORM - Ir

30. Baroness – Gold & Grey

31. Torche - Admission

32. Xenoblight - Procreation

33. Devil Master – Satan Spits on Children of Light

34. Mgła – Age Of Excuse

35. Demon Head – Hellfire Ocean Void

EPer & Singler (Nasjonalt/internasjonalt, urangert)

Daufødt – Forbudte Frukter, Nå Rakner Alt

Die A Legend – Winning

Ē – ēp

Death Throne – Evasive Gestures

Kåte Klør - Javel

Hot Nuns – Wrong Again

Leiving – Brente Barn

Lazy Queen - A Sigh So Deep

Mordbrann – EP

Valp – EP

Through The Canopy - Descension

Bölzer – Lese Majesty

Deception - Epidemic

Faenihælvette – Ikke Ta Imot Godteri Fra Kristopher Schau

Fjøsnisse - Heksedreper

Soft Kill - Tin Foil Drip

Kvelertak - Bråtebrann

Combos – Sushiramenbruceleewutangclan

Konvent – Puritan Masochism

Sovereign – Neurotic Existence

Hudkreft – Kulturelitens Barn

The Good, The Bad & The Zugly – Staying With The Trouble

Vestindien – NULL

-Patrick Fardal-

December 25, 2019 /Patrick Fardal
Evig Lyttar, Redaksjonens Favorittar, 2019, Patrick, Årets beste
Framside, Anbefalingar, Årets Beste
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!