Utflod har noko å seie
Utflod. Dei fleste kjenner til kva dette betyr. Når eit band kallar seg for Utflod må dei nesten vere punk, eller iallefall noko liknande og hardt. Eg har høyrt rykter om dette bandet og høyrt litt på dei her og der, men ikkje meir enn det. No når eg har satt meg litt meir inn i dette orkesteret og EPen deira UNDERGANG kan eg med hjartet på handa seie at dette er noko du må få med deg. Du må høyra på tekstane, du må føla på det sinnet og den frustrasjonen som renn gjennom høgtalarane og du må ta dei seriøst. Utflod har noko å seie.
Bandet starta som eit hardcore punkband i 2011, men har sidan den gongen utvikla seg til å bli hardare og spissare i kantane. Om du spør dei i dag er dei eit hardcore metal band som dreg inspirasjon frå sjangrar som svartmetall, djent, methcore og punk. Utflod består av Oda på vokal, Ru på gitar og vokal, Daniel på gitar, Mirco på bass og Kristoffer på trommer.
Bandet kan fortelja at UNDERGANG er ein EP som tek lyttaren med seg på metamorfosen som har skjedd i åras løp.
Denne 4-spors bautaen inneheld blant anna låta “Undergang”, som handlar om distansen til verkelegheita som blir skapa av daglege opplevingar av nyheiter som blant mykje anna viser krig, flyktningekriser, miljøkatastrofer, klimaforandringar og sjukdom. Bandet spør oss om me til slutt blir så redde at me blir likegyldige og ikkje bryr oss lengre? - “Send meg popcorn, dagsrevyen er på”. Låta startar med eit brak og har ei kraft i seg, eit krav om at du høyrer på og åpnar augene. Vokalen til Oda Førde Braanaas er så forbanna og intens at den dreg meg rett tilbake til det hardcore var før i tida - slik det skal vere, liksom. Det same med gitarane og trommene - det er maks vreng, illsinte trommer og ein eineståande driv.
Låta “Mensensnerk” får du også servert. Dette er den eldste låta i katalogen, og handlar om noko så enkelt men tabubelagt som mensen;
“Mensensnerk” er skikkeleg sterk og viktig - samstundes er den nydeleg fengjande. Kort og beint fram, men med ein haug råfine parti og bitar som er med på å løfte denne låta langt opp. Her er det trommene som briljerer så det held - det er berre steintøft og uhorveleg dansbart! Vokalen og riffinga knallbra her også - dette er ein pakkedeal. Det er så fint at ei låt kan vere så feit, og på same tid vere med på å senke tabuet og stigmaet som unødvendig følgjer med det å ha mensen - FÅ DET INN I SKALLANE DYKKAR! Mensen er ikkje farleg eller ekkelt, det er heilt naturleg!
“Virus” er ei låt me kjenner til frå før. I følgje bandet fortel denne ein historie om korleis det kan opplevast å vere brukar av tenestetilbodet i Noreg, der ein ikkje alltid blir høyrt. Låta snur også perspektivet til å fortelja korleis ein hjelpar i systemet kan føla på avmakt fordi hen ikkje alltid kan hjelpa heller, sjølv om hen vil. Denne låta traff meg rett i hjarterota, for det stemmer så utruleg godt. Mange kan både kjenna seg att i å ikkje få hjelp av systemet, og mange kan nok også kjenna seg igjen i den kjensla av avmakt og håplausheit som følg med det å vere den som prøver å hjelpa - men som ofte er bunden av lovar, reglar og tonnevis med raud teip eller ei endelaus papirmølle. Her tykkjer eg at vokalen er på sitt aller beste. Du kan nærmast føla på desperasjonen og aggresjonen i stemma. Oda går også mektig mykje mørkare her! Tilogmed riffa kjennast paniske, på ein måte. Her høyrer eg små nikk til tidleg Gallows også - råbra.
“Flink Pike” er ei låt som i likheit med dei andre på EPen inneheld viktig bodskap me alle kan bli flinkare til å tenkja over;
Dette er vel den “snillaste” låta på plata - litt meir kunstnerisk og ein god del friare låtmessig - her er det mykje å meska seg med. Temaet og bodskapen er like viktig - gi litt meir faen. Det vil absolutt ikkje skada.
UNDERGANG er ein av dei utgjevingane alle bør høyra på, enten om de likar musikken eller ikkje. EPen inneheld tematikk og bodskap som alle bør og skal tenkja meir over. Mange kan relatere til mykje av tematikken her og alle kan bli litt klokare av å sjekka dette ut og av å setja seg litt meir inn i det.
Som om ikkje det var nok så varmar Utflod opp for sjølvaste TAAKE den 8.april på Kvarteret i Bergen! Den kombinasjonen der trur eg blir uslåeleg! Samstundes må eg seie at å sjå dette bandet live heilt sikkert blir ei oppleving i seg sjølv - så finn ut kor dei spelar og få deg på konsert! Event på Facebook finn du her.
Patrick Fardal