Redaksjonens favorittar frå mars

Sondre

Drongo – 2 

Drongo har selv beskrevet musikken sin som «Norwegian Space Disco», og jeg skal ærlig innrømme at jeg sliter med å komme på en bedre samlebetegnelse på det denne oktetten serverer på sitt andre studioalbum, selv om rockelementene er vel så betydelige. At denne gruppen henter inspirasjon fra artister som Todd Terje, Prins Thomas og Lindstrøm, kommer ikke som noe sjokk. Da jeg attpåtil leste at bandet trakk frem Queens of the Stone Age, MGMT, Lightning Bolt og Charles Mingus som inspirasjonskilder, falt noen brikker på plass. Drongo har et komplekst og fargerikt lydbilde, med klare nikk mot jazz, funk, afrobeat, kraut- og noise rock, ørkenblues og elektronika. Musikken kan være lett og dansbar, men også mørk, seig og mystisk. Drongo er utvilsomt ett av de mest spennende instrumentalbandene vårt langstrakte land har å by på. Fans av Aiming for Enrike vil trolig få seg et nytt favorittband her. «Kongro» er en tidlig kandidat til årets norske låt. 

Andre favoritter: 

Benny the Butcher – Tana Talk 4, Messa – Close, Soul Glo – Diaspora Problems, Aeviterne – The Ailing Façade, Destroyer – Labyrinthitis, Denzel Curry – Melt My Eyez See Your Future, Material Girl – i85mixx21-22, Jenny Hval – Classic Objects, Aldous Harding – Warm Chris, 1 800 PAIN – Their Money is Your Money, Kvaen – The Great Below, Rosalía – Motomami, Damokles – Nights Come Alive, Master Oogway & Henriette Eilertsen – Happy Village, Ibibio Sound Machine – Electricity, Nilüfer Yanya – PAINLESS, Konvent – Call Down the Sun, Absent in Body – Plague God, Team Me – Something in the Making og Lazy Queen – A Human Reaction (EP).

Jarand

Jonas Brekke – Tomorrow’s Avenue

Av ny musikk denne månaden er det Tomorrow’s Avenue som har krevja mest merksemd. Dette er debutplata til Jonas Brekke, eit tilsynelatande nytt og lovande tilskot til norsk americana. 

Gjennom eit knippe veldreide låtar introduserar Brekke seg som stø låtskrivar, men også som ein med tyngde i stemma. Arrangeringa er behageleg, balansen mellom driv og tolmod skapar mykje rom for dei velvalde orda. I tillegg bærer plata preg av luftig og tidsriktig produksjon, noko som går hand i hand med såpass sindig låtmateriale. 

Det er både såre og kjærlege augneblink på plata, kjensleladd utan å bikke over i harry, tankefullt men med beina på jorda. 

I botn ligg det ei blanding av americana, litt country og eit snev av blues. Brekke angrip desse tradisjonelle sjangrane på eit meir moderne vis, og har evna til å tøye nok med rammene. «Let Love Be Love» er eit godt døme, der låta strekk seg ut mellom versa, og får eit ganske svevande uttrykk. Det må også nemnast at gitarlyden er heilt strålande, nesten til å verte misunneleg av. Tomorrow’s Avenue rundast av med eit nedstrippa livespor, eit verdig punktum på ei elles solid debutplate. 

Andre favorittar: Drongo – 2, Jarle Skavhellen – Monochrome Sunset

Marius

Abbath – Dread Reaver

Ja, nei, altså. På eit plan så veit ein jo kva som kjem frå Abbath. Samstundes er katalogen han har vore involvert i etter kvart blitt ganske variert - sjølvsagt med isnande, beinfrosen svartmetall som fellesnemnar. Plata, som eg tolkar som sjølvtitulert (dread reaver = fryktrøvar = verdas beste omtale av Abbath), har eit heilt absurd cover og er i det heile teke litt som å bli klaska i andletet med ein frosen torsk: Kaldt, hardt, tidvis ubehageleg, overraskande og underhaldande - men kanskje ikkje akkurat genialt. Med eit Metallica-cover ombord landar plata ein plass mellom Immortal, Mötorhead, Bathory og Kiss. I fall du har nokon som helst interesse i nokre av dei orkestera, så bør du gje Dread Reaver ein runde på platespelaren. CRAB WALK!

