Favorittar frå Januar
Jørn
Danger Mouse, Karen O - Woman
Med 19 Grammy-nominasjoner (6 av dem vunnet), produsentroller for artister som The Black Keys, Gorillaz, Red Hot Chili Peppers, Beck, Norah Jones, A$AP Rocky, U2 og Adele, musikalske samarbeid med Danielle Luppi, Jack White og Norah Jones (albumet “Rome”), Sparklehorse (albumet “Dark Night Of The Soul”), MF DOOM (under navnet DANGERDOOM), CeeLo Green (under navnet Gnarls Barkley), The Shins (under navnet Broken Bells), Damon Albarn (under navnet The Good, The Bad and The Queen), og Big Boi og Run The Jewels (“Chase Me” soundtracket til filmen “Baby Driver”), er det ingen tvil om at Danger Mouse er en av de mest profilerte og råeste figurene i musikkbransjen. Da jeg leste at han skulle samarbeide med Karen O, frontfigur for Yeah Yeah Yeahs, og slippe et album utpå vårparten i 2019 begynte jeg å hyperventilere. Alt den fyren tar i blir til gull (hørt “The Grey Album”, hans mash-up av Jay-Zs vokal fra “The Black Album” med instrumentalspor fra the Beatles “The White Album” eller? Sheeeeeez).
Singelen “Lux Prima” de slapp sammen sent i fjor (hvorvidt en 9 minutter lang småschizofren låt der den første ordentlig hørbare vokalen dukker opp rundt 3:26 kan kalles en “singel” er ikke en diskusjon jeg tar her. Husk at Sleeps “Dopesmoker”, som klokker inn på rett over timen, også teknisk sett er én låt) er helt sjukt fet, og da singel numero dos kom for et par uker siden kjente jeg at øregangene mine ikke er godt nok preparert for hva som kommer. “Woman” er et mye streitere spor som trekker mer inspirasjon fra 60-tallets glade dager og lett kunne havnet på en Black Keys-skive, men Karen Os råsterke vokal tar akkurat opp den plassen den skal. Med to så forskjellige låter ute er det vanskelig å si hvilken retning det kommende albumet skal ta, men “Woman” er lett en av de råeste låtene som dukket opp i musikksfæren i januar
Sondre
Misty Coast – Melodaze (Brilliance Records, 25. januar)
Bergensduoen Misty Coast har virkelig funnet den perfekte balansegangen mellom drømmeaktig elektropop og psykedelisk indierock på sitt andre album, Melodaze. Lydbildet er ofte tett og komplekst, med lag på lag av ulike instrumenter, vokalmelodier og effekter. Til tross for dette oppleves albumet lekende lett og fengende. Nivået er jevnt over høyt fra start til slutt, men låtene «Loophole», «Sundays», «Little Sister» og «Berlin Zoo» skiller seg positivt ut, og har sikret seg plass i spillelistene mine for 2019.
Jeg kommer heller ikke unna å nevne EP-en A Sigh So Deep av Lazy Queen, som jeg anmeldte til en solid 9/10. Sjekk ut anmeldelsen for mer om denne utgivelsen.
Andre utgivelser jeg likte i januar:
Lorelle Meets the Obsolete – De Facto, Swallow the Sun – When a Shadow is Forced Into the Light, Sharon Van Etten – Remind Me Tomorrow, We Are Impala – Visions, Erlend Ropstad – Brenn Det Siste Brevet, Captain Kill – Monkey Metal Thunder, Musmahhu – Reign of the Odious, The Drowned God – I’ll Always Be the Same, Spidergawd – V, Yvette Young – piano (EP) og Dead Kiwis – Systematic Home Run (EP).
Jarand
Mike Krol – Power Chords (Merge Records, 25. januar)
Denne plata datt ned i fanget mitt utan at eg hugsar heilt kvar den kom frå. Ikkje veit eg kven Mike Krol er heller. Men, Power Chords har vist seg å vere ei heilstøypt rockeplate utan tull og fjas, som fanga meg raskt. Med sjarmerande usminka vokal og pumpande trommer skyt låtane fart gjennom ei tjukk sky av vreng. Det meste er eigentleg vreng. Og det frydar eg meg over. Plata blandar saman skranglete garagerock og bittersøte tekstar som til tider kan likne på Parquet Courts eller Jeff Rosenstocks POST-. Samstundes ligg det ein del gamal punk i botn, berre høyr «Little Drama». Dessutan har denne låta ein skikkeleg pangstart, knalltøft.
Lydbiletet er ullent og enkelt, her er ikkje rom for noko overflødig bortsett ifrå ein og anna leiken synth. Power Chords er i all hovudsak ei samansmelting av deilige og lettfordøyelege låtar, som held eitt bra nivå.
Marius
ME AND YOU VA-VA-VOOM - The Perfect Slot (Januar 2018, Rob Mules Records)
Etter første gjennomlytting tenkte eg at no har Hydro sleppt litt for mykje aluminiumstøv i drikkevasskjelda i Høyanger (igjen?). Så kom vintersola att i Indre Sogn og med assistanse frå redaksjonsmedlem Sondre openberra The Perfect Slot seg som den lille genistreken av ei plate den er. Powerpunketrioen Me And You Va-Va-Voom (MAYVVV) har, med inspirasjon frå amerikansk hardcore og metal, levert eit sekstan minutt langt konseptalbum om norsk skikultur. Kjappe, presise og snedne låtar levert med full fres og glimt i swixen. Kven har ikkje bruk for det?
På eit drygt kvarter rockar MAYVVV seg innom ei rekke element som ligg sentralt i den nasjonalromantiske skiførestillinga, og kvar song har sitt eige tema: ‘The Weather Forecast’ minnar oss på å sjekke værmeldinga. ‘Slopekiller’ listar opp dei fundamentale prinsippa som styrer hjernen hjå skifanatikarar. ‘No Days Off’ preikar at hardtrening kvar dag må til for å bli best. Og slik held bandet fram. Nirvana i Noreg er fløyelspreppa nedfartar og nylagde spor i skogen. Soloppgang skal opplevast i fjellet, ikkje frå desktopen. Doping er ein naudsynt styggedom for å få best tid. Og ikkje minst, dette er ein kultur som har djupe, djupe røter. Ferdig snakka.
The Perfect Slot er ein herleg kombinasjon av hylling og ironisering over rollen skisport har her i landet, og etter kva eg veit har det ikkje vore gjort med tilsvarande snert, fuzz og humor tidlegare. Kvifor speler dei med sveisebrillar i musikkevideoen til ‘No Days Off’, spør du? Fordi då kan ein springe rett frå elektrolyseomnen på smelteverket og opp til skiføre i høgfjellssola utan å måtte byte solbriller.