Trondheim Calling 2019

Tekst og foto: Jarand Aga Baas

Trondheims årlege smeltedigel for ny musikk har igjen kasta lys på noko av det beste Noreg har å by på. Det myldrar av spanande band i undergrunnen og fleire av dei fekk ta turen til overflata under årets festival. Knebla av ein tett speleplan med over 100 konsertar på 72 timar får ein ikkje sett alt, men eg har plukka ut høgdepunkta frå denne utgåva av Trondheim Calling.

TØFL

TØFL

TØFL // Byscenen

Med ei solid debutplate under beltet virkar TØFL sjølvsikre og klare for Byscenen. Energisk dialektpop og dansbare rytmar er ein effektiv miks når det gjeld som mest å stimulere ventande tilskodarar. Vokalist Hans Markus Riisdal er ein karismatisk figur med god underhaldingsevne og skapar raskt kontakt med publikum. TØFL må seiast å vere eit fargerikt band både reint visuelt men ikkje minst tekstmessig. Diverse visdomsord om blant anna mobilbruk dansar ut frå PA-anlegget. Det er vanskeleg å ikkje la seg smitte av den tankefulle «Nokia 105» eller grooven på «Tunneler». Sistnevnte bryggjer opp til fest med real allsang på refrenget. I tillegg nytt materiale kjem sjølvsagt hiten «Alle Andre Får Lov», ein låt som garanterer festlege tilstander.

Fay Wildhagen // Byscenen

Tross litt ekstra ventetid gjennomførte Fay Wildhagen ein av dei tøffaste konsertane Calling kunne by på. Golvet var stappfullt og idet Fay tok stega ut på scena var folk rundt meg fullt innstilt på å nyte konserten maksimalt. Småsnakkinga dabbar ut. Det let fabelaktig.

Bandet strålar, det er ingenting å utsetje på verken samspel eller lyd. Etter eit knippe heilstøypte låtar tek Fay ein prat med Byscenens konsertgåarar og kjemien er på plass med ei gong. Sjølv med ein kapasitet på 600 menneske vert konserten ei intim oppleving. Vokalistrolla fyller ho på vakkert vis men eg diggar like mykje når ho dreg på som verst med gitaren. Før dei siste låtane hentast Ragnhild Fangel (Pom Poko) ut på scena og krydrar opplevinga ytterlegare. Det vert ein del tid til prating og ein får eit godt inntrykk av Fay og Co, no kosar dei seg. Etter siste låt står folk og ropar etter meir. Dette gler eg meg til å sjå igjen.

Fay 3.JPG

The Fjords // Byscenen

The Fjords er ikkje nye på banen men klarar likevel å gjere sterkt inntrykk. Denne kvelden tek ei kjensleladd vending, bandet legg konserten i eit rolegare tempo og slår samstundes på stortromma. Scena byggjast om til å likne «Ladders» plateomslaget, dei lilla bygningane skodar ned på ei forventingsfull folkemengd. Bandet byr på noko djupare ved å rette lyset vekk frå hitsa. Det ligg ei slags autoritet i å skreddarsy konserten slik og viser samstundes at dei ikkje har tenkt å forsvinne med det første.  «The Heart Knows Nothing» og «Pure Love Star Crossed» treff midt i hjarterota. Personleg vert «You Never Know What Love Is» eitt høgdepunkt. Klimakset i denne låta er jo til å grine av. Dundrande trommer ringar ut i salen mens Petter Vågan legg mjuk vokal oppå det veksande synthteppet.

Med strykearrangement, dronande lydforløp og lyssatte kulisser dreg The Fjords i land ei ambisiøs framføring.

The Fjords 3.JPG

Combos // Byscenen Anneks

Combos var blant dei ferskaste banda som var å sjå på Calling. Eit målretta band, ivrige etter å debutere på scena. Med Axel Møller Olsen i spissen spyttar bandet ut fengande rockelåtar. Vokalistens drepande blikk og febrilske oppførsel trekk folk fram og oppmuntrar til bråk. Det punka uttrykket er ikkje noko nytt men med låtar som «Cookies and Crack» er det ubetydeleg i ei live-samanheng. Bandet held eit høgt gir frå ende til annan. Byscenen Anneks er verken ei stor eller særleg publikumsvennleg scene, folket koste seg tilsynelatande gløgg i hel. Det gjorde i alle fall eg. Sjølv om førsteprisen for sveittaste konsert går til The Dogs, kjem Combos hakk i hel. Dette gav meirsmak.

Aiming For Enrike // Byscenen

Duoen Aiming For Enrike kastar ikkje vekk tida på laussnakk, det dreier seg om musikken. I utgangspunktet forventa eg ikkje full sal, då eg trur den gjennomsnittlege konsertgåar vil kalle dette alternativt. Eg er glad eg tok feil. Gitarist Simen Følstad Nilsen og trommeslagar Tobias Ørnes Andersen står vendt mot kvarandre, som om dei er i ferd med å duellere. Eit sett beståande av svimlande rytmar, loops og knusande effektar slukast av publikum. I løpet av konserten tek bandet ut på ei meditativ men eksplosiv reise mot det ugjenkjennelege. Dei er kanskje berre to, men utgjer eitt orkester når det kjem til det lydmessige. Det er ikkje berre rytmiske krumspring som gjer dette så tøft og oppslukande, kjemien og oppbyggingane dei skapar seg imellom treff minst like mykje. Ei eksperimentell og vellykka affære. 

Jonas Ledang // Vår Frue Kyrkje

Å spele i ei kyrkje byr på ei noko uvanleg setting men i dette tilfelle gav det konserten eit solid ansiktsløft. Dei hardaste låtane er lagt til sides for rock i eitt rolegare leie. Med ektefølte tekstar gjev Jonas Ledang folket ei ærleg framføring, stemma er utilslørt. Ledang treff ei nerve med «To Be Forsaken», låta i seg sjølv er ei bittersøt forteljing men orda får ein alvorleg klang i kveldens «heilage» omgivnadar. Musikken hentar element frå singer/songwriter-tradisjonen, men americana og rock kjem også til syne på låtar som «Save Your Love» og «In Case You Question My Love». Til tross for at konserten ber eit sindig preg tynar Ledang rocken fram igjennom hissige gitarsoloar og dundrar stødig igjennom med bandet i ryggen. Utrykket ber eit autentisk preg, og det tykkjer eg lovar svært godt. Då var det berre å vente på plata. 

Jonas Ledang 1.JPG

Chain Wallet // Lokal Klubb

Bergensbaserte Chain Wallet vart eg tipsa om av Patrick sjølv, det er kjekt å meddele at dette bandet også imponerte live. I eit mørkt kjellarlokale fyllast rommet med melankoli og svevande melodiar. Det tek ei stund før publikum er på same bølgelengde som bandet men trekk likevel roleg fram mot scenekanten. Det let som om Joy Division og My Bloody Valentine smelta saman, svøpt i klang. Eg drit i kva klokka er og nyt ein øl mens musikken tek overhand. Låtane er kjensleladde og har ei mørk undertone eg ikkje får heilt tak på. Chain Wallet er på eit vis snille og draumande, samstundes ligg det noko frykteleg sårt lurande like under overflata. Stødige trommer driv låtane fram mens både synth og gitar skapar deilige lydlandskap, folk vuggar fram og tilbake til denne finurlege lyden. Atmosfæren dei skapar tek meg til ei forvridd neonlysbelagt verd, eg sit igjen med ei svært behageleg kjensle når siste låt sett eit fargerikt punktum på konserten.

 Jarand Aga Baas