Utforskande og groovy med ein god dose samspel
Sex Magic Wizards - Eroto Comatose Lucidity // Finito Bacalao Records
I tillegg til eit forlokkande bandnamn har Sex Magick Wizards skapt ei plate som konstant svirrar i grenselandet mellom rock og jazz. Eroto Comatose Lucidity kan by på saksofonsoloar, skrikande gitar og generelt progressiv låtskriving.
«Babalon Working» er ein saftig introduksjon til bandets livlege stil, i knutepunktet mellom rockeriffa og syrejazzen ligg eit dyrisk samspel. Dette er openbart folk som kan sitt fag reint teknisk. Trommene jagar låta raskt i gong mens saksofon og gitar knivar om rampelyset.
«Apep Dance» opnar opp for meir eksperimentelle element, pedalbrettet får verkeleg køyrt seg her. Bandet leikar med svirrande melodilinjer, men endrar brått humør og gjev i staden lyttaren eit solid Hendrix-riff mot slutten. «Nuit Speaks» fortsett i same leie med spretne riff ispedd fargerik gitarknoting. Produksjonen er tilsynelatande krisp, men bassisten druknar fort i kaoset. Heldigvis kjem han sterkt tilbake på «Initiation», eit udiskutabelt høgdepunkt for min del. Låta opplevast som ei sydande, kokande og pumpande lydmaskin. Under det heile ligg ein foruroligande bass som bind det saman.
Til tider vandrar låtar som «Eroto Comatose» og «Wormwood Star» litt for langt ut i eteren til at eg heng med. Ingenting gale med kaotiske rytmar og improvisasjon, men i lange strekk kan magien visna vekk, det er riffa som sit att etter å ha høyrt plata.
Nokre låtar pushar tolmodet litt ekstra og manglar kanskje noko i form av dynamikk, men Comatose Lucidity opplevast som ei utforskande plate, der groove og samspel skin igjennom. Det vert spanande å sjå kva neste steg for Sex Magick Wizards vert. Tilrådast til dei som likar jazzen sin rocka, og rocken sin jazza.
6/10 TRYNER
Jarand Aga Baas