Åsmund

Helpless - Caged in Gold

Helpless er en britisk trio som er ute etter blod og mørke. Caged in Gold er gruppas andre plate og sammen med bandkollegaer som Cruelty, Heriot, Svalbard og Wowod på Church Road Records er de med på å skape en helt ny, hovedsakelig britisk ekstremmetallbølge som jeg virkelig håper vil påvirke resten av metallverden.

Brutalitet og er stikkordet her. Dette er skiva som får faren din til å miste troa på ungdommen etter at han har brast inn på rommet ditt og bedt deg skru ned den apemusikken fem hakk. Det grindcore-aktige, men samtidig tynne og noe punkete lydbildet trenger igjennom marg og bein. Vokalprestasjonen, spesielt i låtene “Single File” og “Focus Group Extraction” er rett og slett enestående. Det er ikke det at spekteret i vokalstilen er noe å snakke om, men at det du får er så innmari solid. Musikken er jævlig hard, men ikke så veldig tung. 

I likhet med Svalbard er Helpless også “flyktninger” fra det oppløste plateselskapet Holy Roar Records, som ble oppløst etter flere anklager om voldtekt og seksuell trakassering mot eieren av plateselskapet. Church Road Records har tatt imot flere av “flyktningene” med åpne armer og fortsetter å signere banebrytende artister på sin roster av noen av de mest fremoverlente og ekstreme bandene per dags dato. Det er vel det det gjør med deg å komme fra den delvis nedlagte byen Plymouth i Sør-England, der hjørnesteinsbedriftene er et casino, en strippeclub og en marinebase. Aldri så galt at det ikke er godt for noe si. 

Med tydelige inspirasjoner fra band som Converge, Goreguts og KEN mode, tar de lydbildet et hakk videre, til et noe mer polert, men på en merkelig måte enda mer brutalt nivå. Sterkt.

Konvent - Call Down the Sun

All ære til vår eminente redaksjonsleder og spirituelle veiviser for å ha introdusert meg for dette danske dyret. Denne firkløveren fra Køben fikk sin spede begynnelse i 2015 og er nå ute med sin andre fullengder. Herre satan så brutalt dette er.  Der Helpless er hardt er Konvent definitivt tungt. Ingen tvil om det. 

Alle elsker doom, det er jo en kjensgjerning. Men dette er noe enda mer esoterisk og mørkt, nemlig dødsdoom. Død og dommedag samtidig. Jeg gir meg ende over. Det er så seigt og tungt at maling flasser fra vegger og tak når du spiller dette i stua di. Den runde, rungende og dype growlingen vokalist Rikke produserer syder mørke og er det mest karakteristiske ved denne plata etter min mening.   

Den gryende danske metallscenen er på full fart mot nye høyder. Dansk metall for meg var alltid tynn, uinteressant og på grensen til ikke eksisterende før band som MØL, Kollapse, Afsky og Xenoblight åpnet øynene mine for denne scenen. Konvent viste meg en helt ny side av dansk bråkemusikk. Dette smeller så hardt at du må sove med lyset på i en uke etterpå. Det formelig ryker av øra dine etter en gjennomlytting av Call Down the Sun. “Sand is King” og “Pipe Dreams” er mine personlige favoritter fra skiva, hvorav sistnevnte er den åpenbare smelleren på skiva. 

Andre album:

Soul Glo - Diaspora Problems, Fieh - In the Sun, In the Rain, Drongo - 2, Messa - Close, Master Oogway, Henriette Eilertsen - Happy Village

EP

Utflod - Undergang

Låter

Heriot - Profound Mortality, Tvivler - Dagdrømmer, Conjurer - It Dwells, Baksaas + Høyer - 1111, Rat Lord - I Am The Wack Blizzards, Teksti-TV 666 - Kapteeni, Ufomammut - PSYCHOSTASIA, Waist a Saint - I See you Disappear, Yatra - Terminate by the Sword, Hypermass - The Degenerate Strain

Patrick

Om ikkje det var for at vår sylskarpe skribent Åsmund allereie har skreve om Konvent rett over her, så hadde eg hatt eit sterkt behov for å velgje den plata som min favoritt frå mars. Men, eg kunne ikkje ha skreve det betre sjølv. Malingen flassar frå veggane i hytt og pine her heime! Men ja, den er som du kanskje skjønar ein skikkeleg favoritt. Call Down the Sun er ei plate alle skal høyre.

