Høstsabbat 2019 // Verkstedet : Artistslepp

Nokre gonger så får me moglegheita til å vere med på noko sinnsvakt. Høstsabbat 2019 er nettopp det - sinnsvakt. Eg er stor fan av folka som står bak dette monumentale beistet av ein festival, og eg fekk endeleg møta dei når eg var i Oslo for ei tid tilbake. Me satte oss ned på Vaterland og kom fram til at me rett og slett berre måtte få til noko rått saman.

Evig Lyttar kjem sjølvsagt til å dekke kalaset når det sparkast i gang 4. og 5. oktober, men fram til då har me eit tonn med godbiter til deg. Blant anna har me fått vere med på å sleppe dagens knallgode nyheiter, at festivalen har røska til seg ei heilnorsk scene! Det er ikkje til å stikka under ein stol at Høstsabbat har blitt betydeleg større sidan den første utgåva for nokre år sidan, så det skulle berre mangla at dei får fleire band på plakaten. Lidenskapen og driven desse folka har er endelaus, så dette skulle berre mangla. Velfortjent!

Uansett, me kjem til å snakka med folka bak festivalen og alle dei norske banda i tur og orden, men først har me ein beskjed frå sjefane sjølv, Jens Andreas og Ole:

Vi er stolte av å kunne presentere Verkstedet som en ny fullverdig scene til årets Høstsabbat. Første Høstsabbat-festival hadde vi kun norske band på plakaten, men etterhvert har utenlandske band stjålet flere av spottene. Derfor er vi veldig fornøyde med å kunne sette et norsk lokalt fokus på lineupen igjen. Det er flere utenlandske bookere og festivaler som besøker festivalen, og vi er sikre på at dette kan bli et bra vindu for bandene. Verkstedet blir en helnorsk scene (selv om Orsak:Oslo er halvt svenske) med enormt høy kvalitet over hele linja. Vi gleder oss til å se hva denne scena bringer til festivalen!

Meir treng me ikkje seie akkurat no, berre hugs at Evig Lyttar kjem til å koma med mykje snacksy greier i oppkjøringa fram til det smeller i oktober!!

Lineup Verkstedet:

Acârash

Astrosaur

Barren Womb

Golden Core

Kanaan

Magmakammer

Orsak:Oslo

Subnoir

Superlynx

Resten av lineupen:

UFOMAMMUT (IT)

BelzebonG (PL)

The Devil And The Almighty Blues (NO)

Black Pyramid (US)

Skraeckoedlan (SE)

Papir (DK)

Slabdragger (UK)

sunnata (PL)

LLNN (DK)

Stuck in Motion (SE)

Plakat: Trine Grimm

Plakat: Trine Grimm

Følg med framover!

Patrick Fardal