Bekmørk påskemesse full av kjærleik - Rongeur @ Gamlebyen Kulturhus (8.4.22)
Dei fleste som les Evig Lyttar har fått med seg Rongeur. Du veit, det bandet som slapp ein av dei hardaste fullengdarane i 2021 - Glacier Tongue. Den plata der er så stappfull av hardtslåande trommer, riff frå dei mørkaste, djupaste sirklar og to uhorveleg grufulle og desperate stemmer. Eg har aldri hatt gleda av å få sjå denne trioen live, men den gleda fekk eg førre fredag - på nydelege Gamlebyen Kulturhus. Dette skulle visa seg å bli ei påskemesse av den bekmørke, kraftfulle sorten.
Det er ikkje til å leggja skjul på at oppmøtet var dårleg denne kvelden. Fleire i Fredrikstad og omegn skulle ha teke turen - for det hadde bandet fortjent. Men! Dei publikummarane som hadde teke turen var heilt med frå start til slutt. Rongeur hadde menneska i salen tvinna godt rundt lillefingeren etter første låt. Dette var ein maktdemonstrasjon, kjære folk. Forholdet mellom band og publikum kan berre beskrivast som det forholdet mellom to gode kompisar som heiar på kvarandre og som berre vil hausa opp stemninga seg imellom. To fandenivoldske jævlar som pushar kvarandre fram og opp. Her var det ein salig miks av kjærleik, mørke og utruleg god humor.
Det er mange ting eg kan sei om dette bandet og det showet dei skapar. For det første så må me ta føre oss vokalen. Stemmene til Dag Ole Huseby og Audun Gjelstad Jakobsen passar utmerka med den sounden bandet skapar. Audun gir deg gåsehud langt nedover ryggen med sine desperate, heimsøkande skrik og Dag Ole sparkar deg godt i mellomgolvet med sin illsinte strupe. Riffa sat også som det skulle denne kvelden, sjølv om eg skulle likt å høyre meir av bassen.
Det var nokre parti der som kjentes ut som kvikksand. Noko så seigt og doomete er det lenge sidan eg har fått høyre live. Heile rommet kjente på pulsen denne kvelden her. Heile rommet kjente både magasuget og seigpininga. Det var som om bandet tok oss med heilt på toppen på ein av dei karusellane som er så skumle å køyre, for så å dingle oss utanfor stupet i nokre sekund før dei slapp oss. Kvar einaste gong me fekk pusta blei me søren meg drege ned att i djupet. Verdas beste kjensle!
Ein svær del av magasuget må me takka trommemester Jon Dahl Tveter for. Herrefred for ein takt, for ein slagkraft! Det såg eigentleg ikkje ut som at han tok så ille hardt i, men her var det kraftsalve på kraftsalve, både på dei seige og dei kjappe partia.
Dette var ein kveld eg seint vil gløyme, folkens! Sjølv om me var få i publikum blei det ein skikkeleg fest, ein skikkeleg respons. Om du får moglegheita til å sjå dei live så gjer du det.
Tusen takk, Rongeur!
Patrick Fardal