Det har kome uhorvelege mengder med råbra musikk i mars. Den månaden var rett og slett ein godtebutikk! Longfield & Super Skeleton slapp den heilt ustyrleg fengjande låta “Parasite”. Teksti-TV 666 kom endeleg attende med nytt materiale etter den interne opprenskninga (no har dei 8 medlemmer, der eg trur 6 er gitarar). Låta “Kapteeni” er eit latterleg deileg gjensyn med dette finske rockeorkesteret. Fantastiske og sagnomsuste Aromatic Ooze frå Nord-Noreg slapp den eventyrleg feite låta “Questgiver” - ei låt som sender deg direkte tilbake til 70-talets glade dagar og syretrippar både her og der. Psych-garasjerock av den beste sorten, der altså. Slepande riff, deilig driv og ein draumande vokal som gjer at ein verkeleg kan byrje å tvile på kva som er ekte og ikkje. Det einaste som manglar her no er at eg plutseleg er med i Fear and Loathing in Las Vegas eller noko slikt. This is bat country, man! Av ein eller anna grunn ser eg også føre meg at denne låta kunne vore med i The Big Lebowski - om The Dude var endå meir “ute” enn han er. Kanskje ein litt meir røff Dude? Ein litt villare Dude? Uansett - sjekk ut Aromatic Ooze med ein einaste gong.

The Doomsday Party slapp EPen The Earth is Flat, Rock Is Dead And Bob’s Yer Uncle. Her finn du blant anna låta “I’m Black Metal” og “Beach Boy”, to solide favorittar. Det der er eit dødsrått band som samlar alt det gode frå nostalgiske rockehjørner og smører det saman til sin eigen greie.

Rotten Mind kom med fullengdaren Unflavored. Den plata er heilt hinsides. Eg skreiv ein anbefaling på den for ei tid tilbake - her er eit utdrag: “Det stemmer heilt at Rotten Mind har teke fleire nydelege sjangrar og gjort det om til sin eigen blanding. Alternativ punk med ein mørk ettersmak. Her får du gitarar og stemning frå band som Masshysteri, Hurula og Vånna Inget, trommer og bass frå post-punkens gudfedre og den alltid så sterke svenske toppen på kransekaka.” - Eg treng ikkje sei meir, vel?

Utflod kom også med EPen Undergang denne månaden. For ein maktdemonstrasjon av ein EP! Uhorveleg viktige tema pakka inn i skikkeleg botnsolid hardcoremetall; “Vokalen til Oda Førde Braanaas er så forbanna og intens at den dreg meg rett tilbake til det hardcore var før i tida - slik det skal vere, liksom. Det same med gitarane og trommene - det er maks vreng, illsinte trommer og ein eineståande driv.”

Men hovudgreia mi frå mars må berre seiast å vere bass&tromme-duoen 1234!. Ikkje berre slapp dei ein helvetes debut (Power and Speed), men eg var så heldig å få sjå dei live rett etterpå. For eit brak! For ein kraft. Eg skreiv om denne plata her også for litt sidan; “Eg tullar ikkje når eg seier at du blir litt tøffare, litt modigare og litt meir “gi faen” når du høyrer på 1234!. Rockefaktoren er høg og knyttneven beveger seg raskt. Dette er ei plate som tyter over av feite, gromme basslinjer, kraftfulle trommer og tøff, skitten vokal. Meir treng du ikkje eigentleg ikkje. Plata er også som nemnt spelt inn live - dette er utelukkande positivt. Det er omlag som om du står i rommet mens denne duoen river ned veggane rundt deg. Får du moglegheita må du berre få sett dette live - dei er klare for konsertar.” - Få det høyrt, få det sett! Skaff deg den opplevinga om du får moglegheit.

Takk for meg.

Redaksjonen