TwoMinutesHate - It's Not The Fall That Kills You, It's The Humiliation
Musikkvideoen ligg nederst i artikkelen
Den nye Oslobaserte poppunk-kvartetten TwoMinutesHate seier sjølv at dei er ei gruppe som stiller bevæpna til tenna med melodiar som penetrerer hjernebarken din. Dei er tydeleg prega av meir enn eit halvt liv med Blink 182 på soveromsveggane og NOFX på discman’en (dette kan eg kjenna meg skikkeleg att i!).
Punkebandet består av Samantha A. Miserée på vokal og rytmegitar, Helene C. Kunz på bass og vokal, Øystein H. Gravdahl på leadgitar og backingvokal, Sondre L Paulsen på trommer og perkusjon (Preben S. Andersen har bidratt på piano, men er ikkje ein medlem av bandet).
TwoMinutesHate starta opp rett før pandemien slo til, og etter å ha overlevd både karantene og restriksjonar slapp dei debutsingelen “It's Not The Fall That Kills You, It's The Humiliation” tidlegare i sommar på Fucking North Pole Records. Låta får no selskap av ein tilhøyrande video!
Det er lenge, lenge sidan eg høyrte på denne typen musikk, men med ein einaste gong riffet i denne låta startar blir eg sendt tilbake til 2008 og toget på veg til punkefestivalen West Coast Riot i Gøteborg. No Use For A Name, Strung Out og Teenage Bottlerocket er solide referanser her som eg ikkje klarar å koma vekk ifrå. Noko dreg meg rett til Bouncing Souls - “Lean on Sheena” også, utan at eg heilt kan forklara kvifor.
Kor er punkebeltet mitt, NOFX-hettegensaren og dei baggy, avklipte buksene mine? Kor er hanekammen, Converse-skoa og Tom DeLonge-neglelakken min? Dette er skikkeleg nostalgiske greier som får fram mange gode minner! Perfekt musikk på sommaren er det også.
Kjærleik i lufta!
Musikkvideoen er filma av Yann Belov og Inger Lise Gjerdebakken, redigert av Yann Belov. Konsertar filma er frå Kongsvinger Pride, Kongsvinger Rådhusplass (18.06.22 av Yann Belov) og Punk’n Prog på Stasjonen, Ås Stasjon (21.05.22 av Inger Lise Gjerdebakken).
Patrick Fardal