The Good The Bad and The Zugly - Algorithm & Blues

Fysisk Format

Dei fleste hugsar at The Good The Bad And The Zugly velfortjent vann Spellemannsprisen i kategorien “Årets rock” i 2019. Dette kom ikkje som ein overraskelse, då dei verkeleg slo på stortromma med Misanthropical House. Difor er det ikkje rart mange ser fram mot 17. januar, dagen då bandet atter ein gong bankar i bordet med sitt nyaste materiale.

Foto: Andreas Varga

Foto: Andreas Varga

Er det eit meir vaksent og storslått GBZ som presenterer seg i Algorithm & Blues? Ikkje i følgje dei sjølv. Ikkje la deg lura av tematikken, blir det sagt i promoteksten. Eg vågar likevel å meine at det er litt meir dybde i det me får servert av bandet denne gongen. Men for all del, du får framleis ein heftig porsjon av den syrlege, sarkastiske, nokre gonger uhorveleg humoristiske tonen som har gjort GBZ til eit av Noregs råaste band uavhengig av sjanger.

“Welcome To The Great Indoors” startar det heile, med ein intro som kunne vore kjærleiksbarnet til AC/DC, Van Halen og 1998-utgåva av Turbonegro etter ein saftig, alt for hårete trekant. Eg håpar verkeleg denne låta blir introen når dei speler live, altså. Fyttigrisen, det vil jo ta heilt av. For eit riffbonanza, for ein vokalprestasjon av Ivar Nikolaisen. Bra start, for å sei det mildt.

Dei som kjenner meg og mine preferanser når det gjeld låter veit at eg verkeleg diggar “Staying With The Trouble”, den første smakebiten me fekk frå Algorithm & Blues. GBZ hadde ei låt i same gata på førre plata også, “Sickness Unto Death”. Begge har kjenslene heilt utanpå kroppen, med grinande gitarar og Ivar Nikolaisen sin vokal akkurat der den skal vere; steinhard og rett i fjeset ditt, gjerne ålande inn i tankane dine på ein slik måte at bodskapen sit hamra fast eit godt stykke fram i tid. GBZ viser kanskje meir kjensler enn før, men det betyr ikkje at pønkerotta er dau. Den er der endå, giftig og skitten som fy. Den er kanskje berre litt meir oppteken av fengjande og “ryddige” låter? Uansett.

“The Man Behind The (Oxygen) Mask” har ein forfriskande fin liten dose av Social Distortion i seg. Ikkje for mykje, men akkurat nok. “Fuck The Police”, forutanom å vere knallfin, gir meg eit nostalgisk tilbakeblikk til då eg høyrte ihjel band som Strung Out og Propagandhi. “The Kids Are Alt-Right” har kjapt vist seg å bli min favoritt. Den må du berre glede deg til. Eg seier ikkje meir, berre høyr den.“Kings of Inconvenience” og “Fuck Life…But How To Live it” er gjennomsyra Zugly på sitt beste. Beinharde bangers, enkelt og greit (eg kjem ikke til å gå inn på potensielle låttittel-referansar i denne meldinga, det kan du tenkja ut sjølv).

GBZ har alltid vore gode på allsang. Denne gongen har dei overgått seg sjølv, tykkjer eg. For eit allsangpotensiale desse låtane har! Teksten i slutten på “What Have You Done For Me Lately” må du berre lære deg med ein einaste gong plata droppar. Eigentleg bør du saumfara alt på Algorithm & Blues - det er nemleg seriøse moglegheiter for både utløp av frustrasjon og tonnevis med frysningar om du sleng deg med på desse låtane live. Det er så mykje bra på denne plata at det blir vanskeleg å finna noko negativt. Dette er ein perfekt blanding av fengjande, “vaksen” punk og ungdommeleg, skitten fandenivoldskheit som gir deg heftig lyst til å laga opprør.

Den svakaste låta på plata er faktisk sistesporet, “Requiem”. Den held rett og slett ikkje mål om ein set den opp mot resten.

Konklusjonen må berre bli at Algorithm & Blues treff meg hardare enn noko anna GBZ har gitt ut.

Nyt den!

9/10 TRYNER!

Patrick Fardal