Witch Club Satan - Eit helvetes spetakkel
Nokre gonger så kjem eg over eit prosjekt, band eller ein artist eg rett og slett ikkje klarar å legge frå meg. Når slikt skjer må eg vita alt. Du veit nok korleis det er. Det går som oftast lang tid mellom kvar gong dette skjer, men no er det altså dags. Witch Club Satan er noko du berre må vere klar over, og klar for.
Denne trioen består av Nikoline Spjelkavik på gitar, Victoria Røising på bass og Johanna Kleive på trommer. Bandet har ikkje gitt ut noko endå, må vite, men dette er som sagt for spennande og rått til at eg kan venta med å dela det med deg.
Victoria og Nikoline jobbar til dagleg i sitt felles teaterkompani, og Johanna er skribent. Trioen speler også i eit punkeband - Different Kinds of Stars, som har spelt eksklusive og sporadiske konsertar sidan oppstarten i 2016 i tillegg til å sleppe plata med same namn i 2019 som du kan høyra her. No er det klart for svartmetall!
Bandet sjølv seier at dei ikkje er musikarar, men at dei har skreve mykje musikk til teater. I dette tilfellet kan det spela positivt inn, på den måten at ein ikkje-musikar-bakgrunn kan gjere trioen meir fri frå gitte konvensjonar og forventningar rundt korleis dei skal laga musikk, og at det samstundes ligg eit spennande og eksplosivt potensiale for nyskaping.
Witch Club Satan ser på svartmetallen som den mest punka greina av metal-slektstreet, og tenkjer at det passar dei bra. Bandet har mykje hat og kjærleik som dei vil kanalisere gjennom eit helvetes spetakkel - tungt, mørkt, hardt og skarpt.
Lyttaren kan i tillegg til gitar, bass og trommer venta seg objekt, synth, opptak og eit omfattande effekt-maskineri, samt at alle tre skal synga og skrika.
Kva blir Witch Club Satan, då?
Witch Club Satan let seg også fascinere av aktivistane i W.I.T.C.H. (Womens International Terrorist Conspiracy from Hell), som dukka opp under den andre feminismebølga i USA. Trioen ynskjer å vidareføra W.I.T.C.H sin måte å utnytta heksa sitt potensiale i ein performativ, aktivistisk setting, gjennom å innta rolla som hekser, og å nytta trylleformlar og forbanningar som format for tekstskriving.
Kva vil det sei å vere heks i dag, spør bandet seg. Er det ein rein politisk erklæring? Ei spirituell orientering? Ein identitetsmarkør? Johanna, Victoria og Nikoline kan fortelle at dei som blei peika ut som hekser under trolldomsprosessane rundt år 1400-1700 fekk merkelappen trollkvinne eller trollmann heilt uavhengig av kva dei tenkte om seg sjølv. Dei fleste “heksene” var kvinner som på ein eller anna måte skilte seg frå normen. Det kunne vere kvinner som torde å vere annleis, men det var også dei som berre var annleis. Mange var eldre, og dreiv med medisinsk arbeid.
Vidare fortel trioen om Malleus Maleficarum, også kalla Heksehammaren, som blei skreve av Heinrich Kramer i 1487. Denne boka danna mykje av grunnlaget for korleis hekseprosessane gjekk føre seg. Boka beskriv korleis hekser kan oppsporast, forhøyrast og uskadeleggjerast. Teksten forklarar korleis ei tilståing kunne framtvingast - blant anna gjennom bruk av spesifikke torturmetodar.
Når bandet identifiserer seg som, og omfamnar hekseomgrepet, er det eit uttrykk for visdom, eigenrådigheit og styrke. Å bli ei heks er eit frigjeringsprosjekt som handlar om å tørre å vere, å ta plass og å gi seg sjølv og kvarandre fridom til å vere annleis.
Kven er heksene i 2021?
- Fortsatt brukes heks som skjellsord, og særlig blir kvinner i maktposisjoner omtalt som hekser. Hillary Clinton ble under den amerikanske valgkampen i 2016 omtalt som “The Wicked Witch of the Left”. I Norge finnes “heksene på hele den politiske fargeskalaen, med Sylvi Listhaug og Lan Marie Nguyen Berg som tydelige eksempler.
Trioen seier vidare at kvinnekamp også er klimakamp. Dei meiner at å bry seg om andre menneske, må bety å bry seg om naturen. For dei som vanlege folk, og for Witch Club Satan som prosjekt, blir feminisme, humanisme og naturvern grunnverdiar som flettast saman.
-Vi tror på kraften av å bry seg om, og at desto mer personlig knyttet hver og en av oss kan være til naturen, desto lettere er det å ta valg som tar vare på den.
Eg ser skikkeleg fram til å høyra og sjå kva som kjem ut av denne heksegryta. I tillegg til å bryggja på noko unikt og spennande, kjempar Witch Club Satan ein utruleg viktig kamp med dette prosjektet som ikkje kan eller skal ignorerast. Dette må du som sagt få med deg, både live og på plate.
Underteikna har også fått med seg nokre klipp frå bandets skriketrening på Instagram, og eg kan skriva under på at det låter både brutalt og brutalt feitt. Det kan også sjå ut som at ein podcast-episode med bandet på Evig Lyttar ikkje er så langt vekke, så hugs å følg med!
Tusen takk til Witch Club Satan for ein fantastisk innføring i prosjektet!
Sjekk også ut spelelista bandet kokte saman til artikkelen under her.
Patrick Fardal