Leiaren: Skjerp dykk!

Illustrasjon: Snorre Log Skage

Illustrasjon: Snorre Log Skage

Denne leiaren sender meg kanskje rett i faresonen for å bli sett på som ein slags grinebitar. Ein sur, gretten fyr som berre syt, klagar og styrer på. Men veit du kva? Det er heilt forbaska greit det. For det er faktisk ein ting der ute som gjer meg mildt sagt irritert.

Me kan gå inn i ulike scenario der det eg no kjem til å ta opp ikkje passar inn. Greit nok, denne tiraden handlar meir om rolege konsertar enn dei der du kastar øl rundt deg mens bandets forsterkarar trengjer seg inn i øyra dine som sylskarp piggtråd og overgår alle formar for skriking, hyling og rampestrekar du og vennene dine kan klara å pressa ut. Kvelertak VS Fay Wildhagen, til dømes. Fattar du? Dagens leiar handlar sjølvsagt om publikum sin oppførsel og etikette under visse konsertar. Korleis kan me betra oss, spør du? Jo, no skal du høyra.

Eg er ingen engel sjølv, berre så du veit det. Eg har vore og er framleis der av og til at eg ikkje evnar å sjå lengre enn mine eigne behov for å hyla og skrika midt under ein gig. Nokre gonger maktar eg rett og slett ikkje å tenkje på oppførselen min. Så, dette er ingen “ovanifrå og ned tekst”, altså. Den er like mykje til meg som til deg. Men; kan me ikkje berre ta å skjerpa oss litt?

Eller som Atle Antonsen seier: “Ta deg sammen a’!”

Men dei fleste i publikum høyrer meir på at Per og gjengen brauter seg gjennom lydveggen som apekattar i full brunst

La oss sjå på Per sin situasjon. Han har vore på vors og kost seg med nokre øl rett før han skal på Daniel Kvammen. Han har gleda seg kjempelenge og er skikkeleg gira. Han heng saman med vennene sine og heile crewet har bælja nedpå med godsaker for å varme opp mens dei dansa hemningslaust til “Me dansar ikkje for moro skuld”. Per og gjengen går til konsertlokalet akkurat når gigen byrjar. Dei kjem fem minutt inni settet og skrik og hoiar mens dei bestiller sin første øl for kvelden. Kvammen har nettopp fullført den første låta si og preiker litt med publikum før han og bandet kastar seg vidare på setlista. Brorparten i lokalet held eit heilt ok nivå mens Kvammen snakkar om kor takksam han og bandet er for å få spele i kveld. Dei fleste i publikum høyrer dog meir på at Per og gjengen brauter seg gjennom lydveggen som apekattar i full brunst. Daniel Kvammen, som den proffe fyren han er, let seg ikkje påverke. No skal det seiast at dette hadde vore så sinnsjukt mykje verre om for eksempel Colter Wall spelte. Der er det litt meir nedstrippa musikk, ikkje sant? Musikk som rett og slett kan bli TOTALT øydelagd av kakling, knasing og ymse skitgreier.

Per tenkjer ikkje noko særleg over alle blikka han får. Han er i godstemning med gjengen og held fram akkurat slik som før. Per og & gjengen kastar og knuser tomme plastglas, leikesloss seg imellom og prøver å få til ein moshpit når det absolutt ikkje er stemning for det.

Altså, befinn du deg på ein akustisk konsert eller eit nedstrippa sett med Fay Wildhagen eller Colter Wall så ville jo folk flest teke seg sjølv litt i nakken og vist littegranne respekt for artisten og resten av publikum?

Her kjem me til det punktet der mange av dykk tenkjer sånn “fy flate for ein teiting Patrick er, me skal jo ha det gøy på gig!” Ja, klart me skal det, for svarte svingande. Me skal få prate og ha det kjekt, danse og kose oss. Men: Tilpass hvertfall nivå og oppførsel etter kva gig du er på! Altså, befinn du deg på ein akustisk konsert eller eit nedstrippa sett med Fay Wildhagen eller Colter Wall så ville jo folk flest teke seg sjølv litt i nakken og vist littegranne respekt for artisten og resten av publikum? Tenkje seg til, kanskje du opplever å bli kasta inn i eit deilig univers der tekstane til Fay Wildhagen berre gir 100% meining og ting berre blir heilt klinkande klart for deg der og då? Hadde du opplevd det same om du hadde stått og gaula inn i øyret til sidemannen om kor jævla lyst du har på GT eller kor sjukt gira du er på å møte ho jenta eller han fyren du hang med sist? Nei. Det er også ganske sannsynleg at du hadde øydelagd for andre rundt deg som kanskje hadde lyst på akkurat den opplevinga Fay Wildhagen kunne tilby, sant?

Igjen. Det kjem sjølvsagt an på konsert, venue, tidspunkt og kvaslags arrangement det er snakk om. Punkeshows er punkeshows, liksom. Ingen forventer total stillheit eller finsleg publikumsetikette under ein Zugly-gig. Alle veit kva som skjer under sånne konsertar. Du får øl i fleisen og du diggar det. Plutseleg har du Ivar Nikolaisen i trynet og du elskar det. Du får ein neve rett i ribbeina men det er ingen sin feil, det er berre sånt som skjer. Det er ingen som forventar at du skal trå på eggeskal under ein Beaten To Death konsert. “Den som er med på leiken må tåle steiken”, for å sei det slik. Eg kjem som sagt ikkje med nokon peikefinger her. Eg vil berre at me skal skjerpa oss i kunsten å vere publikum. Tid og stad, folkens. Tid og stad.

For all del. Det er mange som ordnar opp i slike situasjonar når dei oppstår. Mange band tek seg av det om det blir for gale, eller andre i publikum fiksar situasjonen før den går over styr. Det er knallbra. Men du har alltid dei som ikkje blir stoppa, sant? Dei som berre får halde på. Kanskje denne leiaren kan planta ein liten tanke som kan gro og hjelpa deg neste gong du opplever noko liknande, enten med deg sjølv eller hjå andre? Kva veit vel eg.

Alle har vært Per. Alle kjem til å være Per, ingen er perfekte. Men Per kan absolutt skjerpa seg.

Gjer som Per, skjerp deg.

- Patrick Fardal -