Bakrus - Tynn Kjærlighet

Bakrus opererer i eit punka landskap, kor rocka riff og blodnorsk vokal står i fokus. Ei salig blanding av rølp, aggresjon og tidvis kjensleladde tekstar pregar plata, men av låtmateriale sprikar det i kvaliteten.

«Jakke» er eit energisk innleiingsnummer som gjev ein god peikepinn på kva slags uttrykk Bakrus går for. Det luktar sigarettar, øl og punkrock heile vegen. Det første eg bit meg merke i er vokalen, det raspete uttrykket minnar sterkt om Jokke, noko som har sin eigen sære sjarm. Men dette har eg høyrt før. Tidvis skapar det ei nostalgisk vibbe, men den forsvinn fort i lengda. Riffa er stort sett solide nok, låtane driv framover i eitt bankande kjør. Bakrus visar også ei rolegare og noko djupare side ved seg sjølve med låtar som «Tilgi Meg» og «Den Beroligende Smaken Av Kaldt Metall». Det meste er lettlikeleg og ukomplisert.

Eg kjem godt overens med dei sintaste spora, spesielt når vokalen verkeleg trykker til med kraftig koring på refrenga. Ta til dømes «Svette Og Blod», ei kraftanstrengande og dynamisk låt som i større grad skapar spaning. Dette trekk plata opp, men skapar også stor kontrast til dei svakare spora. «De Kommer» og «Hjørnet» vert tamme i forhold og merksemda mi startar å flykte. Energien dabbar av då det manglar punch og opplevast tilbakelent.

I mitt hovud skal punk være kompromisslaus og fyre på alle pluggar, noko Bakrus delvis oppnår. Nokre låtar fangar den sinte sinnstemninga og festar seg, mens andre opplevast som gjennomsnittlege rockelåtar. Eg sit att med eit blanda inntrykk, noko treff meg godt og noko glir forbi. Tynn Kjærlighet står att som ei turbulent plate.

4/10  TRYNER!

Jarand Aga Baas