Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Foto: Anine Desire

Witch Club Satan - Solace Sisters

December 12, 2022 by Patrick Fardal in Framside, Låtpremiere

I dag er eg ekstra glad for å driva Evig Lyttar. Det er jo nettopp for slike situasjonar som dette me eksisterer. Det å kunne dela ny musikk frå undergrunnen med våre trufaste lyttarar har alltid vore vårt viktigaste oppdrag - og i dag er eg skikkeleg stolt over å kunne gi dykk noko rykande, brennande ferskt. Witch Club Satan er ein trio me blei kjent med i denne artikkelen for ei tid tilbake, og me kan vel med handa på hjartet seie at dei har teke nokre abnorme steg sidan den gong.

Med første låt, “Hysteria”, knuste dei inn døra på ein allereie godt etablert, mannsdominert sjanger og tilførte svartmetallen eit nytt og utruleg viktig friskt pust. Sidan då har dei spelt ein god del konserter både her og der. Dei har i tillegg mana fram skikkeleg sterke kjensler i ein sjanger eg ikkje trudde hadde noko anna enn etteraping att i seg, og dei har engasjert media over heile linja. Måten dei har ført dette heftige prosjektet fram på er så grundig gjennomført og så solid at det ikkje er mogleg å la dei gå forbi i stillheit.

I måro, på sjølvaste Lucia-dagen, kjem dei med låt nummer to i rekka - “Solace Sisters”. Denne har Evig Lyttar fått lov til å gi dykk først av alle. Og eg lovar deg at dette er noko du skal høyra. Denne låta er så kraftig og seig. Vokalprestasjonen her er fleire hakk opp frå “Hysteria”, og den primitive kjensla som er så viktig i svartmetallen er endå meir dominant. Riffa er iskalde, bodskapet er sterkt og alt klaffar.

“Nihilismen, romantiseringen av død og undergang representerer gjerne det svarte i den tradisjonelle svartmetallen. Vi er ikke så interessert i håpløshet som konsept, ei heller mørket alene. Lyset, livet og håpet er kanskje like brutalt som sin motsats i vår tid. Det er enormt ubehagelig å se vår verden fullt opplyst. Likevel ønsker vi å invitere våre lyttere inn i det brutale håpet.
– Lyden av håp må være brutalt i vår tid. ”
— Witch Club Satan

Ta denne låta med deg ut i den snødekte, kalde skauen, sjå på månen, skrik litt og nyt.

Trioen hadde også noko fint å seie til Evig Lyttar og våre følgarar;

“Evig Lyttar fant oss i et hjørne på internett før noen andre gadd å bry seg om Witch Club Satan, og tok oss og prosjektet på alvor før vi hadde noe å vise til. Det vitner om en enorm nyskjerrighet og dedikasjon til musikken og kunsten. For oss har Evig Lyttar blitt viktig inngang til undergrunnen og et sted å hente ny inspirasjon. Det er noe ekstra spennende over musikk når den er rykende fersk, og det er en glede å gi Evig Lyttar og deres evige lyttere «Solace Sisters», prematurt. Vi håper den treffer. ”
— Witch Club Satan

Dette er berre starten - gled deg til vegen vidare!

Patrick Fardal

December 12, 2022 /Patrick Fardal
Witch Club Satan, Solace Sisters, Låtpremiere
Framside, Låtpremiere
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!