UMA - Cant Wait for The Grave

UMA frå Fiskum blei danna tidlegare dette året. Dei er eit såkalla Corona-band og kan som dei sjølv seier bittert takka Covid-19 for at dei fann kvarandre og starta denne hardtslåande duoen, som består av Eirik Waadeland (Ruun & Filthdigger) på gitar, bass, vokal og trommeslagar Eivind Ditlev Molin.

Målet til UMA er å blande inn alt dei elsker i metallen til eitt - sludge, doom, death, black, post, hardcore ++ er nokre av mange inspirasjonar dei tek til seg. “Cant Wait for The Grave” er bandets andre singel, men også ein av dei nyaste og kortaste.

Låta er spelt inn og miksa/mastra av Johannes Bratli (Studio Torment)

Inspirasjonen bak låta er menneskers tendenser til å utsette seg for diverse ting som forkorter og minsker livene deres som om de ikke kan vente på å ligge i grava. Så derfor ville vi bare putte masse faenskap og moro inn i 3 korte minutter
— UMA

“Cant Wait for The Grave” kjem ut den 17.desember, men Evig Lyttar køyrer på med ein velfortjent premiere i dag!

Denne låta er brutalt feit. Karane køddar ikkje når dei seier at dei vil fylla musikken sin med alt mogleg av det som er bra i metallen!

Eg tykkjer at vokalen er fantastisk. Primitiv som fy og iskald, akkurat slik eg likar den. Litt sånn Execration-vibber over det heile. Ellers er det utruleg interessant å høyra dei forskjellige inspirasjonskjeldene knust saman i ei låt. Du får death, du får svart, du får litt doom, litt post og pittelittegranne thrash.

Om du elsker metall så kjem du til å ha det sjukt gøy med denne låta!

Patrick Fardal

Foto: Johan Grimstvedt

Artwork: @Hypnotistdesign (Thomas Moe Ellefsrud).