Våte draumar og fuzzy stemning
Black Pop Records
Då var det endeleg dags for at debutplata til Wet Dreams treff lyttarane midt i trynet. Og eg kan lova deg at dette er ein skikkeleg uppercut av ein fullengdar!
Heilt sidan bandet kom med singelen Cartridge Belt har eg vore gira på meir. Meir fuzz, meir øl i sola, fleire våte draumar! Det har dei i stor grad gitt meg med debutplata si. Her er det sommartid, gode vibber og iskald øl som gjeld.
Altså, eg befinn meg i California på 70-talet her, sittande på verandaen min med Burt Reynolds-bart, åpen skjorte med tjukt av brysthår tytande ut, gullsmykke rundt halsen, solbriller med farga glass og iskald øl i handa. Platespelaren snurrar og eg føler meg rå. Eg føler meg spesielt badass når “Her” røskar eit godt tak i anlegget mitt. Fy flate! Seigt og tøft. Den låta er som den kisen du ikkje tør å kødde med på byen, for då får du pryl. Sånn skikkeleg pryl. “Bad Boy” er også ei slik låt, og gir deg kjensla av å vere uslåeleg. Forferdeleg god gitarføring på desse folka her, altså. Soloar og fuzz trengjer seg inn i øyrekanalar og det som er.
Men på same tid som eg kjenner meg røff og tøff så er det ei usikkerheit i denne Burt Reynolds-personen eg utgir meg for å vere. “Beautiful” trur eg er den mest ekte låta på plata. Med linjer som “I look so cool, I can do anything” og “Oh I am beautiful, no matter what you say! Words can’t bring me down” får eg meir inntrykk av at det handlar om å skjule sine eigne usikkerheiter ved å opptre altfor sjølvsikker - noko alle kan kjenne seg igjen i. “Eigentleg så er eg jævlig usikker no men det skal du jaggu ikkje få sjå” på ein måte? Tolk sjølv.
Eg smakar på litt forskjellige ting med denne plata. Du får servert ein god dose punkete greier her. “Depression” er både kjapp og kort, og gir litt sånn Rockabilly-vibes blanda med ein attitude som får dei fleste til å trampe litt med beina og hytte litt meir med neven. På same tid har du den litt rolege “Roliglåta” (jepp, den heiter det), som gir deg eit innblikk i korleis det er å vere hodestups forelska i verdas finaste jente.
“Band Aid” er nok den mest generiske låta på plata. Eg føler eg har høyrt den fleirfoldige gangar før. Men Wet Dreams gir deg definitivt eit koldtbord av feite riff og ganske så aktuelle tektstar med sin debut. Eg rådar deg til å høyre godt etter på kva dei forskjellige sangane handlar om, for det ligg mykje meir bak enn ein skulle tru.
7/10 TRYNER!
Patrick Fardal