Spidergawd & Bokassa på USF Verftet 19.februar

Etter ein dryg tolmodsprøve, var ventetida over. Billettane vart kjøpt allereie i September, og dette låg tilsynelatande an til å verte den første «normale» konsertopplevinga mi på altfor lenge. Godt lag, obligatorisk oppvarmingspils, og to høglytte band på veg til å gjenerobre scena. Kva meir kan ein ynskje seg? 

Foto: Jarand Aga Baas

Lokalet var endå i ferd med å fylle seg då Bokassa tok plass på scena. Sist eg såg bandet hadde dei jobb som oppvarmingsband for Metallica, noko dei tydelegvis har hausta god erfaring frå. Eg må innrømme at eg datt av Bokassa-toget i kjølvatnet av «Crimson Riders», og hadde ei lyttelekse å gjere i forkant av konserten. 

Som fremste forkynnarar av sin eigen sjanger – stonerpunk, går dei hardt til verks frå start. Det er godt å kjenne bassen dundre i brystet att, når bandet riffar som besett. Bokassa vektlegg definitivt catchy refreng, «Captain Cold One» og «So Long, Idiots!» er blant hitsa som får publikum til å gaule av full hals. Eg veit ikkje kvifor, men personleg vert vokalisering av typen oooh og aaaah i refrenget litt billig, likevel ser eg heilt klart sjarmen live. Allsang vert det jo. Utover settet får me også eit kjært gjenhøyr med slageren «Walker Texas Danger» samt solide «Vultures». Folket i salen er openbart like svoltne som musikarane sjølve, før eg veit ordet av det er eg del av ei god gamaldags moshpit fremst ved scenekanten. At nakken er øm dagen etter er jo eit einaste stort pluss. 

Til tider hadde eg satt pris på meir dynamikk, det kjennes ut som om ansiktet skal smelte i denne gloheite lydveggen. Bokassa leverar dog eit samstemt og eksplosivt sett, trioen trivst utan tvil like godt på storslått arenakonsert som på klubbgig. 

Foto: Jarand Aga Baas

Spidergawd tek så stafettpinnen med iver. Ein buldrande blanding av saksofon og skitten gitar angrip øyrene. Bandet gjev uttrykk for å ha lagt igjen tøylane heime, her kjem riffa som perler på ei snor. Me vert servert ein cocktail av materiale frå dei siste tre platene, naturlegvis med vekt på det ferskaste. Fjorårets «Spidergawd VI» heng endå friskt i minne, «Prototype Design» og «Into the Deep Serene» gjer seg like godt live som dei openberre slagerane. I løpet av seks plater har bandet fått eit heilstøypt sound som denne gong opplevast endå meir spissa. Med fotfeste i hardrocken høyrast endå spora av Thin Lizzy, Maiden og Motorhead. Spidergawd er likevel si heilt eigen maskin, noko denne konserten kastar lys på. Her tek alle del i vokalarbeidet samt at kvart medlem får sitt eige augneblink til å skine. Til dømes, sax-introen på «All and Everything» er jo berre til å smelte av. Blant låtvalet står «The Inevitable» og «Is this Love?» att som noko av det sterkaste for denne karen. 

Borten spankulerer bortover scena som rockens eigen sheriff og leiar ein gjeng lovlause cowboyar med seg inn i mørke natta. Karismaen heng tjukt i lufta. I salen anar eg ein blanda gjeng, både blodfans og heilt nye tilskot. Den noko tilbakehaldne norske publikummaren ser eg ikkje mykje til, denne kvelden er det mykje respons på begge banda. Kanskje er det gjenopningsfeberen, kanskje er det promillen, men heilt sikkert er det, at begge banda evnar å underhalde stort. 

Plutseleg er kvelden omme, banda har levert. Deilig. Smilande, på veg ut av lokalet kjenner eg at dette var heilt naudsynt å få oppleve igjen, noko eg vil tru resten av salen samt musikarane sjølv vil skrive under på.  

Jarand Aga Baas