Digital Etikett køyrer demokonkurranse!
Kjære alle fantastiske band i den norske undergrunnen! Dette er rått.
Eit trykkeri i Gaupne finansierer ein storslått innspeling og utgiving av ein singel for eit stykk heldig, uetablert band. Eg veit om mange som hadde fortjent dette, så vær så snill, meld dykk på. For å delta i konkurransen må de senda nokre linjer med info om dykk sjølv om musikken inkludert link til musikk denne vegen: musikk@digitaletikett.no.
FRIST ER 14.JANUAR!
Terje Winterstø Røthing frå Skambankt jobbar i Digital Etikett når han ikkje speler musikk, og har dette å seie:
Sjå utfyllande video om alt her:
Patrick Fardal