Leiaren: Harpefoss Hardcore

Illustrasjon: Snorre Log Skage

Illustrasjon: Snorre Log Skage

Harpefoss Hardcorefestival. Ein festival som går av stabelen for tredje gong no den 16. og 17. august. Ein festival laga av to intenst lidenskapelege sjeler, Jompi Myren og Johnny Vaet Nordskog, som også tilfeldigvis er to av dei snillaste og varmaste fyrane eg har møtt på min ferd i det norske undergrunnsmiljøet.

For meg blir det vanskeleg å skulle beskriva med ord kor mykje ein slik festival betyr for norsk musikk og den gryande undergrunnen me har i landet no om dagen. Den betyr alt, eigentleg. Ikkje berre fronter den råfeite band, men den gir også publikum ei oppleving dei seint vil gløyme. I tillegg, som sitatet under viser, vil festivalen fokusera på å få folk med på moroa:

Vår visjon er at Harpefoss Hardcorefestival skal markere seg som Norges beste og viktigste
hardcorefestival, og med dette skape ringvirkninger både i lokalsamfunnet og nasjonalt,
samtidig som vi inspirerer en ung generasjon til å sette i gang egne prosjekter av ulik kreativ
art.

I løpet av desse to dagane blir det ikkje berre hovudkonsertar å få, men Harpefoss HC kan også diska opp med blant anna gratis ungdomskonsert på Vinstra, eit rusfritt arrangement på ettermiddag/kvelden før hovudfestivalen. 2-3 band skal innta scena på ungdomsklubben der. I tillegg vil det bli skatekonkurranse i samarbeid med Fron Thrasher Team utanfor. Eg jobbar på ungdomsklubb sjølv, og med ungdommar generelt. Så for meg betyr dette alfa og omega. Fy flate så heldige dei ungdommane er, som har slike folk som Harpefoss HC til å inspirere seg. Berre les dette:

Motivasjonen for å lage et slikt arrangement er å få med ungdommen på festivalmoroa. Vi
ønsker å tilby ungdommen en arena der de kan utfolde seg kreativt og få nye impulser fra
musikk de kanskje ikke er så kjent med fra før. Det ligger også et lengre perspektiv under
her, nemlig at vi ønsker å bygge opp et musikkmiljø i midt-gudbrandsdalen som fokuserer på
denne typen musikk. Håpet er at noen av ungdommene vil ta over stafettpinnen fra
Harpefoss Hardcorefestival og kanskje starte sin egen festival eller
rockeklubb/musikkscene?

Altså. Steike for eit initiativ.

Det vil også bli lokal mat og drikke, kunstutstilling og filmvisning. Dette handlar om å inspirera og inkludera folk generelt. Eg blir heilt varm i kroppen av dette!

For å pynta litt meir på denne leiaren gir eg deg årets lineup, som rett og slett burde snakka for seg sjølv:

God Mother (Sverige)

Turdus Musicus

Dark Times

Okkultokrati

Lâche

Of Grace and Hatred

Göttemia

Ampmandens Døtre

Problems

NAG

38000376_1998580240455265_1391546352814522368_n.png

Som om ikkje dette var nok kan eg også frista med at festivalen vann Tigerprisen 2018 på grunn av deira arbeid og tiltak i å skapa livskraft og moglegheiter i den norske musikkundergrunnen. Du veit at dette er trygt å reisa på no, sant? For å kasta oppi litt ekstra smakfulle ingrediensar i denne allereie deilige gryta av hardcore og opplevingar kan eg jo nemna at festivalen befinn seg i sjølvaste Gudbrandsdalen. Dette er unike greier, kjære deg. Tenk å få oppleva Hardcore i sånne skjønne og vakre omgivnader!

Hatten av til Jompi og Johnny, altså. Eg legg meg i støvet. Tusen takk for det de gjer for undergrunnen, og for musikken. Hadde me hatt ein Evig Lyttar-pris ville den gått til dykk i år! De hadde uansett fått Patrick-prisen!

Ta turen på dette, du vil ikkje angra! All info om kalaset finn du her

Patrick Fardal