Gode kjensler, bølgegitar & Evig Ferie
Der sit du. Svetten renn inne på det grufulle, tette kontoret. Vifta du kjøpte førre sommar fungerer ikkje meir. Den har slutta å gå, akkurat som du har slutta å virke. Kroppen din lengtar etter helg. Hovudet ditt lengtar etter ferie. Du ser at klokka nærmer seg, visaren tikkar treigt rundt i ein sirkel av håplausheit. Korleis skal du koma deg i mål, spør du deg sjølv. Berre ein rapport til, ein tekst til. eit kjipt knekkebrød med makrell i tomat til. Om nokre timar er det ferie.
Dei fleste kan kjenna seg att i denne tankerekka her. Eg har sjølv vore der. Kløa og lengselen etter ferie, solskin, paraplydrinkar og nakenbading i perfekt temperert fjord er det einaste som står fast i hovudet på deg. Evig Ferie er det bandet du skal setta på i det sekundet du går ut av det klamme, innforjævlige kontoret og ut i det fri. Dette er fridom i lydformat. Dette er den paraplydrinken som smakar så friskt og godt i solstolen. Det er den iskalde fantaen du kjøpte i syden som liten. Det er den beste chorizopølsa du nokon sinne har smakt, rett frå grillen med spicy sennep og digg ketchup. Det er nyforelska og spennande klining i kveldssola.
Evig Ferie er eit Oslobasert band med 4 medlemmar i slutten av 20-åra. Alle har røter tilbake til mjøsbyen Gjøvik. Bandet starta opp tidleg i 2020 (takk og lov for det), og sidan det har dei gitt ut eit solid knippe låter innanfor ein udefinert sjanger. Du kan godt kalla det rock, indie eller skrangle-pop, men hovudgreia til bandet er å la mottakaren av lydbølgene bestemme. Gruppa sjølv er einige om at sjangeren kan vere ein salig miks av alle tre sjangrar.
Bandet blei jo som du forstår født midt oppi covid-greia. Likevel har dei spelt live nokre gonger i løpet av 2021 - blant anna på den uoffisielle musikkens dag i Oslo, for eit fullsatt Dattera til Hagen og på Studenter-samfunnet i Trondheim. Bandet blei også leigd inn som underhaldning på etterfesten til Boretunet surf-fest på Jæren i Oktober i fjor. Kalendaren i førjulstida var pryda med oppvarmingsjobbar for bandet Bigbang (!!) rundt om i Noreg - men, som bandet så flott beskriv det; “en sur motvind av statlig regi gjorde at disse ikke kunne finne sted.”
Det er vel ikkje til å leggja skjul på at eg har putta all min elsk på dette bandet. Eg oppdaga dei ikkje før no nyleg - noko eg ser på som ein uhorveleg stor skam. Men me får sjå på det slik; Seint, men skikkeleg, skikkeleg godt.
Evig Ferie beskriv seg sjølv som bølgemusikk som flyt på kjensler. Eg kunne ikkje forklart det betre sjølv. Bølgene tek deg på ein slik måte at du berre flyt bortover utan ein einaste bekymring. Stresset forsvinn frå hovudet ditt og det einaste du vil er å nyta. Nyta kvart einaste riff, kvar einaste tone. Den vrengte gitaren legg seg som eit teppe i hovudet ditt, samstundes som at vokalen er litt baki der, så du må fokusere om du skal høyre teksten.
Sjølv låttitlane skapar bølgebrus her. frå debutlåta “Eneste”, vidare til “Seint i går”, “Holder på med mitt”, “Ustø i huet” (!!) og til nyaste låt “Sofaen min”. Alle titlane kan eg eigentleg relatere til. Det er enkelt, men ufatteleg effektivt og perfekt. Alt er så forbanna gjennomført med dette bandet. Alt klaffar. Grafikken er uimotståeleg kul, titlane er knallbra, livet smiler.
Om eg skal velge ut nokre favorittar må me starta med dei to instrumentale og nydelege låtane “Oslo vet, Pt. 1” og “Oslo vet, Pt. 2”. Eg har ikkje ord for kor utruleg vakkert dette er. Meg og kjæresten min grein litt når me høyrte på dei skikkeleg i bilen her om dagen. Riktignok var me litt reduserte etter ein fuktig kveld dagen før, så kjenslene var ganske så hardt utanpå kroppen. Men fyttisatan! Går det an å skapa sterkare gode vibber enn dette? Det tviler eg skikkeleg på. Gitarane er heilt fantastiske - dette kan eigentleg seiast om alle låtane.
Ellers må me innom “Eneste” som (for meg) er ei powerpop-perle utan sidestykke. Beach Boys i moderne drakt. Surfemusikk. “Vanskelig” er endå ei låt eg kjenner langt inn i sjela. det same gjeld “Seint i går”. Bassen er så fin og triksande. Riffa leikar seg med forsiktige steg framover. Ja, for helsike - det blei seint i går og denne låta er akkurat det du skal høyre på når du går heim frå nach ein tidleg sommarmorgon, uansett om det er ein såkalla walk of shame eller om det rett og slett berre er å spasere gjennom gata for å kjøpa deg ein digg frukost. “Holder på med mitt” er nesten litt punkete, litt meir tøff og grumsete enn mykje anna av det bandet serverer. Eg elsker det. “Ustø i huet” er nok favoritten min (så langt) - for denne er relaterbar som berre juling; “Jeg lever i nuet, og hakke tenkt til å gjøre no’ med det. jeg er litt ustø i huet, men jeg tror det er for seint å fikse det”. Den deilige sommarkjensla kjem sterkare fram her. Det er ferie. Det er Evig Ferie!
Ellers har bandet også sluppe ei plate i 2021 - Gamle Feriebilder. Dette er ein samling av demoar og eldre låtar. “Mjøsa” er skikkeleg nydeleg. Du har utruleg mykje du skal høyre gjennom no, du veit det sant? Lag deg ei speleliste og få gang.
Bandet sin nyaste singel heiter “Sofaen min”. Den kan du sjå her nedanfor. Jaggu har dei ikkje fått med seg råfeite Svartepeeng på denne også. Mjøsa-power!
Eg føler sjølv at eg har klart å få fram kva dette bandet er for meg. Eg håpar verkeleg at du sjekkar dei ut! Speler dei live i nærleiken så er det vanskeleg for meg å forklara med gode nok ord kor viktig det er for deg at du går og ser dei. Tenk deg den stemninga då! Tenk deg dei deilige vibbene. Tenk deg den kjensla.
Evig Lyttar <3 Evig Ferie!
Patrick Fardal